Main menu:

Den evige dissidenten (2010)

(Intervju i Klassekampen/Ronny Spaans/lørdag 11.12.2010.)

 

 

– Måndag misser du trua på helvetet, tysdag sluttar du å tru på jomfrufødselen, onsdag trur du ikkje lenger oppstoda. Det berre datt av.

– Vart du ateist?

– Nei, eg vart hengande i ein slags teisme, ei vag tru på ei makt som vi ikkje kan gripe. Og eg byrja lesa Pax-bøker, og så kom Vietnam-krigen.

 

 

Kaj Skagen fortel om korleis han tapte barndomstrua i 1967. Kva hadde skjedd? Skagen var 17 år. Han hadde vore eit halvt år ved ei frikyrkje i England. Der hadde han snekra og måla vegger på kyrkjebygget.

– Englandsopphaldet vart fatalt for skulegangen min. Då eg kom tilbake til Kragerø Gymnas, greidde eg ikkje innrette meg. Eg kunne ikkje fatte kva eg hadde her å gjera. Eg hamna i ei krise. Det sat så djupt i meg at vart fysisk sjuk.

– Eg fekk frikort på skulen og vart hengande på hybelen i eit halvt år utan å gjera noko eller tenkje på nokon ting. Eg var komen i ein dødliknande, letargisk tilstand.

Det var då han hadde den religiøse krisa.

– Eg gjekk inn i denne lange svevnen som truande og vakna opp som tvilar. Eg gjekk ut og skaffa meg bibelkritisk litteratur, eg minns at eg leste Philip Houm sine bøker. Eg ville vidare i livet og frigjera meg frå fortida.

Skagen hadde vore aktiv i indremisjonen og var sprenglesen på Bibelen og oppbyggjeleg litteratur.

– Eg heldt jamvel preiker både på bedehusa og i metodistkyrkja. Eg var ein slag lågkirkeleg wonderboy. Eg skulle bli prest.

– I den norske kyrkja?

– Ja, men eg var ikkje framand for å reformere heile den norske kyrkja.

Men slik vart det ikkje. Kaj Skagen vart forfattar. Men det profetiske lyndet tok han med seg. Kaj Skagen blir rekna som ein enfant terrible i norsk litteratur. Han er kjend for det skarpe blikket sitt og kritikken av skeivskapar i det norske samfunnet.

 

Namnet Skagen lyder bergensk. Det er her han har røtene sine og det er her han bur i dag. Men livet hans har vore merkt av rastlaus flytting.

– Fars familie stammar frå Skage gard som låg i Blomsterdalen ikkje så langt frå der Flesland ligg no. Denne garden fins ikkje lenger, men fans for åtte hundre år sidan, så eg har lange røter på vestlandet. Men farfar la til ein ”n”. Han tykte Skagen høyrdest betre ut enn Skage.

Far til Kaj Skagen var lærar med fortid som kunstmålar. Han treivst best der han ikkje hadde overordna over seg. Han søkte seg til småstadene og var rektor heile tida, fortel Skagen. Slik vart det til at Skagen voks opp på austlandet.

–  Er det ein stad eg assosierer med barndom, så må det vere Nedre Eiker i Buskerud, der eg gjekk på folkeskulen. Vi budde der lenge, om lag 5-6 år.

Men det bar på flyttefot att. Far fekk arbeid i Kragerø, og der gjekk Skagen på realskule og gymnas. Og der opplevde han den religiøse krisa. Han måtte bort. Det førde forfattaren vidare til Oslo.

– Eg hadde høyrt om Forsøksgymnaset i byen. Eg fór direkte inn til Oslo, opp til Hammersborg, og opp tre etasjar, til der skuleleiaren Mosse Jørgensen sat, og banka på døra og sa: Eg må få byrja her. Eg kan ikkje gå på vanleg skule.

Ho såg på meg, fortel Skagen. Langt hår og bleik, kan det vera at han går på stoff, tenkte ho vel.

Men Mosse Jørgensen såg det var noko ved karen. Ho tok han inn som elev. Her fann Skagen vener. Og her fann han gode lærarar, som Johannes Gjerdåker og Erik Melvold.

Men likevel vart det heller ikkje denne gongen eksamen på Skagen. Tidspunktet var 1968. Det var midt i den radikaliserte tida. Det gjekk føre seg ein kamp om leiarskapen i NGS, Noregs gymnasistsamband. Ei anarkistgruppe frå Forsøksgym freista kuppe leiarskapen. Terje Nypan og andre spurde Skagen om å vera leiaren.

– Eg vart formann i NGS / EU i Oslo. Arbeidet i frontorganisasjon var ein heildagsjobb. Samtidig byrja eg å skrive. Eg ville bli forfattar. Skulearbeid vart det ikkje tid til.

 

Men Kaj Skagen fann seg ikkje til rettes mellom ml-arane heller.

– Først vart eg riven med. Men ein gong vart eg sitjande og tale med leiarar i rørsla. Då merka eg på den ideologiske praten deira at dette ikkje var noko for meg likevel.

Det førde til den andre krisa i livet. Skagen ville prøve andre revolusjonar. Han fylgde andre grensesprengande retningar som gjorde seg gjeldande i dei radikale åra.

– Eg søkte meg til bohem- og hippiefraksjonen av det radikale opprøret. Det psykedelisk orienterte miljøet. Ved hjelp av meskalin og LSD ville eg attom sivilisasjons-slagget. Den psykedeliske ideologien lova  direkte røynsle av realiteten slik han verkeleg er.

– Og det fekk du?

– Tvert om, eg heldt på å døy. Siste gongen eg gjekk på LSD, tapte eg alt samband med realiteten. Eg løp rundt i Oslo sentrum igjennom natta og hadde gløymd at eg var rusa. Reint tilfeldig støtte eg på ein ven. Den natta kunne mykje ha gått gale.

 

Skagen hadde flaks. I staden for å finne realiteten, hadde han nær mista den heilt, men fekk redda seg.  Sidan har han ikkje prøvd stoff, vedkjenner han, men grenseopplevinga var med på å gjera han open for ein røyndom større enn det vi ser her og no.

– Det var òg noko med miljøet den gongen. Det var ikkje godt å vera sikker på kva som kva lenger. Eg var omgjeven av teosofar, anarkistar, antroposofar, hippiar, swedenborgianarar – galningar av ein kvar observans. Heile den okkulte vestlege tradisjonen i tillegg til indiske orienteringar. Ein blir nyfiken.

Desse ungdomsopplevingane har fulgt forfattaren Kaj Skagen. Han har gjeve ut ei rekkje diktsamlingar og romanar. Ein fellestrekk ved dei alle er interessa for det metafysiske. Vi kjenner han frå tidsskriftet Arken, som han redigerte i lag med Peter Normann Waage i 80-åra. Mest kjend er han kanskje for kampskriftet Bazarovs barn frå 1983, eit oppgjer med den kulturradikale og marxistiske 1970-tals litteraturen.

– I boka vende eg meg mot den glade materialismen. Det er ein slags religion det òg, med eigen trusvedkjenning og inkvisisjon. Marxistane var få, men dei dominerte kulturfeltet. Om konservative aviser som Aftenposten hadde mange lesarar, hadde dei ingen argumentasjonskraft. Det fanst ingen reell opposisjon.

– Er det nokon spesifikke forfattarar boka vender seg mot?

Bazarovs barn teppebomba heile feltet. Men eg gjorde alt då unntak for Dag Solstad.

– Kvifor?

– Solstad var for meg heilt klart og tydeleg ein sekularisert kristen mystikar. Det går fram av alle romanene hans. Dette skreiv eg om så tidleg som  i 1979.

Solstad høyrer ikkje til dei glade og tilfredse materialistar, men dei ulykkelege materialistar, slike som er metafysikarar utan Gud, seier Skagen. Dei godtek den vitskapleg-rasjonelle forklåringa av verda, men kan samtidig ikkje leva med henne.

– Det er desse menneska som Georg Lukacs kaller transcendentalt husløyse. Dei har forkasta kristendomen, og kan ikkje anna enn å godta det vitskaplege verdsbiletet og lite på fornufta, men er sjølv ikkje nøgd med dette.

Skagen avviser ikkje denne posisjonen, men meiner den er eit framifrå utgangspunkt,  for ein kunstnar.

– Denne husløysa er meir interessant enn dei som har eit hus dei vil misjonere andre inn i.

Transcendentale hushaiar vil vi ikkje ha! Glade radikalarar har ikkje meir å by på enn lykkelege kapitalistar. Men transendental husløyse er kunstnarleg og idemessig potent. Det er der det skjer noko.

Bazarovs barn skapte rabalder i norsk litteratur. Det er ikkje vanskeleg å finne korkje sleivspark eller godord om boka, endå ho kom ut for 27 år sidan. Og dette er ikkje den einaste boka hans frå åttitalet som enno vekkjer sterkje kjensler.

 

Då Skagen var 28 år, var han ferdig med det fysiske og åndelege nomadetilværet på Austlandet. Han flytta til Bergen, tilbake til røtene. Der vart han tilbydd eit husvære midt i sentrum. Fyrst som leigebuar. Sidan fekk han kjøpe det. Her bur han i dag med kone og tre barn.

Barna har prega kvardagen hans i mange år. Men barna tek ikkje arbeidstida, seier han, dei tek all den tida og alle dei pengaene som elles ville blitt svidd av på rangel. Dermed tener alle på saka.

Tid til arbeid det ha blitt. Forutan å ryste det norske litteraturlivet eit par gonger, utgje og redigere tidsskrift, drive polemikk og halde føredrag, har Skagen sidan debuten i 1971 skrive omlag tjue bøker i fleire sjanger. Omstridd er han, og kritikken av bøkene hans gjeng helst i alle retningar. Eit par prisar er det òg blitt.

 

Kaj Skagen blir òg assosiert med antroposofien og Jens Bjørneboe. I haust kom andre bandet av Tore Rems Bjørneboe-biografi ut, Født til frihet. Skagen har i avisinnlegg og bokmeldingar ytra seg kritisk til begge banda.

– Samtidig med Bjørneboe-debatten vart det retta kritikk mot ein annan antroposof, Alf Larsen. I Morgenbladet vart det peika på ei ukjend antisemittisk side ved Larsen.  Antroposofien stod under åtak frå to frontar. Var det heldig?

– Redaktøren av Morgenbladet skulle sagt: Den debatten tek vi, men fyrst når Bjørneboe-debatten er over, for desse debattane skulle ikkje vortne blanda.

– Vi skal ikkje repetere heile debatten. Men kjernen gjeld påstanden om det antisemittiske innslaget hos antroposofane. Er denne påstanden urimeleg?

– Slik eg ser det, låg det ein personleg agenda attom kritikken. Nokon ville knytta den pensonlege antisemittismen hos Alf Larsen til Steiner og antroposofane. Men det stend fast at Steiner på 1890-talet, i ei tid med mykje antisemittisme i Tyskland, skreiv fleire gonger i organet for foreininga mot antisemittisme, og kalla antisemittismen for ein «korrumpering av den logiske tenkinga». Gjennom førti år har eg ikkje støtt på ein einaste antisemitt i det antroposofiske miljøet i Norge.

– Men var det ikkje eit vonbrot å få vita at ein så markant antroposof som Alf Larsen var heilhuga antisemitt?

– At Larsen var antisemitt, er ikkje nytt. Det stend å lesa alt i Henri Werring sin Larsen-biografi frå 1997. Men eg vart overraska over krafta i jødehatet hans. Eg var ikkje klår over kor djupt vanviddet stakk i han. Men eg vart ikkje vonbroten, for Larsen har aldri vore min mann. For meg var han altfor autoritær. At han var jødehatar var kanskje ikkje så rart – han hata jo alt og alle.

 

Om Kaj Skagen interesserer seg for antroposofien, er han sjølv ikkje medlem av noko antroposofisk selskap.

Og tilhøvet hans til rørsla har mildt sagt vore turbulent. Det var det alt frå byrjinga av. Om møtet med Steiners filosofi var kjærleik ved fyrste blikk, så vart denne kjærleiken snart svært bittersøt. I 1971 reiste han ned til Goetheanum, det antroposofiske templet i Sveits, for å undersøkje rørsla nøyare.

Men då han kom til Amsterdam, oppdaga han at han hadde fått ein kjønsjukdom. Planen var reise innom Paris før han vende nasen austetter mot Sveits og Goetheanum. Men Skagen endra ruta:

– Nei, faen, no reiser eg beinveges til Goethenaum. Der kryr det jo av helbredarar!

Då han kom dit bad han om lækjar. Men det skulle han aldri ha gjort. Ikkje berre vart spørsmålet møtt med eit skræmd blikk, men lækjaren som omsider kom, var ei eldre dame. Han fortalde henne kva som feilte han.

”Zwischen den Beinen”, ”sehr schwer”, kom det forfærd frå henne, medan ho gjekk sakte ut.

Lækjaretisk var åtferda hennar svært kritikkverdig, fortel Skagen. Ho sprang opp til leiinga og fortalde alle at det har kome ein med ein smittsam sjukdom.

– To menn kom og henta meg. Dei førde meg inn på eit lukka kontor. Herr Skagen, sa den eine, De er svært sjuk. De kan smitte alle her! Sie müssen Goethenaum augenblicklich verlassen!

Dette hende for førti år sidan. Skagen har ikkje reist dit sidan. Den gong kasta dei ut ein rennesteinshippie. Dei kunne ikkje ana at lasaronen skulle bli ein kjend forfattar, som nokre år seinare skulle skildra hendinga i romanen Barføtt gjennom Europa.

– Ber du nag til antroposofane?

– Nei, men episoden i Sveits sette vel ein tone til relasjonen min til den antroposofiske rørsla, som har stendig har fylgt meg. Eg ser på hendinga som ironisk førehandskildring av ein desillusjon eg kom til å oppleva i seinare år.

 

Med artikkelen ”Slik dør Steinerskolen” (2003) starta han ein debatt om steinerskulane i landet. Skagen skreiv at steinerpedagogikken var i ferd med å forsvinne frå mange av steinerskulane. Grunnen var personlege opplevingar, men óg kva han etterkvart fekk høyre frå mange kantar.

– Vi hadde ungane våre på ein steinerskule i Bergen. Det var her eg vart vonbroten. Men eg må få seie at det tvillaust óg finst vellukka steinerskuler. Alt avheng av lærarane og leiinga ved kvar einskild skule. Men eg venter meg ikkje lenger så mykje som eg ein gong gjorde. Den antroposofiske motkulturen var den siste sosiale utopien min. Men når ein ikkje lenger finn å kunna tru på slike utopier, vert det dess viktigare med spelerom for einskildindivid og mindretal. Når dei store utopiene fell, må det gode realiserast litt for litt, her og der, på personleg vis. Det krev eit liberalt samfunn der forskjellige livsformer og tenkemåter, nye institusjonar og initiativ kan få plass. Då må både statlege, økonomiske og åndelege monopolar oppløysast.

– Men du har ikkje distansert deg heilt frå antroposofien?

– For tolv år sidan byrja eg på ein kort introduksjon til Steiner. Denne korte introduksjonen har no vokst til over 1 000 boksider, og eg er vel omlag halvveges. Eg fann tidleg ut at arbeidet med dette stoffet ikkje handla om å belære andre, men å belære meg sjølv. Det synest ikkje å vere mogeleg å forstå Steiner utan i samanhengen med dei kulturelle og idemessige rørslene i den nære fortid og samtida hans: Den tyske idealismen, Goethes naturvitskap, nykantianisme, Nietzsches tankeverd, dei naturvitskaplege filosofiene kring århundreskiftet. Soleis er åra gått.

– Eg skulle vore ferdig ganske lenge no. Forlaget har varsla at det kjem ein medarbeidar til jul og hentar manuset.