Main menu:

Undersider for Artikler:

Den fæle fortida

Sidan 2014 har leiinga for seks bibliotek i kommunen Botkyrka like ved Stockholm luka ut og magasinert eller øydelagt fleire titlar frå boksamlinga grunngjeve med at bøkene har diskriminerande innhald eller stereotypiar av folkeslag. Biblioteket i Malmö har knytt til seg referansegrupper av «rasifiserte» grupper som til dømes Afrosvenskarnas Forum för Rättvisa og Romsk Informations- och Kunskapscenter, som skal «bidra til at biblioteksledelsen gjør fornuftige vedtak i forhold til rasifiserte gruppers perspektiv», og påverka biblioteket når det gjeld «verdigrunnlaget som ligger bak medieinnkjøp», fortel den svenske journalisten Jesús Alcalá i ein artikkel i Samtiden.

Slik utreinsking av litteratur som bryt med dei rådande normene i samtida, er del av eit større bilete. På juridisk fakultet ved Stockholm-universitetet har ein rydda bort bileta av «eldre hvite mannlige professorer» på veggene, fordi dominansen av denne typen professorar, som rett nok er historisk korrekt, er politisk ukorrekt fordi einsidigskapen gjer at ikkje alle på fakultetet kan kjenne seg inkluderte. På ei nettside utvikla av den norske mannspolitiske organisasjonen Reform, som lever på ei årleg statsstøtte på over fire millionar kroner, finn ein lister over skandinaviske barnebøker der omslaga er utstyrde med emojiar med blide eller sure fjes, alt etter om boka utfordrar eller stadfester «tradisjonelle kjønnsnormer».

 

I USA vil amerikanske studentar ha åtvaring, såkalla trigger warning, mot støytande innhald i pensumlitteratur. Her er grunngjevinga at dei unge kan vera traumatiserte etter tidlegare seksuelle overgrep eller anna vald og kan gjenoppleva overgrepa gjennom skildringar av valdtekt eller kvinneforakt i romanar. Til dømes skal det no gjevast slik åtvaring til studentane før dei les F. Scott Fitzgeralds Den store Gatsby fordi romanen inneheld parti med kvinneforakt.

 

DEN REVOLUSJONÆRE LIVSSYKLUSEN

I artikkelen «Free Speech & the Modern Campus» seier den amerikanske kulturkritikaren Camille Paglia at aksjonane for å gjere verda politisk korrekt ved å fjerna avvikande kunst- og tankeuttrykk i både samtida og fortida er «eit føreseieleg trekk i livssyklusen til dei moderne revolusjonane», der den franske revolusjonen i 1789 syner grunnmønstret: Den fyrste revolusjonære generasjonen styrtar eit fossilisert establishment. I den etterrevolusjonære fasen slåst dei revolusjonære mot kvarandre, og her hender det at folk vert forfylgde eller avretta. Den som går sigrande ut av den etterrevolusjonære borgarstriden, stig så opp til ny herskar i ei ny oppføring av det gamle regimet som vart styrta. Det er denne tredje runden som er fasen for det politisk korrekte.

 

Det er Paglias meining at dei tendensane til moralsk og ideologisk grunngjeven sensur som vi no har i vestverda, kjem av at den kulturelle 1968-revolusjonen har gått over i forfallsfasen, den tredje runden med byråkratisk gjennomføring av storkna prinsipp. Livskrafta i den opphavlege revolusjonen er no borte og vorten til slagord. Makta ligg hjå byråkratar, partifunksjonærar, administratorar og etterplaprarar. Dei opphavlege ideane om frigjering, sjølvrealisering og brorskap har mist det ekte innhaldet sitt og er vortne til trusartiklar og påbod som skal gjennomførast med list og makt.

 

Eit kulturoppbrot som i 1960og 70-åra i høg grad var eit opprør for fri tale og fritt uttrykk og mot moralismen og konformismen på høgresida, er vorte vrengt til ein brei front for undertrykking av upassande idear, aksjonar mot uynskte føredragshaldarar, sensur av bøker og andre kunstuttrykk, skriv Paglia. Det er det nye regimet som konsoliderer seg.

 

KRIGEN MOT FORTIDA

Alle idérørsler stivnar før eller sidan i dogmatiske former og autoritære strukturar. Det gjeld sjølvsagt òg 68-opprøret. I konsolideringsfasen til slike rørsler gjeld det for den sigrande og byråkratiserte makta å rydda ut alle konkurrerande ideologiar, institusjonar og miljø som kan verta bruhovud for ein reaksjon. Framom alt vil ein retusjera og helst fjerna den førrevolusjonære fortida, som er full av vitnemål om at eit anna liv ein gong vart levt og annleis tankar tenkte. Slik ser ein til dømes at autoritære regime alltid skriv om historia i tekst og bilete, såleis som Stalin-regimet fjerna opponentar etter kvart som dei fall i unåde, ikkje berre frå dei levandes tal, men òg frå faktiske fotografi.

 

Eit døme på noko av den tenkjemåten som ligg bak slik kulturrevolusjonær handlemåte, er artikkelen «Hva skal vi med Noah-fortellingen om drukning og en brutal guddom? » i Aftenposten 10. mai av Jan Christian Kielland, prest i Den norske kyrkja. Kielland høyrer ikkje til dei som vil nytta maktmiddel for å få verda og historia til å sjå betre ut enn ho er, men han tenkjer om eldre kulturuttrykk på same vis som dei som vil fjerna dei. Han vil verna sine eigne born mot syndflodsforteljinga og åtvarar andre foreldre mot henne. For forteljinga syner oss ein grufull gud som «drukner mennesker, planter og dyr», skræmer born med at det kan koma ny storflaum, og verkar «ekskluderende» ved at nokre vert berga medan andre druknar, noko som er ein «teologisk legitimering av skillet mellom ‘oss’ og ‘dem’, de ‘gode’ og de ‘onde’», som han skriv.

 

Dimed har han sjølvsagt berre flytt dette skiljet til ein annan plass, nemleg mellom dei som held oppe eit slikt skilje (dei vonde), og dei som vil ha det bort (dei gode). På den rette og gode sida er den reine kristendomen som berre handlar om Kristus og nåde for alle; på den vrange og vonde sida er jødedomen med ein «brutal guddom». Slik dukkar tilmed eit antijudaistisk aspekt opp på den «gode» sida, mest som ein ufriviljug ironisk bodskap om at det ikkje lèt seg gjera å reinsa korkje framtida, samtida eller fortida frå det vonde.

 

SYNDFLODA

Undersøkjer ein dei eldre kulturuttrykka nærare, kan dei vera ein kommentar til vår tid som går djupare enn dei fleste kommentarane i dagspressa. I den hebraiske bibelen vert Noahs ark og den sivkista som mor til Moses la spedbarnet i på Nilen for å berga livet hans frå egyptarane, som drap alle israelittiske nyfødde, omtala med same ord, tebah. I begge høve handlar det òg om at truga liv vert berga. Urkristne katakombebilete syner Noah-arka og Moses-kista saman og i tilnærma same storleik, noko som kan tyda på at desse symbola vart forstått saman, og då nett som livberging i prekære tider der ein sivilisasjon eller heile manneætta vert truga.

At Gud i Bibelens syndflodsforteljing er eit allmektig, handlande subjekt som vilkårleg set seg føre å utsletta menneska med unnatak av Noahs slekt, er eit forteljarteknisk grep. Årsaka til flaumen og undergangen er ikkje Guds vilkårlege luner, men utviklinga i den menneskelege kulturen på jorda. Både i Genesis og i jødiske segner talar ein om vidtgåande «forderving» av jordelivet heilt inn i det kroppslege, som årsaka til storflaumen. Det er den menneskelege kulturen som fører øydelegginga over seg sjølv. «Gud» er berre det litterære elementet som gjer historia lett forståeleg.

 

Slik må ein òg sjå på Noahs rolle i dramaet. Kva er det som gjer at ikkje han òg vert råka av flaumen slik at alt liv på jorda døyr ut? Noah gjennomskodar det øydeleggjande i sin eigen samtidskultur, held seg fri frå han, skjønar kva han vil føra til, og tek sine åtgjerder. Til lått og spott byggjer han ei anna livsverd, ein ny kultur i det små, der menneske og dyr ikkje vert råka av den vanlege øydelegginga, og dette bergar livet på jorda over i ein ny epoke.

 

Slik talar den gamle historia om syndfloda til vår eiga samtid, prega som ho er av ein teknisk og økonomisk kultur som ikkje lovar godt for korkje menneske eller natur, slåande relevant i ein epoke prega av utrekningar av kor høgt havet kjem til å stiga, og kva for katastrofar vi må rekna med. Unngå slike katastrofar kan ein ikkje med dei same midla som skaper katastrofane, seier den gamle soga. Betre er det då å grunda over slike kunstnarlege bilete enn å sperra vegen til forståing av verda med trigger warnings og bortrydding av bøker.

 

Dag og Tid 20. mai 2016.