Main menu:

Undersider for Artikler:

Den heilage mannen

På 1980-talet låg det an til full etnisk krig i Sør-Afrika. Apartheidregimet der ein kvit minoritet rådde over den store majoriteten av folket, stod for fall. Demografiske og politiske omstende hadde svekt det kvite mindretalet. I 1936 hadde dei vore 21 prosent av folkesetnaden; no var dei reduserte til 12 prosent, og delen deira var søkkande, samstundes som så godt som heile resten av verda stod samla mot regimet. I lengda kunne dei ikkje halda seg ved makta. Men dei kunne godt ha klamra seg fast med alle middel i årevis.

 

MILLIONAR AV DØDE

Her kunne ein sjå for seg ein borgarkrig med millionar av døde, millionar på flukt og eit øydelagt land. Historia hadde avla fleire døme på dette. I Kongo hadde dei kvite kolonistane flydd brått frå landet i 1960, næringsliv og infrastruktur hadde vorte lamma, og sidan hadde historia til landet handla om diktatur og krig.

 

I Algerie hadde kolonikrigen lagt tusenvis av landsbyar i ruinar og kosta ein million sivile livet, ogmasseflukta av franskmenn hadde tappa landet for størstedelen av høgt utdanna menneske.

Etter ti års frigjeringskrig vart 200.000 portugisarar i 1975 kasta ut frå Mosambik, og dei brende og øydela det dei rakk på vegen. Så fylgde femten års borgarkrig med økonomisk og administrativt samanbrot og kanskje to millionar flyktningar.

 

I det noverande Zimbabwe hadde det kvite mindretalet leidd av Ian Smith freista å halda seg ved makta. Resultatet var ein grufull borgarkrig som radikaliserte alle partar og gav makta til den mest ytterleggåande fløya under Robert Mugabe, som etter tretti års styre har forvandla den sterkaste økonomien i Afrika til ein ruin.

 

EIT MIRAKEL

Mykje av æra for at Sør-Afrika slapp slike katastrofar, tilfell éin mann: Nelson Mandela. Men han må dela æra med F. W. de Klerk, den kvite statsministeren som skjøna at apartheidregimet måtte gjevast opp, og som delte fredsprisen med Mandela i 1993.

 

Det ein kan ovundra hjå desse politikarane, er at dei skjøna at deira eigne folkegrupper hadde mest å tena på ei fredeleg semje. Det likna eit mirakel: friviljug nedleggjing av våpna, fjerning av raseskiljet og storstila forsoning etter femti år med konflikt i staden for eit nådelaust rettsoppgjer.

 

EIN HEILAG MANN

Det som gjorde skilnaden mellom katastrofe ogforsoning, var den forbløffande personlegdomen til ein mann som hadde vore innesperra i 27 år og kom ut lysande av godleik. Denne forvandlinga vert ikkje mindre imponerande av at Mandela i 1965 hadde vore arrestert som leiar av Umkhonto, ein organisasjon som skulle driva sabotasje for å svekkja apartheidstyret og utdanna geriljaleiarar om ein geriljakrig ikkje var til å unngå, som Mandela sjølv forklåra det i forsvarstalen sin under rettssaka i 1964.

 

Vanlege menneske vert ikkje gode av å verta sperra inne, men øydelagde. Undertrykkjing lutrar ikkje, men korrumperer. Ein som trer fram for verda med eit andlet som Mandelas etter så lang tids fangenskap, må frå byrjinga ha vore av det stoffet som helgenar vert laga av. Då apartheidregimet fengsla han, skapte dei ein heilag mann etter mønstret av grunnbiletet i kristendomen. Etter 27 år steig han lysande opp or grava og vart folkefrelsaren i ei tid av krise.

 

UNNATAK I HISTORIA

Slikt er visst berre mogeleg som unnatak i historia og berre heilt ytst på randa av katastrofar. Også i Sør-Afrika var tida for mirakel snøgt over. Slutten på apartheid hindra borgarkrigen, men tjue år seinare er Sør-Afrika heilt på topp i verda både når det gjeld valdeleg kriminalitet og skilnad mellom rike og fattige; korrupsjonen går langt inn i statsapparatet; mest ein femtedel av høgt utdanna sørafrikanarar har reist frå landet sidan 1995, 800.000 kvite har flytt ut.

 

Men òg mange utdanna svarte og farga forlèt landet. Mellom emigrantane oppgjev alle folkegrupper frykta for vald som den viktigaste grunnen til at dei dreg. Etter offisiell statistikk har det sidan 1990 vore 2863 valdelege åtak på kvite bønder og 1592 mord. Uavhengige kjelder seier at talet på drepne ligg nærare 3000. Mordraten i landet er tretti gonger høgare enn i England.

Nokon forklarer dette som etterverknader av apartheidsystemet, og det er sant at Mandela og ANC tok over eit land der halve folkesetnaden mangla elektrisitet og der ein tredjedel var analfabetar. I ei folkegruppe med enorm arbeidsløyse i eit land med svære skilnader på dei som har og dei som ikkje har, må ein òg rekna med høg vinningskriminalitet. Men òg annan vald er skakande sterkt til stades. Talet på melde valdtekter er mest tre gonger så høgt som i USA, og ein reknar med at berre 1 av 36 valdtekter vert meld. I 2011-12 vart 64.500 valdtekter melde.

 

Uvilkårleg ville ein trudd at ein leiar og ei rørsle som kunne kvitta seg med apartheidsystemet utan vald, òg skulle ha kunna funne vegar til å utvikla eit samfunn som ikkje ville ha klatra til verdstoppen i valdeleg kriminalitet og skilnad på rike og fattige. Men det er med viljen sin til konfliktløysing og sin sanningskommisjon at Mandela og Sør-Afrika braut nytt land og vart eit føredøme for verda, ikkje i praktisk politikk.

 

KOMMUNISME

I det såkalla «Fridomsbrevet» frå 1989 sa Mandela seg påverka av marxistiske tankar og meinte at ei eller anna form for sosialisme var naudsynt for at den fattige verda skulle korta inn på det økonomiske forspranget til den rike verda.

 

Sidan 1996 førde ANC likevel ein nyliberal økonomisk politikk. Denne pendlinga mellom dei to motspelarane frå førre hundreåret, kommunisme og kapitalisme, seier noko om kor vanskeleg det er å tenkja seg økonomiske og politiske åtgjerder utanfor ramma av den kalde krigen, jamvel etter at denne krigen er over.

 

Også kampen mot apartheid i Sør-Afrika var vikla inn i rivaliseringa mellom USA og Sovjet. I kampfasen var det strategisk viktig at Mandela ikkje vart knytt til kommunismen, fordi dette kunne motivera vestlege land til å støtta apartheidregimet.

 

«I LENINS ÅND»

Mandela sjølv avviste alltid at han hadde hatt noka tilknyting til kommunistane, og seier at han såg på kommunismen som noko framandt for Afrika. Men i ei bok av den britiske historikaren Stephen Ellis vart det i fjor lagt fram dokumentasjon på at Mandela likevel hadde vore medlem av det sørafrikanske kommunistpartiet.

 

I forsvarstalen sin frå 1964 skildra han seg sjølv som ein afrikansk nasjonalist med sympatiar for kommunistlanda fordi dei alltid hadde støtta kampen mot apartheid. Politisk gjekk han inn for politisk demokrati og statleg overtaking av gruveindustrien, bankvesenet og jordeigedom. Men også her endra Mandela seg med åra.

 

I 1990 fekk han Leninprisen – den gamle, omdøypte Stalin-prisen. Det var siste gong Sovjet-styret delte ut denne prisen, for året etter vart Sovjetsamveldet oppløyst. Slik omstenda var på denne tida, kunne ikkje Mandela få teke imot æresprovet. Men i 2002 kunne han halda takketalen sin i den russiske ambassaden i Pretoria. Då priste han Lenin som ein ugløymeleg revolusjonær. «I Lenins ånd» ville han tilpassa sine metodar til nye omstende til det beste for «massane».

 

TOMROM I TENKJINGA

Den kalde krigen styrde ikkje berre stormaktspolitikken, men òg den politiske tenkjinga. I tida mellom den andre verdskrigen og berlinmurens fall var det knapt rom for anna enn motseiinga mellom kapitalisme og kommunisme, og begge systema omfamna vekst, stordrift og sentralisering på kvar sine vis.

 

Ved at det berre var plass for enkle val mellom enkle system som var meir eller mindre fastlagde, oppstod det eit visst idémessig tomrom i politikken. Det er som om ein høyrer klangen av dette tomrommet i nokre av talane til Mandela. I innsetjingstalen hans frå 1994 er det nett dei store og samlande tankane som vart sette fram, medan det ikkje finst nokon presise framlegg om korleis den sørafrikanske framtida skulle byggjast, berre generelle proklamasjonar om rettferd, fred, arbeid, brød, vatn og salt for alle, og ikkje eitt ord om korleis.

 

OBAMA

Det er noko her som tek tanken over på ein annan stor folkeleiar og folketaler, nemleg Barack Obama. Obama ville òg samla ein splitta nasjon, og til liks med Mandela hadde han Ghandi som førebilete. Med fabelaktige talegåver og med ein medrivande personlegdom skapte Obama ei von om ein ny æra i amerikansk historie.

 

Eit år ute i den andre presidentperioden sin ser det ut til at han vil verta hugsa meir for talane sine enn for politikken. Det kan ikkje seiast om Mandela, som sjølvsagt vil verta hugsa for forsoningsbragda. Men heller ikkje han vil verta hugsa for praktiske politiske grep som sette ein annan kurs enn dei velkjende. Det er kanskje ikkje oppgåva til politikarane, men filosofane å finna slik kurs. Men vi har diverre ikkje betre røynsle med den sistnemnde gruppa.

 

Dag og Tid 28. juni 2013.