Main menu:

Undersider for Artikler:

Må førebu oss på stor omstilling

Kor mange menneske med muslimsk-kulturell bakgrunn som vil leva Europa i framtida, framgår av ein formel med fleire variablar. Dei viktigaste er talet på dei som lever her idag, aldersstrukturen og fruktbarheitsrata, samt årleg nettoinnvandring. Desse variablane vert ikkje sett vilkårleg, men det spelar med eit visst skjøn som kan gje store utslag i framskrivninga av talet på innvandringsgrupper. Både fruktbarheit og innvandringspolitikk er kjenslevare fakta som let seg påverka av idéar om kva som er ynskeleg. Det finst òg sterke ideologiske og politiske interesser i korleis dei demografiske tala bør tolkast og presenterast.

 

Rikdom og einsemd

Sekulær modernisering medfører fleire born i startfasene og færre i sluttfasane. Då Europa gjekk inn i startfasane på 1700-talet, steig fødselstala dramatisk og nådde høgdepunktet på 1960-talet, då Europa hadde nesten 25% av alle menneska i verda og dobbelt så stort folketal som Afrika.[1] Men alt i 2050 vil Afrika ha 2060 millioner mot Europas 593 millioner.[2]

Dei nord-afrikanske landa, som i 1950 hadde 53 millionar innbyggjarar, vil i 2050 ha 306 millionar.[3] Dette skiftet av demografisk tyngdepunkt heng saman med at Afrika og Midt-Austen går inn i ei utviklingsfase kor befolkningstalet stig eksplosivt medan Europa går inn i ein fase kor folketalet søkk.

På sitt demografiske høgdepunkt spreidde  europearane seg utover heile verda. No snur straumen. Men fordi befolkningsauka i dei landa som omgjev Europa i sør og aust, er forhaldsvis fleire gongar større enn kva den europeiske befolkningsvoksteren i imperialismen og kolonialismen sine epoker var, kan migrasjonen no verta mykje større.

Dei økonomiske fotavtrykka er omvendt proporsjonale med dei demografiske: Dess rikare vi vert, dess færre born vert sett til verda.[4] Såleis har dei rikaste landene i verda den lågaste befolkningstilveksten. I Tyskland er fruktbarheitsrata på 1.4. Nokon meiner at så låg fødselsrate vil føra til at det tyske folketalet skrumpar inn til 30 millionar menneske i 2100, om ein held framtidig innvandring utanfor.[5]

Den franske befolkninga er forventa å synka frå 55 millionar i 2010 til 45 millionar i 2100. Mest drastisk vil nedgangen verta i Italia og Spania: Italia, som idag har 57 millionar innbyggjarar, vil skrumpa inn til 15 millionar i 2100, medan Spania vil nærast forsvinna med eit folketal på 12 millionar.[6]

 

Utskifting av befolkning?

Fordi denne europeiske folketalsnedgangen fell saman med den arabisk-muslimske forynginga og auka av befolkninga, og med ei høg innvandring til Europa frå muslimske land, legg sjølve den demografiske røynda til rette for eit inntrykk av at det som skjer ikkje er ei innvandring av menneske som vert opptekne i den europeiske befolkninga og kulturen, men ein utskifting av folkegrupper og kultur.

Når innvandringa skjer raskt, og dei som kjem i høg grad held fast på religionen og kulturen frå dei landa dei forlét, oppstår ein «identitet» mellom etnisitet og kultur/religion som i prinsippet ikkje finst. For sjølv om religion og kultur i prinsippet ikkje er knytt til etnisitet, nasjonalitet eller biologi, vert menneska i røynda knytt til den kulturen dei veks opp i. Dette skjer gjennom oppseding, skulegang og anna miljøpåverknad. Individualisering og frigjering er prosessar som tek mykje lengre tid enn det tek å forflytta seg over landegrenser. Med høgt innvandringstempo flyttar difor kultur og religion saman med folk.

Denne tendensen vert ikkje svakare, men sterkare dess større dei kulturelle skildnadene er mellom innvandrargruppene og mottakarlandet. Skildnaden mellom det sekulære Vesten og det religiøse Austen «produserer etnisk-religiøs sjølvmedvit som hindrar religiøs oppløysing,» skriv demografen Eric Kaufmann. Til dømes vert ikkje ein religion som islam svekt i møtet med den europeiske sekularismen, men styrkt, fordi religionen fungerer som «ein potent etnisk identitetsmarkør» i ein overgangssituasjon kor identiteten er truga.[7] Dette inneber at integreringa i det nye heimlandet får dess lågare tempo dess raskare og høgare innvandringa er.

Og dess meir skepsis møter innvandringa i majoritetsbefolkninga. Frå 2005 til 2010 steig andelen norske som meiner at «vi bør ikke slippe inn flere innvandrere i Norge» frå 45 prosent til 53 prosent. Av dei som har svart, er det òg eit fleirtal som meiner at «integreringen av innvandrere i det norske samfunnet» fungerer «meget dårlig» eller «ganske dårlig». [8]

Men innvandringsskepsis er ikkje noko norsk særdrag. Tvert om syner tal frå Pew at det er fleirtal i alle europeiske befolkningar for ein strengare innvandringspolitikk. I Italia gjekk heile 87 prosent av dei spurte inn for å «further restrict and control immigration». Men det er kanskje overraskande at 75 prosent meiner det same i USA, og at innvandringsskepsisen er like stor eller større i Midt-Austen (67%) og Afrika (74%), og i land som Tyrkia (77%), Indonesia (89%) og Egypt (72%). [9]

 

Vert Europa muslimsk?

I rapporten sin frå 2011 anslår Pew den muslimske befolkninga i Europa til 44 millionar i 2010. Dette er ein auke frå 4 til 6 prosent av den europeiske totalbefolkninga på tjue år. Pew ventar at denne auken vil halda fram og at den muslimske befolkninga i Europa vil vera på 58 millionar og 8 prosent i 2030.[10]

 Men det er usemje om desse tala. Ulike fagfolk og institutt gjev ulike tal. I den internasjonale pressa dukkar det jamnleg opp mykje høgare tal enn dei ein finn hos Pew. Til dømes melde The Guardian i 2000 at den «ikkje-kvite» befolkninga i Storbritannia veks med 2-4 prosent årleg, og vil verta majoritet i landet før 2100.[11] I 2008 melde NRK at Europas befolkning ville verta halvert i laupet av to generasjonar, og erstatta av meir enn éin million ikkje-vestlege innvandrarar årleg, og kjende samfunnsforskarar ville ikkje avvisa at det kunne verta muslimsk folkefleirtal i Europa, om enn ikkje i vår generasjon.[12]

Når slike prognosar vert imøtegått, som til dømes i rennomerte tidsskrift som Foreign Policy, kor historikaren Justin Vaïsse for kort tid sidan heldt oppgjer med «Eurabia-teorien», får ein kjensla av at det som kanskje er ei overdriving vert erstatta av noko som må vera underrapportering.[13] Det er berre 18 millionar muslimar i Vest-Europa, skriv Vaïsse, men seier ikkje kva land dette «Vest-Europa» omfattar. Pew, som gjer moderate anslag, fastset talet muslimar i Europa utan Aust-Europa idag til 26 millionar.[14]

Men heller ikkje Pew gjev alltid same meldinga. I ein tidligare, meir skissemessig rapport frå 2004, vart det sagt at omlag 5 prosent av befolkninga i EU-landa var muslimar, og at det var venta at talet ville verta minst tredobla i laupet av 30 år, dvs. frå 34 millionar i 2004 til 100 millionar i 2034, mest 40 millionar høgare enn det anslaget som kom i sjølve undersøkinga i 2011.[15]

 

Fleire anslag

Korleis skal ein finna demografiske tal ein kan lita på? Ein utveg er å flytta merksemda frå upersonlege institusjonar og gå til sjølvstendige forskarar med færre føringar av korleis desse vanskelege tala «bør» sjå ut.

Eric Kaufmann anslo i 2008 den truande muslimske befolkninga i Europa til 7-8 prosent i 2025.[16] Om vi grovt reknar med at dette er ¾ av befolkninga med muslimsk-kulturell bakgrunn, vert talet for denne 10 prosent. Den muslimske befolkninga i Austerrike anslår han til å verta 25 prosent i 2050, om ein reknar med høg innvandring og låg sekularisering. For heile Vest-Europa anslår Kaufmann dei muslimske befolkningsgruppene til 10-15 prosent eller høgast omlag 90 millionar menneske i 2050. [17]

Overfører ein dette anslaget til heile Europa, tek med at andelen muslimar er større i Aust-Europa og at dei truande utgjer ¾ av gruppene med denne kulturbakgrunnen, vert konklusjonen at Europa i 2060 kan ha omlag 20 prosent menneske med muslimsk kulturbakgrunn.

 Den ungarske økonomen Karoly Lorant skriv at ei modellutrekning som fastheld dei gjennomsnittlege ikkje-muslimske og muslimske fruktbarheitsratene på nivået for 2005, nemleg 2.7 og 1.48, og samstundes held innvandringa på uendra nivå, gjev ein muslimsk befolkningsandel i EU-landa på omlag 20 prosent i 2050. Men som det mest sannsynlege scenariet ser Lorant for seg at den muslimske befolkninga i Europa vil få synkande fruktbarhet og verta stabilisert på omlag 80 millionar menneske i 2050, samstundes som det då ikkje lenger vil vera nokon nettoinnvandring til verdsdelen; dette gjev omlag 14 prosent truande muslimsk befolkning og omlag 20 prosent med muslimsk kulturbakgrunn. [18]

 

Storbyane 

Innvandrargruppene fordeler seg ikkje jamt i landa, men søkjer til storbyane, fordi det er her dei finn arbeidsplassar og kulturelle miljø frå heimlanda. I 2004 var den muslimske andelen av befolkninga i Marseille og Rotterdam 25 prosent, i Malmø 20 prosent, i Birmingham 15 prosent, London og Paris 8 prosent. «I løpet av noen få tiår er det sannsynleg at fleire store europeiske byar vil få muslimsk folkefleirtal,» skriv Pew.[19]

Tendensen er òg at befolkninga med bakgrunn i muslimsk-kulturelle land samlar seg ikkje berre i storbyane, men i eigne strøk. I Tower Hamlets i London vert den muslimske befolkninga oppgjeve til oppunder 40 prosent.[20] Rosengård i Malmø skal ha 94 prosent innbyggarar med innvandringsbakgrunn. [21] Nokre av bydelane i Oslo har over 60 prosent innbyggjarar med bakgrunn i ikkje-vestlege land.[22]

Korleis desse tala vil utvikla seg i dei næraste åra, kan ein sjå av folkesamansetjinga i dei yngre årsklassene. Oslo har omlag 170 000 innbyggarar med innvandringsbakgrunn, eller 28 prosent av totalbefolkninga. Men i aldersgruppene 6-29 er andelen opptil 35.8 prosent av totalbefolkninga.[23] At innvandringsprosenten er høgare i dei yngre aldersgruppene enn i befolkninga under eitt, inneber at andelen stig, og i Oslo sitt tilfelle med omlag éin prosent årleg.

Denne utviklinga ser ein særleg klårt på skulane. For fem år sidan var norskspråklege elevar i mindretal ved 40 grunnskuler, ifjor var talet vakse til 58. Held tala fram med å auka med same tempo, vil elevar med norsk som morsmål vere i mindretal i Oslo-skulen rundt 2020. Elevar med ikkje-vestleg bakgrunn vil då utgjera omlag 30 prosent av elevmassen, og dei med muslimsk-kulturell bakgrunn rundt 15 prosent.[24]

 

Det vi ikkje veit

Kaster ein blikket fram mot neste hundreåret, veks uvissa. [25] Om størstedelen av den muslimske befolkninga dannar lukka motkulturar med klåre etniske grensar, jamn innvandring og relativt høge fødselstal, samstundes som dei «europeiske» befolkningane, men òg andre innvandrargrupper, vert liggjande på ei lågare fruktbarheitsrate, vil Europa med matematisk sannsynlegheit få muslimsk-kulturelt fleirtal berre det går lang nok tid.

Men då må ein òg ta med at dette fleirtalet ville omfatta skilde etnisitetar og kulturar. Til dømes kjem mange av menneska med muslimsk-kulturell bakgrunn i Frankrike frå Algerie, kor berre 55 prosent av befolkninga har ein høg religiøs affinitet til islam, og heile 60 prosent av etterkomarane av algirske innvandrarar seier at dei ikkje har nokon religion i det heile.[26]

Ein kan òg tenkja seg at skrifttru islam får synkande tilslutning. Om dei «muslimske» befolkningane vert dregne med i den vestlege sekulariseringa, samstundes som dei «innfødde» europeiske befolkningane vert noko «av-sekularisert», dels ved at mange innvandrargrupper frå Asia, Afrika og Latin-Amerika er skrifttru kristne,[27] og dels ved at komande generasjonar har fått nok av det kulturradikale eksperimentet, so vil dei forskjellige folkegruppene ikkje berre få nokonlunde like vekstrater, men grensene mellom dei skilde etniske gruppene vil verta meir utydelege.

 

Å fornekta røynda

På politiske og religiøse ytterfløyar vert dei demografiske tala sett inn i ein darwinistisk krigskontekst. I 2008 hevda britiske islamistar at dei ville erobra England innanfrå gjennom ein muslimsk «befolkningseksplosjon»,[28] medan antijihadistisk propaganda påstod at Frankrike og Tyskland ville få muslimsk folkefleirtal og verta islamske statar innan få tiår.[29]

Dette vert trudd på i vide krinsar, òg i rosa bloggar, kor slike tal vert presentert som utrulege sanninger: «Islam tek over, tru det eller ei.»[30]

Meir vanleg er å reagera flegmatisk på innvandringa med eit  positivt mantra om at ”det går seg til”: «Noen snakker urdu til å begynne med, andre polsk. Siden jenker det seg til,» som det heitte i ein herværande tabloidavis.[31]

På venstresida rår tendensen til å redusera ikkje berre utfordringene med integrasjonen, men òg til å slanke innvandringstala. Når inkluderingsminister Audun Lysbakken skal fortelja folket kor mange muslimar det er i Noreg, så ser han vekk ifrå dei nesten 100 000 som kjem frå muslimsk-kulturelle land utan å vera medlemer av noko muslimsk trossamfunn. Han nøyer seg med medlemstalet på 100 000 og set prosenten til 2.[32] På Sosialistisk Ungdom sin heimeside heiter det at «muslimer utgjør maksimalt 1-2% av den norske befolkningen»,[33] medan talet på truande muslimer på fagleg hald vert satt til 3 prosent, og talet på menneske med muslimsk-kulturell bakgrunn til omlag 4 prosent.

 

Røynda

Både for «norske» og «innvandrarar» ville det løne seg betre å ta tala til etterretning. Dei muslimsk-kulturelle minoritetane i Europa og Noreg kan i laupet av tida fram til 2060 verta femdobla. Deretter kan andelen verta stabilisert eller veksa, alt etter dei vegane den økonomiske og kulturelle utviklinga tek. Men uansett vil europeisk og norsk kultur og samfunnsliv i laupet av århundret få eit muslimsk innslag av betydeleg storleik og tyngd.

Vi får store, islamske miljø i landet. Dei som ikkje likar dette, må akseptera det. Om politikarane vil, kan dei letta den framtidige integreringa ved ei strammare regulering av familieinnvandringa. Men under inga omstende bør ein undervurdera dei politiske, økonomiske og kulturelle oppgåvene som må løysast for at ei så stor omstilling som innvandringa inneber, skal lukkast.

 

 

 


[1] Karoly Lorant, The demographic challenge in Europe, Brüssel 2005, s.6.

[2] World Population to 2300, United Nations, New York, 2004, s. 22: http://www.un.org/esa/population/publications/longrange2/WorldPop2300final.pdf

[3] World Population to 2300, United Nations, New York, 2004, s. 27: http://www.un.org/esa/population/publications/longrange2/WorldPop2300final.pdf

[4] Herwig Birn, «Gesellschaftspolitische Folgen der Demographischen Entwicklung», foredrag R+V Versicherung AG, 28.04.2005, s. 3: http://www.ruv.de/de/presse/download/pdf/birg_vortrag.pdf

[5] Ibid, s. 12.

[6] Walter Laqueur, The Last Days of Europe. Epitaph for an Old Continent, New York 2007, s. 209.

[7] Kaufmann, s. 254.

[8] «Integreringsbarometeret» 2010: http://www.imdi.no/Documents/Rapporter/Integreringsbarometeret%202010.pdf

[9] Pew Global Attitudes Project, 2007: http://pewresearch.org/pubs/607/global-trade-immigration

[10] Pew, s. 121.

[11] Anthony Browne, «UK whites will be minority by 2100», The Observer/The Guardian, 03.09.2000.

[12] «Schrödingers katt», NRK, 18.09.2008.

[13] Justin Vaïsse, «Eurabian Follies. The shoddy and just plain wrong genre thar refuses to die», Foreign Policy, januar/februar 2010: http://www.foreignpolicy.com/articles/2010/01/04/eurabian_follies

[14] Pew, s. 125.

[15] «An Uncertain Road. Muslims and the Future of Europe», Pew, desember 2004.

[16] Eric Kaufmann, «‘Eurabia’? The Foreign Policy Implications of West Europe’s Religios Composition i 2025 and Beyond: http://www.sneps.net/RD/uploads/1-Eurabia.pdf

[17] Eric Kaufmann, «The Demography of Islam in Europe». (Frå Eric Kaufmann si heimeside.)

[18] Lorant, s. 4.

[19] «An Uncertain Road. Muslims and the Future of Europe», Pew desember

2004.

[20] EuroIslam.info: http://www.euro-islam.info/country-profiles/city-profiles/london/

[21] «Svensk politi frykter Nordens tøffeste ghetto», Aftenposten, 12.12.2004: http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/article929662.ece

[22] Finansavisa, 132/2011, s. 42-43.

[23] http://www.ssb.no/innvbef/tab-2011-04-28-12.html

[24] «Norskspråklige elever kan bli i mindretall», VG 19.03.2010: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/elevavisen/artikkel.php?artid=591839

[25] Kaufmann trur at «muslimane ikkje vil overta Europa, men stabilisera seg ein plass rundt ein femtedel av den vesteuropeiske befolkninga i 2100», Ein annan stad skriv han at «den store overgangen, om han kjem, ikkje kjem før i åra 2050-2100, ein periode som vil kunna sjå mange endringar». (Kaufmann, Will the Religious Inherit the World?, s. 255; Eric Kaufmann, «The Demography of Islam in Europe».)

[26] Kaufmann, s. 174.

[27] Kaufmann, s. 164.

[28] http://www.dailymail.co.uk/news/article-1054909/Have-babies-Muslims-UK-hate-fanatic-says-warning-comes-9-11-UK.html

[29] «Muslim Demographics», YouTube.

[30] http://heidialexandraolsen.blogg.no/1311675030_26jul2011.html

[31] Stein Aabø, «Våre nye landsmenn», Dagbladet 23.08.2011.

[32] Audun Lysbakken, «Frykten for muslimer», VG Debatt  22.08.2011.

[33] SU, Faktahefte om antirasisme: http://www.su.no/noop/page.php?d=1&p=Artikler/5637.html

 

Dag og Tid, 21. oktober 2011.

 

Les artikkelen i pdf her: Må førebu oss på stor omstilling

 

Lagt ut 30.10.2011.