Main menu:

Undersider for Artikler:

Politikk og galskap

Mikhail Petrovitsj Klodt: Raskolnikov møter Marmeladov, den fordrukne faren til Sonja, som etter Raskolnikovs forbrytelse blir hans "skytsengel" og lærer ham å elske en annen, slik at han kan innse hva han har gjort, angre og begynne et nytt liv.

 

Å vera menneske er å vera offer for mistydingar, vrangførestellingar og dårlege val. Men å behandla mistydingar, vrangførestellingar og dårlege val med medikament er nett eit slikt dårleg val.

 

Vurderinga av Anders Behring Breivik som mentalt sjuk og strafferettsleg utilrekneleg er eit overgrep som råkar alle partane i saka. Det råkar familiane og venene til dei myrda og overlevande, som misser ein konkret motpart med ansvar og skuld. Men diagnosen råkar òg Breivik sjølv, som vert friteken for ansvar og skuld. Psykiatrane har dekonstruert den frie personlegdomen hans og rana han for den statusen som individ han treng for å kunna koma til innsikt og anger. Endeleg har dei levert eit dokument som innanfor det norske rettssystemet legg føring for å tvangs­behandla og tvangsmedisinera ein person med det føremålet å bryta ned det politiske verdsbiletet hans. Eller gjera han frisk, som mange sikkert ville føretrekkja å seia. Men når politiske synspunkt vert framstilte som symptom på galskap, vert lækjedom og god helse eit spørsmål om «rett» politisk syn.

 

Politisk psykiatri

Slik framstår saka så langt ein kan sjå henne på grunnlag av om­­fattande lekkasjar i pressa frå den rettsmedisinske rapporten. Slik dokumentet vert attgjeve med lange sitat, tyder mykje på at Breivik har fått diagnosen som «paranoid schizofren» på grunn av den politiske ideologien og strategien sin. Den antijihadistiske tankeverda hans har av forståelege grunnar vore så uvanleg og fjern for dei at ho med den dystre logikken sin har framstått som sjukleg i seg sjølv.

I Breiviks verdsbilete lever vi i ein krig mellom «kristne» og «muslimske» folkegrupper. I denne krigen er innvandringa ein invasjon, og norske politikarar, journalistar og akademikarar som forsvarar «multikulturalismen», undergrev sitt eige folk og er for landssvikarar å rekna. Som ein del av den større krigen mellom kristen og islamsk sivilisasjon går det føre seg ein borgarkrig mellom «nasjonalistar» og islamsk-multikulturelle femtekolonnar i alle europeiske land, òg i Noreg.

Innanfor dette verdsbiletet har omgrep som «lavintensiv borgerkrig», «militær orden», «militærdomstoler» og «operasjon» forståeleg politisk meining, jamvel om denne meininga ligg utanfor det mest kjende politiske spekteret. Men psykiatrane definerer slike meiningar som sjukdom: «Begrepsbruken er i sin helhet knyttet til observandens forestilling om at det foregår en borgerkrig i landet, og vurderes som uttrykk for bakenforliggende, altomfattende vrangforestillinger», heiter det i rapporten.

Men dette er politisk psykiatri som høyrer heime i ideologisk-teokratisk organiserte diktatur, som til dømes det gamle Sovjet­unionen, der menneske som ikkje kunne innsjå at det kommunistiske systemet var overlege, vart tvangsinnlagde og tvangs­behandla på sinnssjukehus.

 

Ekstremisme eller galskap?

Denne sjukleggjeringa av politiske haldningar ein av gode grunnar ikkje likar, verkar heilt konsekvent gjennomførd i rapporten frå psykiatrane. Når Breivik oppfattar seg som ein politisk «pioner» for verdsbiletet sitt og seier at han utførde drapa av «kjærleik til folket», så er dette gjenkjennelege haldningar hos mange ekstremistar vi kjenner til både frå historia og i samtida. Bolsjevikane i Russland meinte dei hadde rett til å drepa for sosialismen; nazistane i Tyskland meinte at jødane inkarnerte det vonde i historia, og drap dei av kjærleik til folket; dei som drep abortlegar i USA, trur at Jesus er med dei og hjelper dei under attentata osb.

Men rettsmedisinarane meiner at slike sjølvoppfatningar er «uttrykk for bakenforliggende grandiose vrangforestillinger». Omgrep som «nasjonaldarwinist» og «suicidalhumanisme» som er forståelege for alle som les idéhistorie, vert tekne som uttrykk for galskap. Det innfløkte organisasjonsnettet som Breivik skildrar i manifestet sitt, og som kan vera eit utkast til antijihadistisk organiseringsform med førebilete i frimureriet, vert oppfatta som «bisarre, grandiose vrangforestillinger».

 

Logiske konsekvensar

Breivik reknar med at han etter eit framtidig statskupp og «nasjonalistisk» maktovertaking i Noreg kan verta ny «regent» og då vil taka namnet «Sigurd Korsfareren den andre». Ein må vera samd med psykiatrane når dei ser på det som stormannsgalskap. Men jamvel denne fantasien er knytt til det politiske verdsbiletet hans, og det ville vera urimeleg om ein politisk massemordar ikkje hadde store tankar om seg sjølv.

Det spesielle med Breivik er at han har teke antijihadismen heilt personleg og drege han ut i sin ytste konsekvens. Denne hang­en til å draga dei ytste konsekvensar syner seg òg i ideane hans om at det går føre seg etnisk reinsing i Noreg, om at hundre­tusen av muslimar må deporterast til Nord-Afrika, om at staten skal driva rasehygiene og surrogatifabrikkar for å få opp produksjonen av reinrasa nordmenn.

Alt dette er bisart, men er òg logiske konsekvensar av verdsbiletet hans. Kvifor skulle ikkje ein antijihadistisk, rasebasert, «kristen» stat basera styresettet sitt på DNA-koden og finna den beste leiaren sin gjennom DNA-testing av heile folket? Men der Breivik dreg logiske konsekvensar av dei politiske og vitskaplege grunnsetningane sine, ser psykia­trane berre «eit bisart, paranoid vrangforestillingssystem».

 

Psykiatrane får eit problem

Heile den rettsmedisinske diagnosen er bygd opp på slike framstillingar av verdsbiletet og politikken til Breivik som noko sinnssjukt. Men psykiatrane lever i eit moderne samfunn der ikkje berre drap, men òg kriminalisering og sjukleggjering av politiske synspunkt er normbrot.

Å diagnostisera Breivik som paranoid schizofren og psykotikar berre på grunnlag av politiske synspunkt, same kor ekstreme og bisarre desse er, skaper eit ubehag i analysen. Difor leitar psykiatrane etter andre symptom knytte til Breiviks åtferd og framtoning. Det er jo slike symptom som skal vera avgjerande, ikkje kva han meiner om det multikulturelle samfunnet. Men dei finn så lite at mest alt mogeleg småtteri, som til dømes at Breivik ikkje likar å ha masse edderkoppar innomhus, vert notert som symptom på schizofreni.

 

Husarbeidsschizofreni

Kan ein mann som planlegg å sprengja regjeringsbygget og å myrda Gro Harlem Brundtland kallast paranoid fordi han trur han kanskje vert overvaka? Må ein urban vestkantgut som bur åleine på eit fråflytt småbruk ha psykose for å mislika lydane når det blæs om natta? Om redsle for stråling og smitte skal vera typiske teikn på paranoid schizofreni, er det mange som lyt melda seg på Dikemark. Breivik lét mora syta for maten, reingjeringa og klesvasken medan han budde heime hos henne, og dette skal kvalifisera til tunge diagnosar. Slike «symptom», og andre alminnelege ting som fobiar, einsemd og sosial mistilpassing, vinn fyrst vekt saman med Breiviks verdsbilete og brotsverk. Isolert frå dei politiske tankane hans bryt dei ikkje særleg sterkt med den såkalla normaliteten. I rapporten tener dei berre som skalkeskjul for ein politisk diagnose.

 

For mykje logikk

Sjukleggjeringa av antijihadismen løyner det overdrivne logiske innslaget hos Breivik. Nett den altfor sterke logikken, som ikkje lèt seg påverka av kjensler eller medkjensle og som spelar seg ut i eit mentalt og sosialt lukka rom, står fram som det mest typiske karaktertrekket hans, i den mon ein kan døma om dette på avstand. Om han er «galen», så er det ikkje fordi han er psykotisk eller schizofren, men fordi logikken får for stort spelerom hos han.

Men dette personlegdomsdraget er sjølve kjennemerket på den politiske ekstremismen i alle sine former. I Stalins verdsbilete var Moskva-prosessane heilt logiske og naudsynte for å sikra sosialismen. I verdsbiletet til nazistane var jødeutryddinga ein logisk konsekvens av raseideologien og naudsynt for å berga den germanske sivilisasjonen. På same viset er terroren på Utøya ei logisk handling ut ifrå det antijihadistiske verdsbiletet.

 

Raskolnikov

Ei av dei mest inngåande skildringane av psykologien til det logisk uttenkte brotsverket finst i Dostojevskijs roman Forbrytelse og straff, som skildrar korleis den unge studenten Rodion Raskolnikov drep ei gamal ågerkone for ved hjelp av pengane hennar å kunna fullføra medisinstudia sine og som lege kunna hjelpa mange menneske. Nett som Breivik kjenner Raskolnikov seg forplikta til å utføra ei vond gjerning for å oppnå eit større gode. Han trur at moral er noko ein kan rekna ut. Hans forstand og logikk fortel «klårt som dagen, opplagt som i ein matematisk formel» at det er rett av han å utføra drapet for å kunna fullføra utdanninga si til beste for menneskeslekta. Men det strir mot kjenslene hans. Desse må han overvinna. Denne striden mellom logikk og kjensle driv han inn i ein alt meir ustabil tilstand, der han oppfattar tilfellelege hendingar som «teikn» og «peikingar» frå løynde makter. Til sist har han det krystallklårt for seg at drapet er naudsynt og etisk rett, «hans årsaksforståing var skarp som ein barberkniv». Di meir logisk klår han vert, di meir overtruisk vert han òg, inntil eit siste «teikn» lèt han setja i verk brotsverket på nærast mekanisk vis.

 

Logikk på autopilot

Den «sjukdomen» som gjer Raskolnikov til mordar, er ikkje psykotisk eller schizofren forvirring, kjenslemessig kaos, vrangførestellingar etc. Det er den logiske evna som går på autopilot.

Den verkeleg store brotsmannen, massemordaren, han som planmessig og kontrollert tek livet av uskuldige menneske etter lang tids førebuing, er ikkje forvirra, men altfor klår. Intelligensen og logikken hans er vorten einspora og har stengt seg av mot talen frå kjenslene, intuisjonen og tradisjonen. Den politiske mordaren har fått det føre seg at nokon må ofrast for å berga gruppa, klassa, folket eller sivilisasjonen, og tek til å rekna med liv. Etikken vik plassen for matematikken. Dei titals menneska han drep, vert sette opp som utgiftspost og rekna mot millionane han trur han vil kunna frelsa i framtida. Idet han drep, «ofrar» han seg sjølv for desse millionane, for framtida til folket eller klassa.

I den prosessen som gjer Raskolnikov til mordar, vert han av naturlege grunnar isolert frå andre menneske. Førebuinga til normbrotet krev isolasjon. I isolasjonen utviklar han mange symptom på sjeleleg forstyrring. Han fører lange monologar med seg sjølv, fell i febertilstandar, drøymer livaktig og dramatisk, sluttar å studera og arbeida, fell ut av all vanleg sosial fellesskap. Idet han utfører mordet, gjer han det mekanisk og robot­aktig, styrd av dei tankane han alt har tenkt og planane han har lagt. I fullt medvit, og likevel som ein svevn­gjengar, drep han fyrst den gamle ågerkjerringa og dinest syster hennar av di ho kjem i vegen for han. Han er tvillaust «sjuk» idet han kløyver hovudet på offera sine med ei øks, men det er ein «sjukdom» han sjølv har påført seg som eit middel til å kunna gjera det «vonde og naudsynlege».

 

Tilvenjinga til det vonde

I dei snart hundreogfemti åra millionar av lesarar har fylgt Raskolnikovs ferd gjennom den logiske fanatismens etiske grenseland, er det aldri nokon som har kome på at Dostojevskijs roman berre skulle vera ein sjukejournal for ei skuldfri sjel. Tvert om høyrer det til dei menneskelege kjenneteikna at vi har lett for å venja oss til det vonde og rekna det for å vera naudsynt og «eigentleg» noko godt. Å vera menneske er det same som å vera offer for mistydingar, vrangførestellingar og dårlege val. Men å behandla mistydingar, vrangførestellingar og dårlege val med medikament er nett eit slikt dårleg val. Det tek menneskeverdet frå brotsmannen og set den liberale samfunnsordninga på spel.

 

Dag og Tid, 9. desember 2011.

 

Lagt ut den 11.12.2011.

 

 

Les artikkelen i PDF her.