Main menu:

Undersider for Artikler:

Psykiatriens gradiositet

Psykiaterparet Husby/Sørheim har no fastsett kjernen i det dei ser som Anders Behring Breiviks vrangførestellingar: «Han trur at han skal berga oss alle frå undergang gjennom ein kamp mellom godt og vondt, og i denne kampen meiner han at han har eit kall til å avgjera kven som skal leva og kven som skal døy.»

Samstundes ville dei to psykiatrane i retten ikkje svara på kva som skil Breiviks tankegang frå tankegangen hos andre terroristar, og som gjer at han er sjuk, medan sjølvmordsbombarar frå andre kulturar skal vera friske, alternativt kvifor alle desse òg er paranoide schizofrene.

 

BERRE DÅRLEGE SVAR

Husby/Sørheim gjorde klokt i å nekta å gje svar her. For på dette spørsmålet finst det berre dårlege svar.

For nett det dei legg fram som kjernen i Breiviks vrangførestellingskompleks, er som kjent òg kjernen i den politiske tenkjemåten som er vanleg i miljø som praktiserer terror. Dei som styrde passasjerflya inn i World Trade Center den 11. september 2001, ofra seg sjølve og uskuldige sivile for å berga eller frigjera sitt eige folk.

Har ein fått inn i seg eit slikt motiv med stor nok kraft, vert all vanleg moral snudd opp ned. Då vert vondt til godt, brutaliteten vert «edel», massemordaren vert ein martyr med plass i Guds paradis eller ein «perfekt riddar».

 

GRUPPEMORALEN

Det grufulle som Breivik gjorde på Utøya, er berre «uforståeleg» for ein tenkjemåte som grunnar moralen på einskildindividets absolutte verd og rett. Men slik tenkjer ikkje Breivik.

Han grunnar moralen på «nasjonen» og den «etniske gruppa» si. Han identifiserer godt og vondt med slike etniske grupper.

Denne tankegangen er heilt motsett ei moderne individualistisk orientering og grunning av verdiar og moral. Men «uforståeleg» er han ikkje. Tvert om er han uhyggjeleg lett å skjøna i eit politisk og historisk perspektiv og slett ikkje noko nytt.

Denne nasjonalistiske og etniske gruppetenkjinga har vore ei hovudkjelde til radikal vondskap i nyare tid. Den armenske katastrofen i 1915 hadde slike røter. Den nazistiske redsla hadde slike røter. Midtausten-konflikten har slike røter.

Når Breivik dukkar opp i den norske hyggja med bomba og rifla si, er det eit historisk og samfunnsmessig varsku om at det ligg noko i samtida som kallar fram att gruppe-og rasetenkjinga.

Men sidan dette ligg utanfor det primære kompetanseområdet til psykiatrien, vert vi inviterte til å leggja eit medisinsk slør over heile historia og politikken.

 

EI SAK FOR PSYKIATRIEN

Når psykiatrane ekskluderer politikken for å sikra at vurderinga deira vert reint fagleg og medisinsk, vert konsekvensen at Breiviks gruppetenkjing, som har vore drivkrafta i dei verste hendingar vi kjenner til, ført attende til særlege omstende i Breiviks kropp, oppvekst og personlegdom.

Dimed vert vondskapen i historia ei sak for psykiatrien. Heile historia og samfunnet vert under-lagt rettspsykiatrien. Tusen års jødeforfølgjinger, all etnisk reinsing, vert medisinske problem. Borgarkrigane i det gamle Jugoslavia vert noko ein berre kan skjøna på Psykiatrisk avdeling på Vinderen.

Ved å fjerna politikken frå det psykiatriske resonnementet vert politikken underlagd psykiatrien. Det faglege smålætet til psykiatrane vert i praksis til psykiatriens grandiositet.

 

DET PREKÆRE VERT IRRELEVANT

Om Breivik vert dømd utilrekneleg, vil det prekære spørsmålet som 22. juli stiller oss, missa noko av sin relevans. Kva er det i den norske samtida som kallar fram så ekstreme handlingar som Breiviks? Skal no heile svaret på dette vera å finna i gena og i privatlivet hans? Psykiatrisering av politikken tåkelegg det offentlege ordskiftet.

Verre er det at ein i denne skodda kan missa av syne det einskilde individet. Å vera ein einskild er å vera annleis. Men om sjukdom vert definert for vidt, og normalitet for trongt, kan det verta farlegare å vera annleis.

Og det som er annleis her, gjeld ikkje den ekstreme, kriminelle handlinga, men den marginale tenkjemåten. Lat oss straffa han for handlinga, ikkje for tankane.

Breivik er uhyggjeleg lett å skjøna i eit politisk og historisk perspektiv og slett ikkje noko nytt.

 

Dag og Tid, 22. juni 2012.