Main menu:

Undersider for Artikler:

Drikkegildet i Oslo

Då den kristne journalisten Sven Egil Omdal for eit par veker sidan skreiv på Facebook at den kristne innvandringsministeren Sylvi Listhaug gjekk for ofte, eller for sjeldan, med ein kross om halsen, braut det ut religionskrig på sosiale medium. Fleire tusen menneske «likte» Omdals personåtak, og fleire tusen «likte» Listhaugs sjølvforsvar, der ho kalla Omdals utspel for «det mest nedrige» ho hadde sett. Kommentartrådane under dei tre-fire Facebook-statusane som handla om saka på dei to profilane, vart raskt til ein endelaus vev.

Dei fleire tusen menneska som tok del i «likinga» og kommenteringa, baud stort sett ikkje på gyldig argumentasjon eller nyttig kunnskap, og det føregjekk knapt noko som likna på samtale. Det tek timar å koma seg gjennom dei høgrøysta trådane. Det er som å springa gjennom eit masseslagsmål. Når ein endeleg kjem seg ut, er ein neddynga av skjellsord frå begge sider.

Omdal vert kalla ein «hyklerisk faen» som hatar kristendomen og elskar islam. Listhaug vert lova ei framtid i helvete for innvandringspolitikken sin. Omdal får høyre at han er «eit stort rasshøl», ein «råtten sviker» som har synt fram «sin motbydelige degenererte personlighet». Listhaugs sylvkross vert samanlikna med den brennande krossen til Ku Klux Klan, og ho sjølv vert kalla ein aggressiv korsfarar som spreier hat mot menneske i naud.

 

ARVESMYKKET

Det konkrete utgangspunktet for Omdals krosskommentar innvandringsministerens føredrag på den kristenkonservative konferansen Oslo Symposium, kalla opp etter Platons kjende dialog med same namn, òg kalla Drikkegildet i Athen. Føredraga frå konferansen ligg alle opne på nettet, og det er ein slåande skilnad mellom Listhaugs føredrag og slagsmålet på Facebook.

Når eg ser etter hykleri og hatretorikk i føredraget hennar, finn eg det ikkje. For det meste ser eg ein politikar som talar saka si, med nokre polemiske utspel mot venstresida, men utan å gjere seg til for det kristne publikummet. Ho skiltar ikkje verbalt med kristentrua si, men går sikkert ut frå at alle veit kor dei har henne på dette punktet, sidan ho i årevis har gjort det klart at ho har halde på den kristne barnetrua si.

I eit intervju med Norge Idag for to år sidan sa ho at ho fekk velje arvesmykke då farmora døydde. Ho var då ikkje i tvil om at ho måtte ta det åtti år gamle krossmykket, og la til: «Når jeg er i et krevende oppdrag, bærer jeg alltid korset», altså som ein slags talisman. Avisa legg til at ho vekte merksemd nett med denne krossen den dagen ho tok over som innvandringsminister. Sidan ho er den einaste som kjenner sine eigne motiv, er det prinsipielt umogeleg å prove at ho ikkje snakkar sant her.

Eit strategisk innslag i føredraget på Oslo Symposium ser eg der ho seier at målet hennar med flyktningpolitikken er å «hjelpe flest mulig menneske i verden». Her tek ho nok av taktiske årsaker på seg venstresidas klede, fordi det verkar uhøyrt å seia at ein har noko anna mål enn å hjelpe alle i heile verda. Men politikken til Listhaug tyder på at det er meir Noreg enn verda som ligg henne tyngst på hjarta, og ho ville ha tent på å argumentera for ei slik prioritering, heller enn å stikke henne under ein stol. Den krasse motsetninga mellom henne og Omdal heng truleg saman med ei motsetning mellom realpolitikk og politisk idealisme, som atter heng saman med det nyare skiljet mellom nasjonalisme og globalisme.

Det nasjonale perspektivet kjem fram att når Listhaug seier at ho skal kjempe til siste andedrag for å hindra at vi i Noreg skal få svenske tilstandar. Då er vi ikkje tvil om at ho meiner det ho seier. Listhaug er ikkje universalist av sekstiåttartypen, ho høyrer til dei som har gått frå vestleg sjølvkritikk til vestleg sjølvforsvar. Under ligg kjensla av at styrkeforholda i verda er i endring, og dette vert av gamle sekstiåttarar som Omdal oppfatta som kaldt, kynisk og sjølvoppteke. Det er såleis to ulike verdsbilete som støyter saman.

 

EVANGELIUM OG POLITIKK

Ein kan likevel spørje seg kvifor ikkje Omdal heller tok for seg føredraget til KrF-leiaren Knut Arild Hareide på den same konferansen, om det fyrst var strategisk retorikk han ville råka. Det var mykje meir strategi og demagogi i Hareides føredrag enn det var i Listhaug sitt. Ho talar friare og meir på like fot med forsamlinga enn han, som dyrkar ein forkynnande stil med sterk moralsk sjølvhevding, og som stiliserer seg som sjølve talsmannen for kristendomen i landet. Han unnser seg ikkje for å gjera den vidkjende setninga til Martin Luther King – «Eg har ein draum» – til si eiga.

Hareide ser ut til å meine at det kristne evangeliet er eit politisk program. I føredraget kalla han Jesus eit unikt «menneske» og «ein fattig gut frå Nasaret», med ein «radikal» bodskap som fyrst og fremst dreier seg om sosial utjamning, lik fordeling av ressursar, auka bistand og meir flyktninghjelp. Såleis tona han ned mystikken i kristendomen knytt til den guddommelege inkarnasjonen. Dei evangeliske utsegnene retta mot einskildmennesket i konkrete, individuelle livssituasjonar, tolka han utan vidare som politiske utsegner.

Men etter at han i heile føredraget hadde tolka kristendomen på same måten som humanetikarane og sosialistane, slik at nokon kvar kunne verta i tvil om kva han eigenleg står for, avslutta han med ei personleg vedkjenning: «Jesus er min frelsar. » Det var som å sjå KrF-leiaren kome ut av skapet som kristen.

 

MULTIKULTUR OG FRAMANDHAT

Det som provoserte Omdal så sterkt, var nokre setningar i Listhaugs føredrag om Framstegspartiets syn på såkalla «multikultur». Ord for ord sa Listhaug: «Vi har òg stått fast på dei norske, vestlege, kristne verdiane og kulturen gjennom alle år. I ein periode var jo dette med multikulturalisme veldig populært, at vi måtte leve side ved side og skjøna kvarandre. Eg har aldri vore på den lina. Dei som kjem til Noreg, må innordne seg dei norske verdiane, den norske kulturen, lovene og reglane. »

Merknaden «leve side ved side og skjøna kvarandre» hadde her ein forklarande funksjon i utsegna, og tente som definisjon på «multikulturalisme», i motsetnad til ein meir homogen kultur der alle folkegrupper har sams hovudverdiar. Rett nok er dette ein uklår og uhaldbar definisjon, om forkastinga av det multikulturelle skal innebere at alle i Noreg må ha same religiøse tru. Men det kan ein gå i rette med reint argumenterande.

Elles er det klart nok at Listhaug i setningane over gjekk inn for at innvandrarane ikkje skal integrerast som ulike grupper med kvar sin nasjonale kultur i eit fleirkulturelt system, men assimilerast som einskildindivid i den rådande hovudkulturen i landet, når det gjeld grunnleggjande ting som dei aller fleste av oss tek for gjeve, som til dømes respekt for lova, personleg fridom, gjensidig tillit, kjennskap til norsk språk, sedvane og historie osb.

Når ho tek avstand frå å «leve side ved side og skjøna kvarandre», tyder det sjølvsagt ikkje at ho meiner det er gale å skjøna andre, men at ho ikkje går inn for eit multikulturelt system der skilde folkegrupper lever i parallelle samfunn som skjøner og tolererer skilnadene mellom kulturane til kvarandre. Ho vil med andre ord ha meir, ikkje mindre nærleik og forståing mellom folk i landet, i den forstand at ho ikkje vil integrera nye kulturar, men assimilera nye individ.

 

HAT OG ARGUMENTASJON

Også dette kan ein ta tak i. Men Omdal er ikkje interessert i argumentasjon når det gjeld Listhaug. Han fjernar heile den politiske konteksten som gjev meining til utsegna hennar, og får det til å sjå ut som om ho ikkje vil ha noko med andre menneske å gjere i det heile.

Han toler ikkje at Listhaug er både kristen, motstandar av «multikultur» og ein liberal innvandringspolitikar, som han oppfattar som sjølve provet på kristeleg sinnelag. I staden for å argumentere ope om saka går han rett i strupen på personlegdomen til Listhaug, som han oppfattar i verste meining.

Under migrasjonskrisa i 2015 meinte Listhaug at Jesus ville ha røysta for å hjelpa flyktningane i nærområda. Omdal meiner derimot at Jesus er tilhengjar av ein liberal innvandringspolitikk. Men ein kunne jo òg prøva å sjå for seg kva Jesus ville gjort om han fekk seg ein Facebook-profil.

 

Dag og Tid 17. mars 2017