Main menu:

Undersider for Artikler:

Du skal ikkje ha andre gudar enn staten

 

Ein fastlækjar i Vinje kommune i Telemark, Gunnar Grøstad Johnson, viser ikkje kvinner til abort og vil heller ikkje ha noko å gjera med prevensjonsmiddel som kan framprovosera tidleg abort, så som spiral og p-piller. Grunngjevinga hans er filosofisk og religiøs. Johnson er katolikk og trur at historia til det menneskelege individet byrjar i den augneblinken det vert unnfanga. Frå då av lever eit menneske skapt av Gud; den seinare fødselen er berre ein dramatisk overgang til ein ny livsfase. Å gripa med vilje inn i den første livsfasen, fosterstadiet, og få slutt på det veksande livet med kjemiske eller andre middel, er etter dette synet drap på eit sakeslaust menneske.
 
Kor langt rekk samvitet?
For Gunnar Grøstad Johnson og dei som tenkjer prinsipielt som han, strir det difor mot samvitet å ta del i den prosessen som leier fram til provosert abort, sjølv om denne prosessen er lovleg. Det gjeld òg den tilvisinga til abort som lækjaren skal syta for på grunnlag av ønsket til kvinna. Av samvitsgrunnar viser dei difor abortsøkjande kvinner vidare til andre lækjarar med anna syn på saka.

 

Men skal samvitet få rekka så langt?

 

Ifølgje staten bryt Johnson lova. Lova seier at kvinnene har rett til abort fram til 24. svangerskapsveke uansett grunngjeving. Staten meiner derfor at alle lækjarar er forplikta til å visa abortsøkjande kvinner vidare i den prosessen som endar med fosterfordriving. Om no dette strir mot samvitet til lækjaren, må han slutta som fastlækjar og ta seg anna arbeid, seier stats­sekretær i Helse- og omsorgs­departementet Robin Kåss: «Hvis man er pasifist, kan man ikke jobbe som politi. Hvis man nekter å gi blodoverføring, kan man ikke være kirurg. Hvis man nekter pasienter prevensjon eller henvisning til abort, kan man ikke være fastlege», seier stats­sekretæren.

 

Graviditet er ikkje sjukdom
Men dette stemmer ikkje. Ein kan godt vera pasifist og politimann. Historisk er pasifismen knytt til antikrigsrørsla og har med militærvesenet å gjera. Å vera mot den handhevinga av lovene som politiet står for, er ingen tankemessig konsekvens av å vera imot bruken av militærmakt i krig mellom nasjonar. Det er òg sjeldan at pasifistar meiner at samfunnet skal vera utan ordensmakt og ikkje nedkjempa kriminalitet med fysisk makt.

 

Heller ikkje Kåss’ argument om blodoverføring held vatn. Ein kirurg kan sjølvsagt ikkje reservera seg mot blodoverføring. Men det er fordi blodoverføring er ein av føresetnadene for mykje kirurgi. Ein kirurg som reserverer seg mot kirurgi, er ein absurditet. Det vert som ein pilot som reserverer seg mot å fly.

 

Derimot kan ein lækjar godt reservera seg mot å hjelpa til med prevensjon og abort, fordi prevensjon og abort ikkje er direkte knytt til sjukdom og lækjing. Graviditet er ikkje ein sjukdom som kan lækjast gjennom abort. Graviditet og abort er rett nok knytt til kroppen, og det er noko lækjarane kan styra med, men som eigentleg ligg på sida av lækjaryrket.

 

Reservasjonsretten
Reservasjonen til lækjarane i desse spørsmåla legg seg difor strengt teke ikkje opp i den alminnelege utøvinga av yrket deira. I tillegg er desse spørsmåla ikkje berre vanskelege, men dei har til no ikkje fått så klåre svar på vitskapleg eller filosofisk grunn at standpunkt som det katolske berre kan avfeiast. I slike uløyste spørsmål må ein vera open for at òg synspunktet til motparten kan ha noko for seg. Då vert det eit poeng i seg sjølv å tillata ein viss skilnad i måten lækjarane vel å praktisera på feltet.

 

Det er difor ikkje sakleg hald i argumentasjonen frå staten. Det statssekretæren eigentleg seier, er berre at fastlækjaren må gjera som staten seier. Staten har fastsett at fastlækjarane skal visa ein vidare til abort. Då må dei òg gjera det, for det er staten eller det offentlege som er arbeidsgjevaren deira. Vil dei ikkje det, må dei finna seg anna arbeid. I denne etisk og filosofisk vanskelege saka læst staten som om det berre dreiar seg om eit enkelt tenestetilhøve, der staten er herren og lækjaren knekten.

 

Men slike lækjarar er det berre staten som vil ha. Som pasientar vil vi ha individuelt tenkjande og personleg handlande lækjarar. Statstenestemenn i kvitfrakkar kan hjelpa oss med dei enkle tinga der det ikkje kan råda tvil om korkje symptom eller årsak eller terapi. Men når det kjem til dei vanskelege tinga, der plagene våre har individuelle årsaker og der terapien berre kan finnast gjennom den personlege innlevinga og intuisjonen til lækjaren, då vil i alle fall eg langt heller ha noko eksentriske og samvitsfulle lækjarar som Gunnar Grøstad Johnson i Vinje enn statsfunksjonærlækjarar som Robin Kåss i departementet.

 

Samvitsfridomen
Det er heller ikkje lett å sjå korleis abortsøkjande kvinner skulle råka på problem ved at kontordama til Johnson viser dei til ein annan lækjar som sit over gang­en eller rundt svingen. Problemet oppstår når abortsøkjande kvinner utan å vita det har ein fastlækjar som ikkje vil visa til abort, og som ikkje er i stand til å handsama denne situasjonen på ein god måte. Vil ein unngå dette, kan ein gjera som i Vinje og alt under timebestillinga styra desse kvinnene til rett lækjar.

 

Dei medisinske fagmiljøa ville sikkert òg kunna institusjonalisera ordningar som nærast av seg sjølv førde abortsøkjande kvinner utanom det vesle lækjarmiljøet som ikkje vil visa til abort. Dette skjer i stor grad alt i dag. Problemet er då redusert til lengda på reisetida. Men reisetida kan ikkje vera ein god nok grunn til å innskrenka samvitsfridomen til lækjarane.

 

Denne samvitsfridomen er ikkje ein luksus. Han høyrer til grunnverdiane i eit liberalt samfunn. Det er ein fridom som i praksis gjeld dei som tenkjer annleis enn fleirtalet. For det er berre når samvitet kjem i konflikt med fleirtalet og makta, at fridomen vert sett på prøve. Men i denne saka har korkje staten, fleirtalet eller politikarane stått prøva.

 

Eit politisk utspel
For med dette utspelet vil staten sortera vekk eit lite, men av prinsipielle grunnar viktig lækjarmiljø. Lækjarar som dreg konsekvensen av kristentrua si, skal no ut av det offentlege helsestellet eller i alle fall stuvast vekk til mindre attraktive stillingar. På sikt vil dette leia til at menneske med «upassande livssyn» alt i ungdomen vel bort medisinstudiet, fordi dei veit at dei elles kan hamna i ein umogeleg samvitskonflikt.

 

Når ein tenkjer på kor lite dette miljøet er – berre 170 av 5000 fastlækjarar – og kor enkelt problemet kunne verta løyst, og ser med kva for ein retthaversk aggresjon åtaket vert retta mot eit mindretal frå nærast heile det politiske spektrum, så får ein inntrykk av at denne saka er meir politisk og ideologisk farga enn mange vil gå ved.

 

Norske politikarar er berre liberale når det gjeld finansmiljøa. Pengane skal få flyta fritt, men samvitet skal stats­regulerast. Og ikkje berre samvitet, men òg trua, danninga og helsa. Der ein godt kunne hatt meir offentleg regulering, til dømes av astronomiske gasjar og forvaltinga av opplagde fellesverdiar knytte til naturressursar, så som energiforsyninga, der dreg staten seg unna og slepper pengemakta til i sann liberal ånd. Men der fridomen er naudsynt for trivselen, i dei mest individuelle sakene, i religionen, utdanninga og i møtet med sjukdom og smerte, der rykkjer statsapparatet inn med militær presisjon.

 

Det verste frå to verder
Politikarane er for det meste ikkje kristne, men held fast på styringsretten over den kristne kyrkja, for å kunna kontrollera det som skjer i dei religiøse miljøa. Denne omvendt teokratiske statsinnblandinga i religiøse saker har svekt den norske kyrkja som åndeleg institusjon og gjort presteskapet til seremonimeistrar for vantru hedonistar med sans for festivitas ved høgdepunkta i livet.

 

Politikarane skryter om humanistiske verdiar, sjølvstende og fridom, men sentralstyrer skuleverket på eit vis som politiserer pedagogikken. Med dei svære helseføretaka har dei gjort sjukdom og helse til ein monopolisert og sentralstyrd produksjon. Såleis har dei teke til seg det verste frå to verder.

 

Eigentleg toler dei ikkje avvik. Dei vil ikkje ha sjølvstendige kyrkjer eller eigenviljuge prestar, mangfaldig skulevesen eller sjølvgåande lærarar. Dei vil heller ikkje ha lækjarar med samvit som ikkje er statleg sanksjonert.

 

(Dag og Tid, 24.02.2012)

 

Les artikkelen i pdf her.