Main menu:

Undersider for Artikler:

Ein ny utopi

Sekstenåringen Greta Thunberg er noko for seg sjølv og ein person som gjer inntrykk. Så er ho òg vorte sentrum for alle media i verda, gjest hos Skavlan og Bono og paven, mottakar av Fritt Ords pris og omgjeve av jublande vaksne.
Men om vi skal ta det ho seier på alvor, slik ho ber om, må tenkinga hennar karakteriserast som autoritær og utopisk. Det retoriske repertoaret hennar er som hjå ein folkeforførar. I talane sine i FN, i EU-parlamentet og i Davos sette ho fram eit apokalyptisk bilete av sivilisasjonens undergang. «Vårt hus brenner», «I want you to panic» og så bortetter.
Med slagord frå 1960-talet som «the real power belongs to the people» vil ho snu opp ned på alt. Ho vil ha «ein heilt ny tenkjemåte», eit totalt økonomisk, sosialt og politisk systemskifte, og det må skje snøgt.
Det får meg til å tenkje på slagordet til Marx om at vi er ferdig med å forstå verda, no gjeld det å forandre henne. Korleis det gjekk, såg vi i Russland etter 1917.

 

EINSPORA
Som talar framstår Greta Thunberg som einspora og blind for nyansar og utan tvisyn. Ho krev at vi skal fokusere på klimakrisa med «every inch of our body». Vi må skjøne at klimaet er det einaste som betyr noko. Her kjenner vi att både den frelste vekkingspredikanten og den forblinda partikommissæren.
Likevel er ho endå meir utflytande enn dei politikarane ho kritiserer, når det gjeld kva ein konkret må gjere for å få til det store systemskiftet. Lyttar ein til talane hennar, er det ikkje lett å finne noko om korleis ein skal få til eit verdssamfunn med nullutslepp av CO2, som ville vere den største vitskaplege, økonomiske, sosiale og politiske snuoperasjonen i verdshistoria, og det på berre ti år.
Det næraste løysingsframlegget ein finn hos henne, er vage utsegner om at vi må «unite behind science», og at klimaforskinga må verte til «hjarta i politikken og demokratiet».
Men slike utsegner peikar mot den nye organisasjonen Extinction Rebellion, der den strategiske kjernen er kravet om å opprette eit råd eller utval som skal overvake ein rask overgang til eit nullutslepp av CO2 innan 2025.
På heimesida til organisasjonen heiter det at «government must create and be led by the decisions of a Citizens’ Assembly on climate and ecological justice». Greta Thunberg har identifisert seg med Extinction Rebellion i ein tale til demonstrantar i London i april.

 

EKSPERTSTYRE
Ideen om eit slikt fagråd går att i eit opprop i Aftenposten 14. mars, underteikna av «25 kulturpersonligheter og akademikere» frå Thomas Hylland Eriksen til Karl Ove Knausgård, som starta med «solidaritet med skolestreiken» til Greta Thunberg. Dei slutta seg til programmet til Extinction Rebellion og gjekk inn for at det «dannes et råd som skal føre tilsyn med at tiltakene som er nødvendige» for å stanse klimaendringane, «blir gjennomført, slik at vår nåværende katastrofale kurs endres».
I eit fylgjande ordskifte i avisa sa underteiknarane at dette rådet ikkje skulle stå «over politikken», men vere eit «demokratisk korrektiv» og eit «politisk uavhengig fagråd».
Likevel heitte det at «mandatet til et slikt råd må defineres gjennom et folkekrav om reell klimaomstilling». Men ei slik «reell klimaomstilling» krev ny politikk på nær sagt alle samfunnsområde. Kva meining skulle det vere i eit slikt fagråd om det berre var rådgjevande?
Når forslag om og oppretting av slike «råd» vert sette fram i konteksten av «en forbrytelse mot livet på jorden», «opprør mot regjeringen» og «borgernes rett å forsøke å gjenopprette et ansvarlig folkestyre og fremskynde de løsningene som er nødvendige for å avverge katastrofen», slik som det står i oppropet, vert det lagt opp til at «fagrådet» i praksis og med tida kan verte steg på vegen til eit politisk ekspertstyre eller teknokrati.
Den økologiske krisa, som i dei siste åra har samla seg i klimakrisa, trugar alt liv på jorda, samstundes som det parlamentariske systemet er slik innretta at det er vanskeleg å oppnå verkeleg handling som kan snu utviklinga. Dermed kjem sjølve det demokratiske systemet under press. Økologikrisa skaper kjensle av ein unnatakstilstand.

 

SIVILISASJONSKRISE
Men debatten om dette er sjølvsagt ikkje ny. I Demokratiet og miljøkrisen frå 1999 diskuterte Thomas Chr. Wyller spørsmålet om den naudsynte snuoperasjonen var oppnåeleg innanfor det demokratiske systemet, eller om det var naudsynt med ein revolusjon.
Wyllers diskusjon enda i alt anna enn den sterkt forenkla framstillinga Greta Thunberg har av krisa, og den nesten like forenkla løysinga dei 25 i Aftenposten byr oss. Etter Wyllers syn er miljøkrisa historisk eineståande, menneskeskapt, global, livstrugande, men djupt forankra i samfunns- og verdisystemet til teknologien og industrien.
Miljøkrisa er eigenleg ikkje ei krise for miljøet, men ei grunnleggjande sivilisasjonskrise der miljøøydelegginga er ein av fleire verknader. Krisa heng saman med menneskesyn og verdsbilete, truleg med sjølve arten av den moderne teknologien og vitskapen.
Klimasaka skaper ei katastrofestemning som kan driva oss mot autoritære løysingar. Men vi kan ikkje «redde jorda» ved å overlate den politiske makta til ekspertar.

 

Dag og Tid 9. mai 2019.