Main menu:

Undersider for Artikler:

Eit eige rom

Rett under det tynne, gjennomskinlege avispapiret, i nettdebatten, er usemja om bønerommet på Hellerud skule i Oslo ein religionsstrid for og imot markeringa av eit veksande, trussterkt islam i Noreg.

Det var i nettdebatten at Djevelen gjorde sitt sterkaste comeback i norsk kulturdebatt sidan Hallesbys svovelpreike i radioen i 1953, der han lova alle vantru nordmenn ei evig framtid i helvete.

No var det forstandaren i Det islamske forbundet, Basim Ghozlan, som på Facebook-sida si hevda at leiaren i LIM-nettverket, Tina Shagufta Kornmo, tala «Djevelens sak» då ho gjekk inn for nasjonalt forbod mot bønerom ved norske skular. I kommentarfelta på Ghozlans Facebook-side kunne ein sjå at mange norske muslimar oppfatta bøneromsnektinga som eit slag mot islam.

Dei som las kommentarfelta på VG-nett, fann det same raseriet, berre med motsett forteikn. Ein attgangar var opphissinga over muslimane som dukkar opp her hjå oss frå framande land og «ikkje vil innretta seg etter norsk folkeskikk». Men raseriet var ikkje berre retta mot islam, det råka kristendomen òg. Kristendomen, heitte det, er same ulla som islam, «same shit, different wrapping». Skulane skal vera for læring og kunnskap, «ikkje forbanna overtru og ørkengudar».

Såleis er dette ikkje ein religionsstrid mellom ulike religiøse konfesjonar, men mellom det religiøse og det sekulære raseriet.

 

Usannsynlege alliansar

I papiravisene, på overflata, danna det seg to grupper på kvar si side av frontlina.

For bønerommet stod Islamsk råd, skulestatsråd Kristin Halvorsen, Den norske kyrkja og Vårt Land. Den andre flokken, mot bønerommet, samla liberale muslimar, Carl I. Hagen, Human-Etisk Forbund, Hege Storhaug, Høgre og Ap.

Dei fleste av desse argumenterte prinsipielt, men ut ifrå to ulike prinsipp. Dei som var mot bønerommet, viste til at skulen er ein sekulær, altså religiøst nøytral institusjon. Dei som var mot, viste til ånds- og religionsfridomen.

To eller tre unnatak var det. Hege Storhaug, som ikkje har noko å tapa på å seia rett ut kva ho meiner, gjekk imot bønerommet fordi dette ville innebera ei auka «islamifisering», noko som kan vera eit argument, men ikkje eit prinsipielt argument. Kristin Halvorsen søkte tilflukt i lokalt sjølvstyre i skuleverket, men dette er elles ikkje noko prinsipp for henne. Ho ville neppe gått inn for prinsippet om lokalt sjølvstyre når det gjeld «stillerom» ved skulane, om det hadde vore opplagt at «stilleromma» i praksis ville verta nytta av radikale kristenfundamentalistar med ekstremt abortsyn, sterke Israel-sympatiar og veksande tilslutning blant elevane og gode kontaktar til miljøet rundt «Norge Idag». Truleg tok ho dette standpunktet for å hindra at ein i muslimske minoritetsmiljø skulle kjenna seg overstyrd av den «norske» majoriteten. Eit godt føremål, men ikkje eit prinsipielt standpunkt.

Biskop Kvarme og redaktøren i Vårt Land grunngav si støtte til bønerom med religionsfridomen. Men slik fridom har vi hatt i alle år, utan bønerom. Det har vore langt fleire truande kristne i elevmassen før i tida og større kristen aktivitet gjennom dei kristne skulelaga enn i dag, utan at nokon har hatt trong for eit eige rom for bøn. Brått hadde dei kristne gløymt Jesu ord om at «dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning» og ikkje på ein bestemd stad og dimed heller ikkje i noko særleg bønerom. Her vart prinsippet om åndsfridom nytta til å fremja ei resakralisering som kan enda med å gjera sjølve det offentlege rommet til eit bønerom.

 

Junus-saka

Som sagt synest prinsippet om religionsfridom å stå i motsetnad til prinsippet om religiøs nøytralitet i det moderne samfunnet. Desse prinsippa må då avvegast mot kvarandre. Korleis dette kan gjerast, går fram av den såkalla Junus-saka i Tyskland frå 2009- 11.

 Denne saka byrja med at den fjorten år gamle Junus M. ved ein vidaregåande skule i Berlin saman med sju medelevar vende seg mot Mekka i bøn på skulegolvet. Etter at bøna var avslutta, forklarte rektor ungdomene at bøneaktivitet ikkje var tillate på skulen, på grunn av skiljet mellom stat og kyrkje og av omsyn til andre elevar.

Men heime hos Junus M. vart dette ikkje godteke, og dimed byrja saka på ei årelang vandring gjennom det tyske rettssystemet. Junus vann fyrst fram. I ei mellombels forordning i 2008 gav Forvaltningsdomstolen i Berlin han retten til be på skulen, der ein måtte stilla eit rom til disposisjon for han. Saka var no vorten svær i Tyskland.

I 2009 stadfeste domstolen den mellombelse forordninga. Dommen vart grunngjeven i prinsippet om religionsfridom. Men retten var likevel ikkje meir prinsipiell enn at ein føydde til at dommen galdt eit «einskilddøme», og at «massebøn» ved skulane ville vera ein heilt ny situasjon.

 

Pragmatisk tilnærming

I 2010 kom saka opp i neste rettsinstans. Her vart den fyste dommen oppheva, fordi retten ikkje ville sjå på Junus-saka som «einskilddøme», men som føredøme. Den fleirreligiøse karakteren til det moderne samfunnet vart gjeven som årsak til at ein ikkje kunne gje nokon rett til å be i skuletida og særleg ikkje i eigne rom. Dét måtte føra til at andre trussamfunn ville krevja å få same rettar.

I 2011 vart denne dommen stadfest i Bundesverwaltungsgericht, men samstundes oppmjuka, idet ein tilrådde ei pragmatisk line der ein orienterte seg etter dei skiftande omstenda frå skule til skule. I Berlin-skulane med hundretals elevar og truande innanfor alle fem verdsreligionar vart slik praksis frårådd. Der berre ei handfull elevar ville be, meinte retten at dette kunne ordnast i det stille ved å gje dei tilgang til eit «avsidesliggjande» rom i matpausen.

Eit anna viktig innslag i den tyske rettsprosessen var sondringa mellom ei religiøs gruppe og overtydinga til eit einskildindivid. Ei gruppe kan nemleg ikkje ha noka personleg overtydig. Det som krev respekt, er difor ikkje eit kollektivt standpunkt knytt til ein abstrakt religiøs konfesjon, men den personlege overtydinga hos ein einskild. Noko paradoksalt vart det då trekt inn fleire sakkunnige på spørsmålet om kva islam eigenleg seier om tidspunkta for obligatorisk bøn.

Grunnen til dette var at om desse tidspunkta ikkje er fastlagde i religionen, misser den personlege overtydinga noko av sitt truverde om ein einskildperson ikkje nøyer seg med å vera overtydd om islams sanning, men stiller opp med religiøst dårleg grunngjeve særstandpunkt.

Dei sakkunnige meinte at jamvel om ein truande muslim etter religionen sin er forplikta til å be eit fast tal gonger dagleg, er ikkje tidspunkta for bøna fastlagde, men kan innrettast etter omstenda. Berre den som har ei truverdig individuell overtyding om at ein må be med faste mellomrom og difor òg i skuletida, kan tilståast denne retten.

 

Guppe og individ

Lat oss ta desse vurderingane frå Tyskland med i rekneskapen. I Noreg har vi ein offentleg, sekulær skule utan trusgrunnlag og med eit human-etisk verdigrunnlag. Mellom desse verdiane reknar føremålsparagrafen til skulen både «åndsfridom» og «respekt for den einskilde si overtyding». Desse og andre grunnverdiar ligg innanfor ei forståing av skulen som ein daningsinstitusjon for einskildindivid.

 Skulane skal altså ikkje vera «fleirkulturelle» institusjonar eller arena for religiøs gruppepraksis, men opplæring og oppseding av einskilde menneske. Dimed er det ikkje «islam» eller «muslimane» som kan ha rett til bøn i skuletida, men berre einskildindivid. Skuleleiinga kan berre gje denne retten der dei meiner at ynsket om å be er grunna i ei personleg overtyding, og ikkje om dei trur det dreiar seg om ein gruppemarkering med politisk eller liknande tilsnitt.

Ein kan då utan å bryta med prinsippet om sekularitet tillata bøn på grunnlag av personleg overtyding i former som ikkje inneber gruppe- og revirmarkering på skulane. Det inneber at skulane utan å bryta med prinsippet om religiøs nøytralitet kan tillata einskildindivid å nytta matpausen til å dyrka sine ymse gudar i ledige rom i nokre minutt og i det stille.

Det er ein slik tankegang ein må følgja. Vi kan ikkje tillata eigne bønerom for organisert gruppebøn, fordi dette institusjonaliserer religiøs praksis på eit vis som bryt med prinsippet om skulen som eit sekulært og religiøst nøytralt, offentleg rom. Dette gjeld anten det er muslimar, kristne eller hinduar som utgjer gruppene. Samstundes bryt då eit slikt forbod ikkje med religionsfridomen, fordi denne fridomen i skulesamanhengen er knytt til einskildindivid og ikkje til grupper.

 

(Dag og Tid, 5. oktober 2012)

 

Lagt ut 07.10.2012