Main menu:

Undersider for Artikler:

Fattigdom på billegsal

I den mykje omtala rapporten sin frå 2012, «Tiggerbander og kriminelle bakmenn eller fattige EU-borgere? », går sosialantropologen Ada Engebrigtsen inn for å oppfatta den tigginga som mange rumenske migrantar driv med i Oslo som uformell økonomisk gateaktivitet.

Tigging skal vera arbeid, eller «varebytte der tiggingen er arbeidet som byttes med lønn».

Tigginga vert karakterisert som ei entreprenørverksemd som har kome i staden for dei tapte arbeidsplassane i rumensk industri og landbruk etter fallet til det kommunistiske Ceausescu-regimet i 1989.

Engebrigtsen finn at dette tiggararbeidet vert utført innanfor storfamiliar som «fungerer som en økonomisk bedrift». Ho finn ikkje stadfest at denne entreprenørverksemda skulle ha «bakmenn » og vera ledd i noko kriminelt nettverk. Rumenske tiggarar skal vera «selvstendig næringsdrivende familier». Tiggararbeidaren sel fattigdomen sin på gata, og den som gjev nokre kroner til dei som sit på fortauet, kjøper noko av denne fattigdomen.

Transaksjonen gjer tiggaren litt mindre fattig og gjev nordmannen litt mindre skuldkjensle, noko begge tener på.

 

Skamkjensla

Når vi likevel reagerer mot tigginga, så skal det vera fordi dei framande fattige gjev oss dårleg samvit. «Ansikt til ansikt med tiggere stilles vi overfor en annen virkelighet der økonomisk ulikhet er regelen, og der de fattige ikke bare viser frem sin skam, men også vår (fordi vi er rike blant fattige)», skriv Engebrigtsen.

Tek ein denne tankegang en eit steg vidare, kan ein seia at vi vil forby tigging for å sleppa skamkjensla over å vera rike. Det vi då eigenleg vil forby, er den offentlege framvisinga av fattigdom.

I dette universet er tiggeforbodet ei straff vi gjev dei fattige fordi dei minner oss på den syndefulle rikdomen vår.

Det ligg ein romantiserande og moraliserande grunntanke i denne skildringa av fattigdomen som ein metafysisk høgsterett.

Denne tanken ligg òg i Engebrigtsens referat av sosiologen Zygmunt Bauman, som karakteriserer tiggaren som mislukka forbrukar, det vil seia ei lekamleggjord moralsk skulding mot forbrukarsamfunnet.

Tiggaren er ikkje berre eit offer for vår rikdom, men òg domaren over denne rikdomen.

Han er ein slags elendets tragiske hero som etisk og eksistensielt står høgt over ein vanleg og keisam lønsarbeidar.

 

Jesus som tiggar

Tiggaren er som Jesus, fattig, men berar av djupare visdom, ein som peikar på oss og tvingar oss til sjølvransaking. Hovudsaka er ikkje at tiggaren lid vondt, men at det er vår skuld at han gjer det. Berre vi tek denne skulda på oss, er det ikkje så farleg om tiggaren lid. Tvert om treng vi lidinga hans, for utan den kan vi ikkje koma til syndserkjenning og verta frelste frå rikdomen vår.

Såleis ber tiggaren vår synd og kan forløyse oss berre vi trur på han og gjev han nokre kroner.

Denne sjølvkritiske granskinga ser ein òg i eit temahefte frå HL-senteret, «Antisiganisme, stereotypier og diskriminering av rom» (2012) av Maria Rosvoll og Natasha Bielenberg, der stereotypiske haldningar hjå fleirtalsbefolkninga vert sedde på som igangsetjarar av ein vond sirkel.

Marginaliseringa og diskrimineringa av rom overfører fleirtalsfordomane til sjølvopplevinga til minoriteten, som så i neste runde stadfester dei opphavlege fordomane.

Majoriteten skaper minoriteten, ikkje i sitt bilete av seg sjølve slik Gud skapte mennesket, men i sitt forvanska bilete av den framande.

Sjølv der rom opptrer stereotypisk, til dømes ved å utnytta trygdeordninga som i svindelsaka frå 2009, der romfamiliar hadde ordna seg store utbetalingar ved hjelp av falske identitetar, ligg etter forskarane si meining stereo typiane til majoriteten til grunn som første årsak. Ved at vi foraktar, støyter ut og diskriminerer minoriteten, forsvarar minoriteten seg med å utvikla ein kultur der det å vera utstøytt og utanfor vert adelsmerke. Når det gjeld romkulturen, vert til dømes kampen mot majoritetsskulen sedd på som viktig for å ta vare på romidentiteten. Det skal såleis vera våre haldningar og handlingar som hindrar rom i å verta fullverdige borgarar og deltakarar i samfunnet.

 

Minoriteten som produkt

Men denne einsidige fokuseringa på vår skuld inneber ei umyndiggjering og nedvurdering av dei andre. Utsegna om at det er vår diskriminering som har skapt kulturen til dei andre, inneber ei nedvurdering av minoritetskulturen som eit negativt resultat av framferda til majoriteten.

Minoriteten vert til produktet til majoriteten, til reint objekt, og misser evna til å handla fritt og endra seg sjølv. Men ein kultur prega av mangel på skulegang og utdanning, autoritære og patriarkalske slektstradisjonar, tidlege ekteskap og førmoderne arbeidsformer, må i seg sjølv fjøra til fattigdom i moderne tid. Ein kultur som held fast på livsformer som ikkje lenger gjev det mest naudsynte utkome og samstundes hindrar menneska i å bryta ut til nye livsformer, kan indirekte tvinga dei inn i kriminalitet. Men fordi vi har opphøgd oss sjølve til skaparar og ursyndarar, og nedvurdert dei andre til vårt objekt, vert kriminaliteten både orsaka og tilslørd.

Både norsk politi og Europol skildrar den nyare rommigrasjonen som nær knytt til organisert kriminalitet og set den organiserte tigginga i samband med menneskehandel («Trafficking in Human Beings in the European Union», Europol Public information 2011). Når forskarar ofte ikkje finn slik tilknyting, men talar om tigging som «arbeid» utført innanfor ramma av «storfamiliar », så meiner ein at dette er fordi storfamilien og klanen vert nytta som struktur for kriminell verksemd. I ein viss forstand finst det ingen bakmenn, fordi klanleiarane styrer verksemder som samstundes er familieverksemd og gjengkriminalitet, alt etter kva for eit perspektiv ein vel.

 

Verneverdig fattigdom

Når ein definerer tradisjonelle kulturdrag hjå minoritetar som fattigdomsformer skapte av diskrimineringa til majoriteten, kunne det logiske steget vidare stogga diskrimineringa, slik at sjølvforsvarskulturen retta mot diskrimineringa med tida forsvinn.

Men dei som meiner at tiggarane er offer for rikdomen vår og vert tvinga til tigging av fattigdom, ser paradoksalt nok ofte tigging som noko sjølvvalt og ein del av ekte kulturell identitet.

Då vert tigginga brått bevaringsverdig.

Dimed vil mange som soknar til den politiske venstresida, der tanken om fleirkultur står høgst i kurs, tillata organisert tigging.

Det er eit paradoksalt standpunkt for venstreorienterte. For aksepten av organisert tigging lèt seg best forsvara som uorganisert velgjerd innanfor eit statisk klassesamfunn. Når ein godtek tigging som fast institusjon, godtek ein òg at velferdsordningar ikkje er svaret på sosial naud, i kvart fall ikkje i vår tid.

Det vert då konsekvent å seia at det ikkje lèt seg gjera å endra dei økonomiske, sosiale og kulturelle omstenda som skaper fattigdomen, og at det difor er rett å lindra han gjennom velgjerd. Med velgjerda aksepterer vi i praksis ein nyliberal økonomi med global klassedeling, global arbeidsløyse og nedvurdering av arbeidsfolket til anonyme massar som kan drivast på kryss og tvers av kontinenta etter behova til kapitalen.

 

Høgrepolitisk sosialisme

Det motsette paradokset ser ein hjå forbodstilhengjarar, som ofte høyrer til i det politiske opplandet til Høgre og Framstegspartiet.

Tiggeforbodet lèt seg lettast forsvara ut frå ei reformorientert eller sosialistisk politisk haldning.

Om vi forbyd den organiserte tigginga, seier vi samstundes nei til at menneske må nedlata både seg sjølve og andre for å kunna leva.

Nett som dei tradisjonelle sosialistane lèt ikkje tilhengjarane av tiggeforbodet seg sjarmera av eksotisk elende, men avviser privat subsidiering av organisert krenkjing av menneskeverdet.

For å vera konsekvente må dei krevja fungerande velferds-ordningar som sikrar dei svakaste mot den ytste naud, noko som på all rimeleg sikt berre er mogeleg innanfor nasjonsgrensene.

Dermed vert tiggeforbodet knytt til kampen mot overnasjonale statsdanningar og til forsvaret av den sosiale konsensusen som er føresetnaden for å halda oppe velferdsstaten. Ikkje noko av dette har vore flaggsaker på høgresida.

 

Migarsjonskompasset

Slik har høgre gått til venstre og venstre til høgre. Det er den internasjonale migrasjonen som har spela oss eit puss.

Tigge saka har vorte eit særtilfelle av ordskiftet om innvandring og flyktningpolitikk. Å vera for tiggeforbod vert opplevd som å vera innvandringsskeptikar og framandfiendsleg, medan dei som går mot tiggeforbodet meiner dei uttrykkjer internasjonal solidaritet og empati for flyktningar.

Innvandringssosialisten kan vera rein laissezfairekapitalist og i praksis gå inn for både klasseskilje og privatisering av velferda, fordi den positive haldninga hans til flyktningar immuniserer han mot alle skuldingar om rasisme og egoisme.

Politisk kan han la seg driva langt til høgre og likevel vera «venstreorientert», så lenge han berre flaggar med den internasjonale migrasjonen som verkemiddel til global økonomisk utjamning.

Denne innvandringssosialismen oppstår fordi dei internasjonale migrasjonane er knytte til globalisering og modernisering, til økonomiske skyldnader og organisert menneskehandel, til nyliberal og profittorientert verdsøkonomi med høge valutamurar som kan tidobla verdien til arbeidet eller redusera han til nesten ingenting, og ikkje minst til EU-prosjektet, som er tent med at nasjonale grenser og etnisk homogenitet vert svekt. Ein sosialist som nyttar migrasjonen som kompass, vert difor førd inn i høgrepolitisk farvatn.

 

Fri flyt av fattigdom

På den tradisjonelle høgresida skjer det same med motsett forteikn. Her vert tradisjonelle høgresaker som globalisering, kapitalisme, overnasjonal økonomi og ja til EU dumpa som ein konsekvens av at migrasjonssaka vert nytta som kompass for den politiske kursen.

Straks dei nyare migrasjonane vert oppfatta som den viktigaste saka i samtida og som trugsmål mot den gjeldande sosiale ordenen, går høgresida uvilkårleg over til dei tradisjonelt sosialistiske standpunkta, så som motstanden mot EU og EØS, trua på den nasjonale sjølvråderetten, at folket skal ha rett til politisk medavgjersle utan vilkår fastsette av ein elite, og ikkje minst samanhengen mellom sosial tillit, nasjon og velferdssystem. Skiftet er overraskande, men logisk, fordi det er den tradisjonelle norske sosialismen som best grunngjev måtehald i migrasjonen. Men innvandringssosialistane argumenterer for fri flyt av menneske og andre varer og krev fridom for einskildindividet til å tigga om lukke der ein sjølv finn det for godt.

 

(Dag og tid 27.07.2014.)