Main menu:

Undersider for Artikler:

Frå universitet til moské

I romanen Underkastelse fortel den franske forfattaren Michel Houellebecq om korleis Frankrike på fredeleg vis vert omgjort til ein islamsk stat etter valet i 2022.

 

Grunntanken i romanen er at ein sivilisasjon ikkje kan overleva utan eit metafysisk grunnlag som bind menneska saman og gir dei motiv til å oppretthalda kollektive verdiar. I Houellebecqs augo har den moderne europeiske sivilisasjonen med ideala om personleg fridom og sjølvrealisering tapt det metafysiske grunnlaget sitt og kan difor ikkje overleva.

 

Hovudpersonen i Underkastelse, litteraturvitaren François, freistar å overskrida denne tilstanden av pessimisme og undergang. På vegner av det dødsdømde Europa vil han revitalisera kristendomen gjennom ei personleg mysterierfaring. Når dette mislukkast, går han over til politisk islam.

 

Såleis seier romanen at europearane må fornya kulturgrunnlaget sitt gjennom ei inderleggjering av kristendomen, eller underkasta seg islam.

 

VITSKAPSTRU OG RELIGION

Det er i sanning ei upassande utsegn, særleg i ein roman skriven av ein ateist. Då er det enklare å lesa Underkastelse som ein tendensroman som åtvarar mot religionens atterkome, slik nestleiaren i SV Bård Vegar Solhjell har gjort.

 

I eit intervju med Klassekampen 5. august peikar Solhjell på at det i vår tid vert opna for ei utvikling der samfunnet vert styrt ut frå religionen. Dette skjer ved at europeiske elitar samarbeider med moderate islamske rørsler, og fordi venstresida ikkje klarer å nedkjempa dei konservative kreftene i islam.

 

For Solhjell vert Underkastelse dermed ei påminning om at «sekulære verdier virkelig er verdt å kjempe for», fordi «hele opplysningstradisjonen representerer det viktigste framskrittet Vesten har gjort noensinne – den har erstattet religion med vitenskap som fundamentet for hva vi tror på i vår tid».

 

I DÅRLEG TRU

Men dette er det motsette av tendensen i Underkastelse, der nett opplysingstradisjonen som munna ut i den individuelle nytingskulturen frå 1960-talet av, vert forkasta som tom og verdlaus.

 

I denne forkastinga av opplysing og fridom møtest Houellebecq og islamistane. Men kva er det dei eigentleg har imot så opplagt gode ting som ei opplyst verd og eit fritt liv? Korleis kan dei meine at desse ideala som er blitt kjempa fram i Vesten, og som Solhjell vil fylka oss til vern om, fører til sivilisatorisk undergang?

 

Dei kan meine dette fordi vitskap og borgarretter ikkje er eller gir livsinnhald i seg sjølv, men berre legg til rette for at einskildmenneska kan realisera seg sjølve. Så seint som på 1800-talet vart denne frie sjølvrealiseringa sett på som vegen til ei vedunderleg ny verd. Etter verdskrigane, naturøydelegginga og kommersialiseringa av all kultur har sjølvrealiseringa som samfunnsideal kome i miskreditt. Det er ikkje lenger mogeleg å vera i god tru på at «vitskap» og «fridom» er einvegskøyrde vegar til sosiale paradis. Held ein seg med slike overtydingar, er ein snarare i dårleg tru.

 

«HOLE MENNESKE»

Det tyder ikkje at alle menneske må ha ei religiøs tru for å finna livsinnhald eller verta dugelege i livet. Men i vestverda i dag er ofte innhald og dugleik formidla gjennom ein kristen og humanistisk kultur som trass i at han er borte frå overflata, enno ligg i kjenslelivet. Romanpersonane til Houellebecq er meir moderne tvers gjennom. Dei er vortne andeleg utmagra, «hollow men» eller levande daude, ein lagnad som ventar alle i ein sivilisasjon utan metafysisk grunnlag.

 

For vitskap seier noko om korleis verda er bygd opp, men kan ikkje gje menneska livsinnhald. Politisk og personleg fridom eller borgarretter er rammevilkår for livet, men ikkje «verdiar» i eksistensiell meining. Ein kan kjempa for dei når ein ikkje har dei. Men når ein har vunne denne kampen, må ein ha noko å bruka trofeane til. Frontfigurar som Solhjell kan fortsetja å kjempa og finna meining i kampen for morgondagen. Andre treng noko for dagen i dag. Det vert tilbode dei i religionane.

 

Som ideal stiller vitskap og fridom difor med eit handikap overfor den autoritære religionen som er ekspert på meining. I konkurransen om livsmeining tapar Noregs lover mot Koranen. Det er nett fordi ideal som vitskap og fridom er eksistensielt tomme, at religionen kjem attende.

 

POSITIVISMENS ATTERKOME

Trua på at naturvitskapen kan ta over kristendomens gamle hovudrolle og gje svar på alle viktige eksistensielle spørsmål, forklara alle samanhengar i verda og løysa alle samfunnsproblem, inneber ei overvurdering av kva vitskap kan gjera for oss, og vert i seg sjølv ei årsak til religiøs renessanse.

 

Det ser ein òg av ei historisk betraktning. Det eindimensjonale i den positivistiske vitskapstrua og dei sosiale konsekvensane ho fekk, gav på 1800-talet støyten til den vidt forgreina nyreligiøse rørsla som enno veks i Amerika og Europa, og vekte islamismen opp til forsvar for gamle verdiar i den arabiske verda på 1900-talet.

 

Religionens atterkome kjem ikkje frå ingenting. Ho kjem frå den eindimensjonale vitskapstrua. Nett dette syner Houellebecq med dei vitskapleggjorde og opplyste, frie og triste romanpersonane med eit utarma sjelsliv som set dei i stand til kva som helst, også oppgjevinga av den personlege fridomen i spranget frå depressiv ateisme til politisk islam.

 

Vegen frå kyrkja til det sekulære universitetet var lang. Men avgrunnen frå det moderne universitetet til moskeen kan ein gjera i eit einaste byks.

 

Dag og Tid 14.08.2015