Main menu:

Undersider for Artikler:

Gufset frå skrivebordsskuffa

Var Rudolf Steiner antisemitt? Har dei norske Steinerskulane, Vidaråsen Landsby for psykisk funksjonshemma, dei biodynamisk-økologiske gardsbruka og ei rekkje norske forfattarar frå Ivar Mortensson-Egnund til André Bjerke og Jens Bjørneboe henta inspirasjon frå ei antisemittisk tankeretning? Det hevdar idéhistorikaren Jan-Erik Ebbestad Hansen i boka En antisemitt trer frem. Jødehataren som stig fram, er rett nok ikkje Rudolf Steiner, men forfattaren og antroposofen Alf Larsen (1885-1969).
 

Alf Larsens upubliserte manuskript «Jødeproblemet» ser ut til å kunne vere den mest vondsinna antisemittiske teksten som finst på norsk. Teksten vart truleg skriven i 1950-åra, men vart liggjande upublisert i skrivebordskuffa fordi Larsen ikkje kunne finne ein forleggjar som ville gje han ut. Jødane er ein «forfærdelig byld», «verdensutviklingens uhyggeligste likgift», «den nationale galskaps kreftknute i menneskehetslegemet», skriv Alf Larsen, som òg meinte at «Israel er jødedommens syfilis».
 

EIT TENDENSIØST BILETE
No vil Hansen overtyde oss om at antisemittismen til Alf Larsen er henta frå Rudolf Steiner. Men boka til Hansen tonar ned det som hos Steiner talar mot dette, og legg nær all vekt på det som kunne tale for det. Resultatet vert eit Steiner-bilete som dei færraste som har sett seg inn i Steiners verk, vil kjenne att.
 

Rudolf Steiner vart fødd for meir enn 150 år sidan og voks opp med den austerrikske tysknasjonalismen. Mangt i tenkinga hans er sjølvsagt prega av dette. Mystikken hans vart til i tilknyting til den moderne teosofien og er farga av dette òg. Idéhistorisk sett oppstod mykje i antroposofien kanskje som ei applisering av darwinismen på teosofien og som ei omarbeiding av teosofien frå Steiners ståstad i den tyske idealistiske filosofien frå Lessing til den yngre Fichte.
 

Det seier seg sjølv at ein tenkjar tek inn den kulturen han veks opp i, og som alle veit, hadde tiåra på begge sider av 1900 mange innslag av rasistisk, antijudaistisk og antisemittisk tankegang. Dette var òg ei tid då evolusjon og degenerasjon skulle forklare det meste.
 

Slike innslag låg òg i den tyske idealismen, til dømes hos Fichte. Ein finn skuggar av det òg hos Steiner: ein utviklingsidé som reknar med «rasar» eller «kulturepokar» som berarar av kulturframsteg, men fortrinnsvis i eldre tid, og hos Steiner klårast i den teosofiske perioden; ein folkepsykologi som reknar med kollektive nasjonale identitetar grunna i ei lære om folkesjel eller folkeånd; særbehandling av jødedomen som noko spesielt utlevd; omtale av indianarar og andre urfolk som «degenererte» sidestraumar i evolusjonen; framheving av kvit folkesetnad og europearar, ikkje minst mellom- og nordeuropearar, som høgst utvikla etter eit darwinistisk skjema omsett til kultur og ånd; skildringar av åndeleg-biologiske skilnader mellom kvit, gul og svart «rase» og så bortetter.
 

KJELDEGRUNNLAG
Det er inga sak å samle i hop alt dette og arrangere det på ein vis som lèt Steiner tre fram som ueteleg og antroposofien som ein rasistisk ideologi. Men hundre år er lang tid, særleg når dei inneheld ein verdskrig, holocaust og ein global teknologisk og økonomisk revolusjon.
 

Det finst mykje som for oss må vere merkeleg og støytande i Steiners svært omfangsrike verk, som no dekkjer om lag 95.000 boksider, størstedelen stenograferte føredragsmanuskript som Steiner sjølv aldri las eller redigerte, men som vart ordna og gjeve ut etter at han døydde i 1925. Berre ekspertane har vore gjennom alt. Mykje, til dømes eit stort tal notatbøker gjennom fleire tiår, ligg enno uordna i arkivet i Sveits. Ei utgåve av den samla korrespondansen er framleis under arbeid.
 

Men av dei tre binda med privatbrev som alt ligg føre, har Hansen berre funne eitt brev med antisemittisk innhald, eit særs kjent døme òg, nemleg eit brev til Marie von Sivers i 1905, der Steiner snakkar om den vesterlandske kulturutviklinga som ein overgang frå «semittisk» til kristen tenking.
 

I dei kring tusen boksidene med korrespondanse er det elles sant nok ikkje mykje å finne om semittar. Men for 22. juli 1893 finst det ein kommentar til riksdagsvalet i eit brev til Pauline Specht, kona i den jødiske familien i Wien der Steiner var huslærar i 1880-åra. I dette brevet går Steiner til åtak på antisemittar nemnde med namn og seier at framgangen for det antisemittiske partiet i Tyskland tyder på «ein auke av råskap og uforstand i befolkninga som forskrekkar meg» og «eit forfall i det offentlege livet», og den antisemittiske leiaren kallar han «eit umåteleg tåpeleg menneske».
 

Det er lett å skjøna at Hansen hentar fram brevet til Marie von Sivers om semittisk tenking, men kvifor legg han ikkje like stor vekt på brevet der Steiner går til åtak på antisemittane?
Steiner meinte at antisemittismen var ein «kultursjukdom», som han skreiv i ein artikkel i organet for «Foreininga mot antisemittismen». Han var ein ihuga forsvarar av Dreyfus. Korleis kan det ha seg at ein så open motstandar av antisemittismen som Steiner var, kunne ha synspunkt som vi i dag oppfattar som antijødiske? Det er lett å skjøna ut frå den historiske samanhengen.

 

ANTISEMITTAR
Blandinga av antijødiske innslag og distansering frå antisemittisme var typisk for tida. Rudolf Steiners syn på jødedomen vart ikkje utvikla eller oppfatta som antisemittisme, men stod tvert om i opposisjon til tidas «vitskaplege» antisemittisme som meinte at jødane av naturen var «vampyrar som syg livskrafta ut av dei ariske folka», som antisemitten Georg von Schönerer sa.
 

Antisemittane meinte at jødane på grunn av den skadelege naturen måtte isolerast frå tyskarane. Dei assimilerte og liberale jødane, til dømes Steiners ungdomsven, den austerrikske historikaren, avisredaktøren og liberalaren Heinrich Friedjung, stilte seg i opposisjon til antisemittane med ein assimilasjonspolitikk som ville at jødane skulle gå opp i den kristne og tyske kulturen. Dei fleste liberale intellektuelle, og Rudolf Steiner mellom dei, hadde det same assimilistiske synet.
 

Det gjekk såleis eit skarpt skilje mellom antisemittane som meinte at jødane hadde ein skadeleg indre natur som ikkje kunne endrast, og assimilistane som såg på den jødiske kulturen som noko stagnert. Medan antisemittane ville halde jødane borte frå samfunnet, ville assimilistane nett ha jødane inn i den tyske kulturen og gjere dei tyske.

 

ARBEIDARFØREDRAGA
Når det gjeld Steiner og antisemittismen, er den viktigaste kjelda til Hansen eit stenografisk referat frå ein «spørjetime» frå 1924 som inngår i dei såkalla «arbeidarføredraga». Her skriv Hansen at «mange oppfatter» arbeidarføredraga «som en introduksjon til antroposofien». Dermed gjev han desse føredraga status som sentrale tekstar i verket. Det er ikkje ei rett vurdering.
 

Arbeidarføredraga, over hundre i talet, kom i stand i åra 1922-24, rett før Steiner døydde. Dei var ikkje planlagde, førebudde eller annonserte føredrag, og alle har fått titlane sine i etterhand av redaktørar og etter Steiners død. Som alle Steiners føredrag var òg arbeidarføredraga munnlege, utan manuskript, og vart tekne vare på berre som stenografiske referat som han sjølv aldri såg gjennom, retta eller godkjende.

 

Føredraga vart haldne ved at Steiner i lunsjpausen til byggjearbeidarane gjekk ned på byggjeplassen til Goetheanum og stilte seg til disposisjon for arbeidarane, som fritt stilte han spørsmål som fall dei inn, og som Steiner svara på. Svara var ofte lange, heile små føredrag, og har eit uformelt og direkte preg. Dei handlar om korleis språket oppstod, om korleis det var på jorda då dinosaurane levde, om feber og svangerskap, om absintmisbruk og tvillingfødslar, om heidensk og katolsk kultus, om vesenet til sommarfuglen, honning og kvarts, om Einsteins relativitetsteori, treeininga, Ku Klux Klan, englehierarkia, ernæringa til borna, Kopernikus, skjelpadder og krokodillar. Men altså òg om jødedomen, i spørjetimen med tittelen «Om jødedommens vesen» frå 1924.
 

Hansen nemner ikkje at tittelen er laga av andre etterpå, og legg referatet fram som om det skulle vere eit lenge planlagt og grundig førebudd arbeid kor Steiner «sammenfatter (…) sitt jødesyn». På dette viset tek Hansen noko perifert som korkje er planlagd, førebudd eller gjennomsett, og flyttar det inn i sentrum av antroposofien som «introduksjon til antroposofien».

 

0,036 PROSENT ANTISEMITT
Rett nok byggjer Hansen ikkje berre på dei relativt få og perifere antijødiske utsegnene i Steiners verk. Han meiner òg at antroposofien gjev ei logisk underbygging av Alf Larsens antisemittisme. Det skal vere sjølve utviklingsideen hos Steiner som legg opp til at alt umoderne som har overlevd i moderne tid, er noko bakstreversk og «degenerert».

 

Dette er ein grunnleggjande kritikk av utviklings- og framstegstenking i det heile, som truleg råkar så langt utover Steiner at ein spør seg kor mykje vestleg tenking i det heile som kan gå fri. Dette spørsmålet er så omfattande at det krev eit anna medium enn avisartikkelen.
 

Men ser ein bort frå om sjølve framstegsideen kan vere ein slags antisemittisme eller rasisme, vert det ikkje mykje att av kjeldegrunnlaget til Hansen. Av Steiner-verkets 95.000 boksider nyttar Hansen 1) ei bokmelding av Steiner frå 1888 der han skriv at eksistensen av jødedomen i moderne tid er eit av «historias feilsteg», men der Steiner samstundes distanserer seg frå antisemittismen, 2) privatbrevet til Marie von Sivers, omtala ovanfor, 3) eit føredrag i den såkalla «folkesjelssyklusen» som Steiner heldt i Kristiania i 1910, der det er snakk om dei ulike særkjenna ved folkeslaga, 4) referatet frå ein spørjetime i 1924, der Steiner gjekk inn for assimileringsideen og seier at jødane ikkje kan gjere noko betre enn å blande seg med og gå opp i menneskeætta elles, slik at «jødedommen som folk ganske enkelt ville opphøre», og 5) eit fem liners sitat frå Steiners ungdomsverk Frihetens filosofi.

 

Kjeldene til antisemittisme som Hansen nyttar, utgjer etter dette 0,036 prosent av verket til Steiner.
 

Dette er eit tal som forklarar kvifor intellektuelle som til dømes den jødiske nobelprisvinnaren i litteratur Saul Bellow i årevis hadde bøker av Steiner «slått opp overalt i huset», som bror hans fortel i eit intervju, og kunne drøfte Steiner og antroposofi i nobelromanen Humboldts gave utan å ha vorte støytt vekk av antisemittisme hos Steiner: Han var oppteken av kva Steiner seier om døden og det individuelle menneskelege medvitet, det vil seie innslag i antroposofien som enno kan vere gyldige, ikkje av nokre få antijødiske utsegner som alle anstendige menneske i dag reknar for på alle vis å vere ugyldige.

 

 

Dag og Tid, 13. juli 2018.