Main menu:

Undersider for Artikler:

Jakta på jegeren

Med rettkomen harme gjekk ei ung kvinne som ikkje ville verte eit namn i tabloidpressa, laus på Verdens Gang i eit oppslag i Dagbladet førre fredag. Saka galdt SMS-ar som Trond Giske (Ap) i 2011 sende henne etter ein sein festmiddag i partiet. Giske skal ha spurt kvar på hotellet det var fest, men teksten skal ikkje ha vore krenkjande, skreiv VG i ein større reportasje 14. desember i år.
Det som låg under, var at nokon kunne finne det upassande at ein 44 år gamal næringsminister seint på kvelden tek kontakt med ei ung kvinne på 19 år. Her kunne det løyne seg noko som pressa kunne skrive om, og som ville øydeleggje den politiske karrieren til Trond Giske.

 

SAL AV PRIVATLIV
Store ressursar vart sette inn på å finne dette. VG fann ut kven den unge kvinna var og kontakta henne ei rekkje gonger; dei gjekk på henne sjølv, på mora, på vener og tidlegare kollegaer, til menneska kring henne tok til å tru at ho hadde vore utsett for noko alvorleg.
Men til Dagbladet sa ho at ho aldri hadde motteke ein upassande SMS frå Trond Giske, og la til: «Det eneste upassende og krenkende jeg har opplevd i denne ‘saken’ er at journalister, i sin jakt på drittsaker overkjører meg og fratar meg retten til selv å eie, og definere, min egen historie. » Ho stod opp mot ei pressemakt som lever av å stele privatlivet til andre og selje det på gata.
Dermed svekte ho den foreløpige hovudsaka for Verdens Gang og Dagens Næringsliv som har køyrd saka mot Giske. Med ei rekkje reportasjar, som kvar for seg og i skrivande stund ikkje har avdekt noko skandaløst med Giske, held Dagens Næringsliv andre aviser på gjerdet. Fordi vi ikkje veit om dei kanskje enno rugar på ei stygg historie om Giske, vågar vi ikkje kome han til forsvar. Giske er såleis heilt åleine mot avisa.

FORMIDLINGSKUNSTEN
Saka starta i Dagens Næringsliv 7. desember med reportasjen «Knytter rykter om seksuell trakassering til intern maktkamp». Her heitte det at leiaren av Arbeidarpartiets kvinnenettverk, Anniken Huitfeldt, på Aps gruppemøte på Stortinget dagen før hadde åtvara partifellane mot å nytte rykte om seksuell trakassering i maktkampen i partiet.
Dermed fekk vi vite at det gjekk slike rykte i partiet, men ikkje kva for rykte, eller om kven. Det vart heller ikkje sagt kva for ein maktkamp det handla om. Men sidan det var snakk om seksuell trakassering, visste lesaren at det handla om ein mann. Rett under tittelen stod eit bilete av Jonas Gahr Støre og Trond Giske.
Eit anna nyhende, som avisa ikkje nytta i tittelen, var at «flere Ap-representanter» rett etter det lukka møtet i Aps stortingsgruppe gjekk til journalistane i Dagens Næringsliv og la fram for dei kva som hadde gått føre seg på møtet. Det er fyrst og fremst ei illojal framferd som kan få lesaren til å tru at desse Ap-representantane nyttar avisa i ein intern fraksjonsstrid.
Men avisa vil ha oss til å tru at det er moralsk forarging som driv Ap-representantane til illojalitet. Dei er «virkelig opprørte» over at Anniken Huitfeldt antyda at nokon nytta rykte om seksuell trakassering i ein intern maktkamp i partiet. Dei har reagert på at Huitfeldt hadde sagt at «det må være lov å gå på en smell», noko dei meinte «kunne oppfattes som bagatellisering av tilfeller av seksuell trakassering». Lesaren må no spørje seg om det i Ap finst verkelege døme på seksuell trakassering som Huitfeldtfløya vil leggje skjul på.
Samstundes veit lesaren at Huitfeld står Giske nær, og Dagens Næringsliv skal seinare syte for å slå fast at Huitfeldt er ein nær alliert med Giske (Dagens Næringsliv 13. desember). Ut frå vanleg kunnskap vert det no rimeleg å skjøne avisreportasjen slik at Trond Giske har «gått på en smell», det vil seie gjort noko seksuelt upassande, og at Huitfeldt dekkjer over dette ved å mistenkeleggjere kvinnene som har varsla om smellen.
Dette inntrykket forsterka Dagens Næringsliv dagen etter med eit intervju med Ap-veteranen Gro Balas, som i 2002 trua med å gå inn for valboikott av partiet om Trond Giske vart vald inn i partileiinga.
Balas gjekk hardt ut mot Huitfeldts åtvaring mot å nytte rykte om seksuell trakassering i indre partistrid, og meinte at dette «mistenkeliggjør kvinner som varsler». Med andre ord og mellom linene: Trond Giske har gjort noko seksuelt upassande, men venene hans prøver å verne han ved å mistenkeleggjere kvinnene som varslar om overgrep.

 

#METOO
Reportasjane i Dagens Næringsliv hadde no skapt eit univers der nokre synlege og nokre usynlege element understøtta kvarandre. Det vart snakka om seksuell trakassering på generelt grunnlag, medan konteksten var ein uklår partistrid som avisa ikkje behandla. Ingen namn vart nemnde, men «alle» visste at det handla om Trond Giske.
Den 10. desember sa partiformannen Jonas Gahr Støre til Dagens Næringsliv at det skal vere «trygt å si fra» om seksuell trakassering i Ap. Ord for ord sa han at «de som står frem (skal) slippe å få høre at de farer med rykter». Han la til at det no skulle vere lettare enn før å kome fram med vitnesbyrd om overgrep: «Metookampanjen har åpnet for at de som har vært krenket, kan stå frem, bli tatt på alvor og trodd, sier Støre. »
På overflata var dette noko som alle kan skrive under på. Det positive i #Metoo-kampanjen er at han har gjort det lettare for overgrepsoffer å stå fram, og vanskelegare å gjere unge kvinner til fritt vilt. Men under overflata handla det om Giske. Det er han rykta gjeld. Kven skal lesaren tru på? Skal vi tru det ligg noko særs alvorleg under, sidan avisa køyrer reportasje etter reportasje om dette? Eller skal vi tru at Støre berre seier noko sjølvsagt om kvinnerettar? Ikkje noko av dette vert klargjort i avisa.

 

MANNEN ER GISKE
Slik vart saka i Dagens Næringsliv bygd opp trinn for trinn. Enno er alt berre prinsipielt og moralsk. Men reportasjane har oppretta eit overgrepsunivers med trakasserte og mistenkeleggjorde kvinner, bagatellisering av seksuell vald og vern av overgriparen som «gjekk på ein smell». Alt som manglar, er eit namn og eit andlet.
Det kjem den 12. desember: «Ap-ledelsen har fått flere varsler om Trond Giske», var tittelen. No får vi høyre om desse SMS-ane som vi i ettertid veit var utan uanstendig innhald, og som kvinna det galdt, ikkje varsla om, men berre fortalde om til ein annan som tok det vidare til partileiinga, som etter ei undersøking konkluderte med at det ikkje var noko sak.
Dagens Næringsliv fortel òg at Giske for fleire år sidan skal ha oppsøkt «omkledningsrommet» i samband med ei kulturframsyning. Fyrst dei siste vekene har denne «upassende» episoden vorte meld inn til partiet, men partisekretæren Kjersti Stenseng seier til Dagens Næringsliv at saka er utan substans.
Endeleg fortel Dagens Næringsliv oss at Giske skal ha opptredd «upassende» i samband med ein fødselsdag, og at nokon hadde bede leiaren for Aps kvinnenettverk, Anniken Huitfeld, om å ta saka opp med Giske. Men ingen veit kva dette upassande var, eller om Huitfeld tok dette vi ikkje veit kva er, opp med han.

 

PRESSEDOMSTOLEN
14. desember melde Dagens Næringsliv at Anniken Huitfeldt står fast på å gjennomføre ein intern diskusjon i partiet om misbruk av rykte. Samstundes seier Jonas Gahr Støre til avisa at han ikkje kjenner til at rykte om seksuell trakassering vert nytta i ein partistrid, ein strid han heller ikkje er kjend med.
Dagen etter vart saka så langt summert opp av kommentatoren Eva Grinde i Dagens Næringsliv. Ho ville at lesaren skulle sjå for seg at ho var Ap-medlem og kjende til ei «vond historie» som involverte «en ung kollega og en politiker i en fremskutt maktposisjon, som for alt du vet står på trappene til å bli enda mektigere».
Den vi då ser for oss, er sjølvsagt Trond Giske. Grinde gjekk vidare med å spørje om kor freistande det ville vere å varsle om seksuell trakassering i Ap, etter at Anniken Huitfeldt har sagt at rykte om slikt ikkje skal nyttast som middel i interne maktstridar, og etter at Jonas Gahr Støre har sagt at sakene Dagens Næringsliv og VG har bringa fram mot Giske, er substanslause?
Her sette Grinde fyrst opp ein hypotetisk situasjon der ein framståande politikar gjer overgrep mot ei yngre kvinne. Lesaren vert oppmoda om å sjå dette for seg. Så sette Grinde dei reelle utsegnene til Huitfeldt og Støre opp mot den hypotetiske overgrepshistoria, som kanskje er der, men som enno ikkje var varsla om. Så sa ho at det Støre hadde sagt om dei substanslause rykta om Giske, som Dagens Næringsliv har spreidd, hindra varslarar i å seie frå om den hypotetiske historia ho sjølv og avisa hadde teikna opp. Ho ville altså verne eit hypotetisk offer, men vart moralsk forarga over at Støre og Huitfeldt ville verne Giske, som avisa hennar inntil vidare hadde gjort til eit verkeleg offer.
For alt avislesaren veit, kan det dukke opp saker som syner utnytting av skilnad i alder og posisjon, og Dagens Næringsliv vil då få honnør for å ha hjelpt til med at verkelege offer kjem lettare fram med sakene sine. Samstundes har lesaren undervegs vanskeleg for å felle ein eigen dom i saka og vert ein rein tilskodar.

PARTIDOMSTOLEN
Onsdag melde Dagens Næringsliv at Ap-leiaren Jonas Gahr Støre hadde kalla inn Trond Giske til eit møte der han ville få «fremlagt dokumenter som kan få alvorlige følger for hans fremtid som nestleder», fordi fire «kvinner som har sentrale roller i partiet», har varsla om «upassende oppførsel overfor kvinner» frå Giske.
For den vanlege avislesaren er desse fire varsla endå vagare enn dei tidlegare, samstundes som dei kan vere meir alvorlege, sidan Støre tek affære. Forventninga til at det no er kome fram noko meir alvorleg, er sterkt heva. «En ny fase», kalla dei det i Dagens Næringsliv.
Det går mot siste akt, og ingen veit om Giske går under med eit brak eller eit klynk, slik T. S. Eliot avslutta det namngjetne diktet «The Hollow Men».

 

Dag og Tid, 22. desember 2017.