Main menu:

Undersider for Artikler:

Kongen for trøndarar og somaliarar

Kong Harald har fått mykje ros for talen sin på den store hagefesten i Slottsparken i førre veke. Intensjonen i talen om å inkludera alle menneske i landet i ein nasjonal fellesskap utan omsyn til etnisitet, religiøs tru og seksuell legning, er òg prisverdig. Ein slik tale bidreg til at minoritetar kjenner seg aksepterte.

 

Dette var ein kort festtale der ein ikkje kan venta at kongen skal levera ein full samfunnsanalyse. Likevel er det interessant å sjå kva teksten seier og ikkje seier. Inntrykket mitt er at kongen blanda ein nyliberalistisk og individualistisk idé om samfunnet med ei eldre oppfatning av nasjonen som ein slags kollektiv folkekropp som alle desse individa går opp i, to ting som vanskeleg lèt seg sameina.

 

Eg trur at talen i praksis opnar for ein radikal fleirkultur utan sameinande element. Kongen vektlegg dei individuelle skilnadene så sterkt at det vert stort behov for å få høyra kva som bind saman. Men her hadde ikkje kongen noko å by på.Han ser ikkje anna i Noreg enn natur og einskildindivid. «Norge er langstrakt og spredt bebodd», som han seier, og forutan «høye fjell og dype fjorder» finst det i landet «fremfor alt mennesker».

 

UNIVERSELT MENNESKELEG

Det er vel då dette universelt menneskelege vi har felles. Men det universelt menneskelege er jo noko alle menneske i heile verda har, og er ikkje noko særkjenne for norske statsborgarar eller noko typisk for Noreg som skulle knyte oss meir saman med kvarandre enn til dømes med folk frå Kina eller Moldova. Dessutan skildrar kongen dette felles menneskelege som berre individuelle skilnader. Til dømes er ikkje religiøs tru eller vantru ei samlande kraft, men markerer ulikskapen mellom individa: «Nordmenn tror på Gud, Allah, Altet og Ingenting.»

 

Samlande kulturell identitet, bortsett frå det universelle og det individuelle, finst ikkje i talen til kongen. Det tyder at det i prinsippet ikkje er skilnad på nordmenn, amerikanarar og fijianarar. Vi er alle individualistar med kvar vår religiøse tru, kvar vår seksuelle legning, ymse yrke og subjektiv musikksmak. Alt kulturelt vert såleis framstilt som noko som individualiserer oss og skil oss frå kvarandre.

 

Nær ligg då tanken på den vidgjetne utsegna til ypparsteprestinna innanfor nyliberalismen, Margaret Thatcher: «Det finst ikkje noko slikt som eit samfunn. » Vi er i grunnen berre kundar på ein marknad for livssyn og fritid, arbeid og varer. Vi er alle like for kapitalen.

 

EITT FOLK

Men samstundes som folket ikkje er noko anna enn ei samling einskildindivid som har same slags pass og bur på eit statsrettsleg avgrensa landområde, så vil kongen at desse individa skal elska kvarandre: «At vi skal kjenne at vi – på tross av all vår ulikhet – er ett folk. At Norge er ett. » Her har alle dei ulike einskildindivida på gåtefullt vis skaffa seg «tillit, fellesskap og raushet», fått kjærleik til kvarandre og gått opp i ein høgare folkeeinskap av mystisk karakter.

 

Denne kjærleiken til kvarandre ser kongen uttrykt i nasjonalsongen. Men i kongenstale er det ikkje mykje att av det som Bjørnstjerne Bjørnson rekna som det fellesnorske då han skreiv «Ja, vi elsker». Det fyrste verset i songen, der det heiter at vi «tenker på vår far og mor», knyter straks den norske identiteten til det fysiske landet, slekta og den sams historia til dei som bur her. Nesten alle versa i «Ja, vi elsker» handlar om korleis slektene attende til gamal tid levde og døydde for Noregs fridom og sjølvstende.

 

Men i hagefesttalen til kong Harald har ikkje dei norske individa same historie. Som Harald seier: «Det er ikke alltid så lett å si hvor vi er fra, hvilken nasjonalitet vi tilhører. Det vi kaller hjem, er der hjertet vårt er – og det kan ikke alltid plasseres innenfor landegrenser. » Såleis har nordmennene ikkje eingong heimane sine i det same landet, hjarta deira er spreidd for alle vindar. Og likevel skal vi vera «eitt».

 

Dermed privatiserer kongen heimkjensla og nasjonalidentiteten, som vert spreidd over heile jorda på tvers av alle grenser. Slåande vert då til dømes den amerikanske skikken med å lata alle borgarar, same kva for etnisk og religiøs bakgrunn dei har, falle inn i nasjonalsongen med handa på hjarta. Her er det ingen tvil om kor hjarta og heimen skal vera, og likevel er denne nasjonen samansett av så å seia berre innvandrarar.

 

Nett difor må ein dyrka fram ei amerikansk heim- og nasjonskjensle bygd på sterke overgripande idear om fridom og Gud, men med eit opplyst gudsomgrep som i røynda famnar nær sagt alle religionar. Dette kan amerikanarane gjera og lukkast med fordi det har støtte i heile landets kulturelle historie, og ikkje er noko dei berre har funne på.

 

Den amerikanske modellen for å samla ein nasjon med fleire etnisitetar, trusretningar og underkulturar kan difor ikkje kopierast av andre land, men må tilpassast historia og kulturbakgrunnen til kvart land for seg. Ein må spørja: Kvar ligg dei elementa som historisk er særlege for Noreg og som i ei tid med stor migrasjon lèt seg moderniserast og kan byggjast ut til noko samlande og overgripande på tvers av etniske og religiøse grenser?

 

SVEKT FELLESSKAP

Det som knytte nordmennene saman til ein nasjon på Bjørnsons tid og hundreåret etter, er no borte eller så sterkt svekt at det vanskeleg kan nemnast i nokon tale. Den sams bakgrunnen og historia, den samanhengande nasjonale forteljinga frå norrøn til nyare tid, den nasjonale litteraturen og byrgskapen over å vera norsk, den sams mytologien og religionen, arbeidarrørsla som auka den sosiale likskapen mellom klassene, er borte eller kan ikkje lenger grunngjevast på same måte som før. Men då må noko setjast i staden om Noreg på sikt skal overleva som sosial og kulturell fellesskap og dermed som sjølvstendig nasjon.

 

Ein kan ikkje rekna med at «tillit, fellesskap og raushet» er noko som boblar fram av menneskenaturen av seg sjølv. Tvert om kan den individualiseringa kongen talar om, like mykje vera ei kjelde til strid som til einskap.

Felles kulturelle fundament kan ein ikkje berre finna opp ut ifrå den blå lufta. Dei må byggja på tuftene som ligg underst. Det må finnast ein veg til modernisering og fornying av kristendom, opplysing og ideala til arbeidarrørsla. Kjærleik kjem ikkje av inkje.

 

Det tek ikkje talen høgd for. Sjumilsspranget frå skildringa av samfunnet som berre ulike einskildindivid og til eit mystisk «Noreg» der vi alle er «eitt», underslår at ein større fellesskap treng eit minimum av konkret, sams grunnideologi som kan motivera oss til respekt og toleranse for det og dei som er annleis enn oss sjølve, og sosiale institusjonar som dyrkar fram denne ideologien og favoriserer livsformer som realiserer han.

 

STYRKTE MOTSETNINGAR

Når kongen i same andedrag talar om nordlendingar, trønderar, sørlendingar og nordmenn frå Afghanistan, Somalia, Sverige og Syria, underslår han utfordringane med integrering av menneske frå område med annleis moralsystem og nasjonalkjensle. Når han seier at besteforeldra hans innvandra frå Danmark og Tyskland, læst han som om den moderne innvandringa der det på kort tid kjem hundretusenvis av menneske til landet, i prinsippet er det same fenomenet som når ein for hundre år sidan henta inn kongelege personar frå kulturelt nærskylde land.

 

Og når han syner ein prisverdig toleranse av ulike nasjonalitetar og seksualitetar, tryllar bort alle nasjonale, kulturelle, religiøse motsetnader ved å gjera alle desse skilnadene til friksjonslaust individuelt mangfald, så er han inkluderande på overflata, men utgrensar under handa alle dei andre som ikkje deler synspunkta hans på fleirkultur, innvandring, nasjonal identitet og liknande spørsmål. Men dekkjer ein over desse motsetningane, vert dei berre styrkte.

 

Dag og Tid 09.09.2016