Main menu:

Undersider for Artikler:

Metoopia

Det manglar ikkje på euforiske kommentarar til #MeToo-rørsla, den største mediehendinga dei siste månadane. Ho er òg eit borgarvern på område der rettssamfunnet har svikta, som når politikarar tek seg seksuelt til rette overfor rusa tenåringar i ungdomsorganisasjonane, eller når regissørar forlangar sex for filmroller på eit vis som viskar ut grensa mellom vald og det friviljuge.

Eg har sjølv to unge døtrer, og finn det lett å stø #MeToo der rørsla gjer det vanskelegare for vaksne å utnytte yngre kvinner seksuelt, og då særleg innanfor politikk og kultur, der dårleg oppførsel og overgrep synest å vere overrepresentert. Men òg i den vanlege festkulturen, der det flyt av alkohol og andre rusmiddel, er innsats frå foreldra og god kontakt med borna to av fleire ting som må vere på plass om dei skal kome seg gjennom tenåra utan uheldige røynsler. Om #MeToo gjer denne oppgåva lettare, og tvingar fram større respekt for den personlege integriteten til unge menneske, lyt alle vere takksame.
Langt meir skeptisk til rørsla er eg når det gjeld konsekvensane ho kan få for omgangen mellom vaksne. Som alltid når det gjeld masserørsler, har òg #MeToo skuggesider. Når ei masserørsle grip inn i kjønnsrelasjonane, og lynsnøgt vil kaste om på omgangsformer og straffe dei som bryt nye reglar, vert grensa til privatlivet lett kryssa. Det gjev meg ei kjensle av at det personlege skal politiserast på eit vis som går den personlege fridomen i næringa.

 

KONTRAREVOLUSJONEN
#MeToo ser ut som ein revolusjon, men er ein kontrarevolusjon. Det reaksjonære ved rørsla ligg særleg i to omstende: gjeninnføringa av sosial kontroll over seksualiteten og gjenopplivinga av kjønnsstereotypiar om «den farlege mannen» og «den hjelpelause kvinna».
I artikkelen «Om å gjøre kvinna liten» (Klassekampen 13. januar 2018) skriv kultursjefen i Aftonbladet, Åsa Linderborg, at «metoo har bare to aktører: gjerningsmannen, som gjøres til representant for alle menn, og offeret, som er helt blottet for ansvar eller alternativer».
Som døme nemner ho ei kvinne som vart med ein dobbelt så gamal medieprofil til hotellrommet hans, og som då han ville kysse, vart «så villrådig at jeg ikke gjorde noen motstand». «Metoo framstiller halve menneskeheten som fullstendig kraftløs», seier Linderborg.
Det er ikkje vanskeleg å finne fleire døme på dette i #MeToohistoriene. Ei vaksen kvinne som den tidlegare leiaren for Vänsterpartiet i Sverige, Lars Ohly, la an på i partibaren i Malmö, klarte ikkje å gje han klar beskjed om at tilnærmingane hans var uønskte, men «ble stående som naglet til gulvet» (Klassekampen 20. januar 2018), som om total handlingslamming skulle vere ein naturleg reaksjon på ei uønskt seksuell tilnærming som truleg kunne ha vore unngått med ei venleg og klar avvising.
Det som for utanforståande verkar som ein kommunikasjonssvikt mellom to vaksne menneske, førte til at Ohly måtte forlate Vänsterpartiet. Han vart òg sagt opp frå arbeidet sitt som leiar for Funksjonsrett, ein samlingsorganisasjon for funksjonshemma i Sverige.

 

LÅGT RISIKOMEDVIT
Den 17. og 23. november i fjor la Aftenposten fram mange døme på uanstendig og nedverdigande framferd hos menn i musikk- og teatermiljøa. Men mange av historiene var samstundes døme på at enkelte yngre kvinner har lågt risikomedvit og tungt for å seie frå om kva dei vil og ikkje vil.
Til dømes fortel Aftenposten om ei kvinne som vert med ein mann heim og søv fullt påkledd i senga hans. Nokre dagar seinare inviterer han henne ut, og igjen vert ho med han heim, og no «shamer» han henne fordi ho ikkje vil liggje med han, og da kjenner ho seg så «skyldig» og dessutan så «sterkt beruset» at ho «ga opp for presset hans».
Ei anna kvinne overnattar hos ein einsleg mann for å spare pengar til taxi, og når han gjer tilnærmingar, «tør» ho ikkje å bli sint, men ber om å få sove, og legg seg då i mannens dobbeltseng. Då mannen held fram med å mase, gir ho til slutt etter, sjølv om ho «følte at hun sa fra».
Idet desse kvinnene soleis seier frå seg statusen som sjølvstendige personar, får dei behov for at nokon andre skal verne dei. Det kan ikkje vere rettsstaten, for det dei skal vernast mot, er ikkje alltid forbode. Det kan heller ikkje vere mennene som skal verne dei, for det er mennene dei må ha vern mot.

 

FOLKEDOMSTOLEN
Det er ikkje mogeleg å gjeninnføre straff for utanomekteskapeleg seksualitet, påby kristen tru og moral eller skilje menn og kvinner frå kvarandre i samfunnslivet. Men den nye reguleringa av seksualiteten kan skje gjennom offentleg skandalisering med mobb og folkedomstol som høgste rettsinstans.
I artikkelen «The Warlock Hunt» (The American Interest nr. 6/17) samanliknar forfattaren Claire Berlinski #MeToo-skandaliseringa av åklaga kjendisar som står fram og vedkjenner syndene sine, ber om tilgjeving og deretter vert støytte ut i det ytste mørkeret, med Moskvaprosessane under Stalin og dei såkalla «kampsesjonane» under den kinesiske kulturrevolusjonen.
Om det sjølvsagt ikkje dreier seg om fysisk likvidering under eit politisk diktatur, er den dramaturgiske likskapen slåande: Alle dei skulda seier omtrent det same, som om dei mekanisk les opp ei kollektiv skuldvedkjenning som klagaren har skrive for dei. Alle tek all skuld på seg; alle gjentek at det ikkje betyr noko at dei ikkje visste kor gale det var, det dei gjorde; alle seier at kjenslene til offeret er det einaste viktige; alle lovar bot og betring; alle er omgjevne av ei moralsk opphissa ålmente som trugar med å rive i filler alle som bryt mønsteret for den rituelle prosessen. Og nett som dei skuldige i Moskvaprosessane og kampsesjonane i Kina visste at dei ville verte avretta, veit alle dei #MeToo-tiltalte at dei trass i vedkjenningane og lovnadene sine kjem til å verta sosialt øydelagde for alltid.

 

INKVISISJONEN
Meininga med desse offentlege skodeprosessane er verknaden på massane: Folk skal få fjerna dei siste spora av reaksjonær tenking frå kropp og sinn, og om ikkje dette lukkast heilt og fullt, skal dei få sjå den offentlege audmjukinga og økonomiske øydelegginga som ventar alle som heretter vert skulda for pågåande kurtise, ubedne kyss eller til og med «eit uønskt strøk over ein rygg», som Berlinski tilspissa seier.
Om ein mann – i trua på at han kan lukkast i å gjere kur til ei kvinne – legg handa på feil stad på kroppen hennar, kan han verte skandalisert for livet, miste alle tillitsverv og verte sparka frå jobben. Det er nok at den eine kjenner seg som offer for å få den andre dømd. Handlinga treng ikkje vere ulovleg. Det er nok at ho vert skildra som uønskt i etterhand.
Brotsverket vert aldri forelda. Tiltale, rettssak og straffeutmåling skjer utanfor rettsstellet, på sosiale medium og i pressa, og straffa er livsvarig gapestokk, øydelegging av ekteskap og yrke. Det gjeld òg for hendingar som ligg ti eller tjue år attende, som ikkje gav nokon varige mein og som i ein rettssal ville ha ført til full frifinning.
Slik tek Twitter, Facebook og pressa statens, kyrkjas og domstolens gamle roller i overvakinga av det seksuelle livet. Ikkje rettsstellet, men mobben, tek seg av tiltale og straff for brot på ein seksualmoral som ein moralsk elite har laga og pressa gjennom til kollektiv norm. Denne nye overvakinga er meir effektiv enn den vi hadde før den seksuelle revolusjonen. Ho har millionar av agentar, tystinga på ein syndar skjer på nokre sekund, den offentlege avrettinga kjem i løpet av timar og det finst korkje nåde eller benåding.

 

Dag og Tid 16. februar 2016.