Main menu:

Undersider for Artikler:

Angsten for dei andre

I Tyskland har angsten for framtida stige dramatisk.

 

Meiningsmålingar syner at heile 55 prosent av inn­byggjarane i landet ser framover i tida med frykt, medan talet i 2013 var berre 28 prosent, skriv Spiegel Online 16. desember 2015.

Truleg kjem angsten til tyska­rane av at flyktningkrisa i 2015 fekk så stort format at det indi­viduelle og humanitære perspek­tivet vart overvelda av det kol­lektive. Andleta vart borte i mas­sen, ikkje for dei som melde seg som friviljuge i mottaksappara­tet, men for dei som kjende seg truga.

 

For dei fleste stod hendingane fram som historiske. Det fekk folk til å tenkja på liknande mas­serørsler, nærare bestemt folke­vandringane og undergangen til Romarriket i tida 375–600 etter Kristus.

 

riker

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

DEMOGRAFI OG ANGST
Til Die Welt 11. september 2015 seier den tyske historikaren Ale­xander Demant, som har arbeidd med romersk historie, at saman­likninga mellom migrasjonskrisa og folkevandringstida «er rettko­ men på eire punkt». Det gjeld talet på migrantar, «forma på rørsla», det at menneska faktisk vandrar til fots nett som i antik­ken, og for det tredje er motiva som driv vandringa «vesentleg dei same», nemleg «fattige og fol­kerike lands trykk mot rike og stort sett barnefattige folk».

 

I dette perspektivet vert Europa råka av eit dobbelt trugs­mål, to «bølgjer»: «eldrebølgja» innanfrå og «migrasjonstaumen» utanfrå. Dette er ein enkel, men kraftig tankestruktur: «Vi» er få og vert eldre, «dei» er mange og unge og på veg mot oss, millio­nar av dei, ein «straum» som vil drukna oss. Angsten for dei andre vert då eksistensiell. Den demografiske nedgangen gjeld heile Europa, men særleg Tyskland, eit land med lågare fødselstal enn noko anna indus­triland. Statistische Bundesamt reknar med at folkesetnaden i 2050 vil falla til 74 millionar, 7 millionar mindre enn i dag.

 
FOLKEVANDRINGSTIDA

«Utfordringa frå islamistar og andre religiøse fundamentalis­tar liknar motsetninga mellom Romarriket og dei kristne, som nekta å la seg integrera før kei­saren sjølv kraup til krossen og vart kristen», seier Demant, som lét det skina gjennom at euro­pearane lyt læra av feilstega til Romarriket: Når immigrasjons­takta er høgare enn integrasjons­takta, fell lojaliteten i folkeset­naden til rettsordninga bort, og dette undergrev kulturen og sta­ten.

 

Men kva er det som held idéen om demokratiet oppe, om det ikkje er trua på einskildindivi­dets mynde og rett til å gjera seg gjeldande? Korleis skulle retts­ordninga kunna fungera, om vi ikkje trudde at einskildindivida har like rettar? Er ikkje denne trua grunna i opplevinga av det særpreget mennesket har som skapnad, og den grenselause ver­dien til individet?

Denne opplevinga av verdien til individet er vorten støtta opp av den kristne tradisjonen og den humanistiske lærdomstradisjo­nen. Den kristne gudsrøynsla slik ho vart formidla i evangelia, og den europeiske sjølvrøynsla som gjennomvevde den vestlege filosofitradisjonen, gav med fokuset sitt på verdien og retten til einskild­individet merg og berekraft til dei ytre institusjonane og frido­mane som kjennemerkjer vestleg sivilisasjon.

 

Difor er det eit paradoks at dei som vil berga denne sivilisa­sjonen, berre talar om dei ytre strukturane og aldri om den idé­basisen alt var bygt på. Då den amerikanske politologen Francis Fukuyama var i Noreg i oktober, vart han intervjua av Aftenposten 8. oktober 2015, der det heitte at han i den nye boka si, Political Order and Political Decay, skriv at «en vellykket stat har borgere som deler en distinkt identitet og felles formål».

 

Men kva for ein «felles iden­titet» tilrår Fukuyama for dei europeiske statane? Jau, dei må «forme sin nasjonale identitet rundt politiske verdier». «For å overleve» må europearane snikra saman identitetane sine rundt til dømes «demokrati».

 

UTHOLINGA

Men den demokratiske politiske ordninga er ikkje i seg sjølv ein grunnverdi: Ho kviler på opp­fatninga av mennesket i kristen­domen og den humanistiske lær­domstradisjonen. Idag er desse tradisjonane tomme for dei som skal halda dei oppe. I kyrkja talar prestane heller om Palestina­konflikten og flyktning­saka enn om menneskets ånde­lege vesen. Dei intellektuelle skriv og talar om institusjonar, litterære metodar eller språk­filosofi, men vert forlegne om nokon spør kva eit menneske er.

 

Paradokset i vestleg sivilisa­sjon er at filosofien og kristendo­men ber fram det moderne indi­videt som så forkastar kristendo­men og filosofien. Dermed står det moderne individet der utan basis, og det same gjeld når det kjem til stykket den demokra­tiske og rettsstatlege ordninga. Så lenge har desse ordningane vore tekne for gjevne som dei best mogelege at dei fleste av oss har gløymt korleis ein argumen­terer skikkeleg for dei.

 

Om det er ein historisk paral­lell mellom Romarrikets fall og Europa idag, må det vera nett i denne utholinga av den kultu­relle bere-­ og overtydingskrafta. Vestverda har skapt framgang på alle praktiske område og gjeve individet meir og meir fridom. Difor verkar òg Vesten som ein magnet på store delar av men­neska i verda.

 

Men dei som kjem, tek med seg religionen sin, slik at dei har noko å leva for, ikkje berre noko å leva av. Sjølve har vi på dette feltet ikkje anna å by på enn ein utvendig toleranse for alt det fornufta vår innvendig ikkje toler. Men vi vil gjerne læra andre opp i denne toleran­sen, i demokrati, ytringsfridom, likestilling og retten til å velja sin eigen livsstil, alt saman ting som berre kan argumenterast for med den læra om einskild­individet vi sjølve ikkje lenger trur på og knapt har kjennskap til.

 

Dag og Tid, 24.12.2015