Main menu:

Undersider for Artikler:

Kløft mellom politikarane og folket

Tal kan tyda på at politikarane og pressa ikkje fangar opp kor djupt den folkelege uroa over migrasjonskrisa går, og at det har opna seg ei kløft mellom politikarane og folket i Tyskland.

 

Frauke Petry (40), leiar av det innvandringsskeptiske partiet Alternative für Deutschland (AfD), velkledd og veltalande i offentleg ordskifte, av mange sedd på som den tyske høgreekstremismens smilande andlet, firebarnsmor og utdanna kjemikar med austtysk bakgrunn, tok i førre veke over fyrstesidene og kommentarspaltene i Tyskland etter at ho i eit intervju med Mannheimer Morgen 30. januar hevda at tysk lov i naudhøve opnar for våpenbruk for å sikra landegrensene mot ulovleg passering.
AfD vart skipa i 2013 for å kanalisera protest mot Tysklands handtering av eurokrisa. Året etter vart partiet splitta i ein konflikt mellom økonomiske liberalarar og nasjonalkonservative, ein konflikt som dei sistnemnde vann, og som førde Frauke Petry til makta. Etter det Der Spiegel skriv i hovudreportasjen i siste nummer, er AfD under hennar leiarskap vorte «eit farleg parti» som ikkje berre trekkjer til seg mange borgarlege veljarar som er vortne politisk heimlause etter Merkels og CDUs reise mot venstre, men som òg appellerer til både kristenradikalarar og høgreekstremistar.

 

Partiet, som i 2014 var på veg til å verta utsletta, har tent stort på å vera einaste opposisjonsparti under flyktningkrisa, og er no på meiningsmålingane tredje største parti i Tyskland med 12 prosent av veljarane bak seg og truleg med eit større potensial om krisa ikkje vert løyst.

 

SKANDALEINTERVJUET

I intervjuet i Mannheimer Morgen vart Frauke Petry spurd om korleis ho praktisk vil hindra migrantar i å koma inn i Tyskland. Ho svara at om ikkje pågangen av flyktningar går ned på anna vis, må ein stengja grensa fysisk, og viste til korleis dette har vore gjort i dei inngjerda spanske enklavane Ceuta og Melilla i Marokko.

 

Journalistane ville vita kva som hender om flyktningane tek til å klatra på gjerdet. «Eg høyrer at de vil driva meg i ei viss retning», svara Petry unnvikande. Men intervjuarane fylgde etter: «Atter ein gong: Kva skal grensepolitimannen no gjera? » Då kom det frå Petry: «Han må hindra den illegale grensekryssinga, i naudhøve nytta skytevåpen. Det står i lova. » Vantru spurde journalistane: «Finst det i Tyskland ei lov som inneheld ein ordre om å skyta på grensa?»

 

Petry svara: «Eg har ikkje nytta orda ‘ordre om å skyta’. Ingen polititenestemann vil skyta på ein flyktning. Heller ikkje eg vil det. Men som siste utveg har ein bruken av væpna makt. Det avgjerande er at vi ikkje må la det koma så langt, men få bremsa flyktningstraumen gjennom avtalar med Austerrike og kontroll med EU-yttergrensene.»

 

Desse utsegnene møtte skarp kritikk, fordi den lova som Petry viste til, skriv seg frå 1960-åra og den kalde krigen, då Tyskland grensa mot austblokklanda i ei tid med høgt politisk og militært spenningsnivå. Å skyta på flyktningar ville i dag korkje vera naudsynt eller lovleg, vart det sagt i politikrinsar.

 

Karin Göring-Eckhardt, gruppeleiar for Dei Grøne i den tyske Forbundsdagen, meinte at Petry no hadde synt fram «det heslege djevleandletet» til AfD, eit «djupt rasistisk, diskriminerande og menneskeforaktande parti». Visekanslaren og SPD-formannen Sigmar Gabriel meinte at Petrys retorikk låg nær naziretorikken frå 1930åra, og ville at AfD skulle setjast under politiovervaking.

 

MUSEULUKKA

No ville AfDs nestleiar Beatrix von Storch, høgadeleg oldenburgar med eit slektstre der både dei russiske romanovane og det norske kongehuset har sine greiner, hjelpa partileiaren sin. På Facebook posta ho eit sitat frå den tyske lova Petry hadde tenkt på, der det står at uniformert politi kan «i grenseteneste nytta skytevåpen mot personar».

 

Så langt kunne AfD-leiarane ha insistert på ein diskusjon om korleis lova skulle tolkast og nyttast. Men på sosiale medium vert du lurd til å fortelja heile verda kva du tenkjer, før du har tenkt ferdig, i alle fall om du «sklid på musa», som adelsdama orsaka seg med då tråden hennar skleid ut, etter at ein Facebook-brukar spurde om ho òg ville nytta skytevåpen til å hindra kvinner med born i å kryssa umarkert grense til Tyskland.

Så snubla ho over musa og skreiv uforvarande: «Ja». Betre vart det ikkje då ho ville moderera utsegna med å seia at «rett nok er det ikkje tillate å setja inn skytevåpen mot born, men kvinner er ansvarlege på anna vis enn born.»

 

Dermed var skandalen eit faktum. «Von Storch dementerer: Ein kan ikkje skyta på born, berre på kvinner», var den ironiske overskrifta i Süddeutsche Zeitung 31. januar. Frankfurter Allgemeine Zeitung slo like godt til med ingressen: «AfD-leiaren Petry og nestleiaren hennar von Storch krev at det på grensa vert gjeve ordre til ‘i naudhøve’ å skyta på flyktningar, til og med på born. » Såleis gav kvalitetspressa Petry nett dei orda ho eksplisitt hadde sagt at ho ikkje nytta. Men skyta ville ho at grensevaktene skulle gjera som siste utveg, og nestleiaren hennar ville skyta på mødrer, berre ikkje på borna dei ber på armen.

 

Her braut Petry eit tabu, skriv Der Spiegel: Med ytringa om våpenbruk på grensa har ho fått AfDs anstendige, konservative fasade til å rasa saman, partiet står no fram som «eit tysk Front National: framandfiendsleg, sjåvinistisk, antieuropeisk».

 

EIT DOBBELT TABUBROT

Men her braut Petry ikkje berre eitt, men to tabu, og det eine er utillateleg: Ei lov som tillèt våpenbruk ved ulovleg grensekryssing, der politiet har grunn til å tru at det ligg føre eit føremål som trugar folks tryggleik, til dømes knytt til terrorhandlingar, gjev ikkje heimel for å skyta eit menneske som klatrar på eit grensegjerde berre for å koma seg inn.

 

Det andre tabuet gjeld forskansing av grensa med fysiske hindringar som gjerde og vakter. Ofte har heller ikkje slik fysisk grensestenging vore konkret omtala av dei som har kritisert Merkels politikk med opne grenser. Denne kritikken har kome frå respekterte politikarar, journalistar, juristar og forfattarar, men få har vore konkrete når det gjeld korleis dei vil hindra menneske i å koma inn i landet.

 

Vil ein stengja den tyske grensa for ein flyktning- og migrantstraum som til våren kanskje stig til fleire tusen menneske dagleg, så må ein vera budd på at dette i siste instans kan krevja maktbruk, det tyder fysiske hindringar som på grensa mellom Ungarn og Serbia, eller spansk grenseregime som til dømes i Melilla, der 30.000 migrantar i 2014 omringa det militært forskansa området, og fleire drukna under storming av grensa og på flukt frå grensevaktene, eller som når franske politikarar syter for å få sett opp gjerde eller lagt område under vatn for å hindra migrantane ved Calais å koma seg over til England.

 

Få av Merkels kritikarar har ope gått inn for slike tiltak. Dermed har kritikken deira ofte vore møtt med spørsmål om alternativet til opne grenser: Kva vil de? Setja opp murar og piggtrådgjerde på grensa som under den kalde krigen? Skyta på kvinner og born som er på flukt frå krigsområde? Etablera konsentrasjonsleirar med hundretusen av menneske i grensesona? Merkel-kritikarar som nekta å svara på slike spørsmål, gav henne indirekte rett.

Frauke Petry, som leier eit parti som lever og døyr på migrasjonskrisa, kunne ikkje unnlata å gje eit konkret svar på korleis ho vil redusera flyktningtala. Så vanskeleg å svara kan det heller ikkje ha vore for henne, for alt 1. november i fjor vart det oppstuss rundt den valde representanten til Europaparlamentet, Marcus Pretzell, Frauke Petrys kjærast og framståande medlem av AfD, då han hevda følgjande: Når titusen av menneske på «valdeleg vis» kjem «uregistrerte inn i landet», så er det sjølvsagt at ein hindrar dette med politi, vasskanonar og tåregass og som «siste utveg» med skytevåpen.

 

URO I FOLKET

Alt ved dei tre delstatsvala midt i mars vil det syna seg om denne skandalen plasserer AfD i «det høgre hjørnet», som det heiter i Tyskland, og på eit slikt vis at borgarlege sentrumsveljarar sviktar partiet. Men i to meiningsmålingar tekne opp etter kritikken av Petrys utsegn held AfD fram med å veksa, og ifølgje ei nyleg undersøking meiner 29 prosent av tyskarane at «det er rett å nytta våpenmakt for å hindra uvæpna flyktningar i å kryssa grensa», skreiv Süddeutsche Zeitung 6. februar.

 

Kanskje er slike synspunkt mindre kontroversielle enn etablerte politikarar trur, i eit land der 81 prosent av folkesetnaden meiner at regjeringa har mist kontrollen over flyktningpolitikken, slik det 3. februar gjekk fram av den månadlege meiningsmålinga «Deutschlandtrend».

 

Slike tal kan tyda på at politikarane og pressa ikkje fangar opp kor djupt den folkelege uroa over migrasjonskrisa går, og at det har opna seg ei kløft mellom politikarane og folket. Reint faktisk stør alle partia i Forbundsdagen ein flyktningpolitikk som 57 prosent av tyskarane er motstandarar av, skal vi tru den seinaste meiningsmålinga frå fjernsynskanalen ZDF. Når nesten heile folkesetnaden meiner at regjeringa har mist kontrollen over landegrensene, vert instinktive forsvarsmekanismar vekt til live. Flyktningar vert til fiendslege «invasjonsstyrkar», og framlegg om våpenbruk på grensa vinn stønad der ein ikkje skulle ha trudd det.

 

Dag og Tid 12. februar 2016.