Main menu:

Undersider for Artikler:

Medan vi ventar på Erdogán

Talet på dei som kjem over Egearhavet frå Tyrkia, har falle til det halve sidan i november, men stadig kjem det menneske i tusental over til dei greske øyane. Utan at tyrkisk grensepoliti grip systematisk inn, kjem migrasjonen til å auka straks vêret vert mindre risikabelt utpå nyåret.

Det er den opne korridoren frå Tyrkia inn i Schengen-området heilt til Noreg som er den direkte årsaka til at migrantkrisa råka Europa i sumar og i haust, seier migrasjonseksperten Merjem Maslo på heimesida til det svenske Migrasjonsverket. Det tyder at tilstrøyminga ikkje stoggar før Balkan-korridoren vert stengd.

Det ser ein òg av nedgangen i dei norske asylsøkjartala. Strengare regime på grensa mot Russland i nord og krav om å søkja asyl i Sverige for å sleppa inn frå Danmark har redusert tilstrøyminga til Noreg frå over 2000 i veka i november til 363 eller 18.000 på årsbasis. Tala speglar mest kor lett eller vanskeleg det er å kryssa grensene.

Også i Sverige går tala ned, men ikkje så mykje som den svenske regjeringa hadde vona. For veka 29. november-6. desember gjev Migrasjonsverket opp at 5400 menneske søkte asyl i landet. Migrasjonsforskaren Joakim Ruist seier til Berlingske Tidende 2. desember at Sverige til våren, når alle andre tiltak ikkje har verka, kjem til å plassera ut politi på Øresundsbrua og stogga alle asylsøkjarar. Om ikkje før så kjem grensene då til å verta heilt stengde nedetter Balkan-korridoren like til Egearhavet, seier Ruist. Den svenske regjeringa er òg i gang med å gje seg sjølv rett til å stengja Øresundsbrua.

Langs den andre hovudruta inn i Europa, over Middelhavet via Libya til Italia, er det kome 140.000 migrantar i 2015 fram til 1. desember, skriv Die Welt 4. desember. Dagen før var meir enn 2000 flyktningar vortne berga til havs. Om Balkan-korridoren vert stengd, kjem endå fleire til å koma vegen over Libya.

Talet på dei som kjem over den tyske grensa, svingar no mellom 2500 og 6500 i døgeret, skriv Frankfurter Allgemeine Zeitung 30. november. Av desse 30.000 i veka reiser over 5000 vidare til Skandinavia.

 

PLANEN OG BILETA

I Tyskland stirer alle mot søraust, om ikkje dårleg vintervêr og tyrkiske grensevakter langs kysten mot Hellas skal få ned migranttala til eit handterleg nivå. Vil Merkels store plan lukkast? Kjernen i planen til forbundskanslaren er at den tyrkiske presidenten Erdogán skal stogga migrantane som er på veg gjennom Tyrkia før dei når fram til vestkysten og set over til dei greske øyane. I motyting skal EU betala tre milliardar euro til Tyrkia, som skal betra tilhøva for dei Syria-flyktningane som oppheld seg i landet. Dessutan skal det byggjast opp eit system med kontrollert immigrasjon til Europa som skal undergrava menneskesmuglinga, og der dei legale immigrantane skal fordelast på EU-landa i avtala kontingentar.

Men kvifor er det meir moralsk høgverdig å stogga migrantane i Tyrkia enn på den tyske grensa? Ei forfattargruppe med mellom andre Stefan Aust skriv i Die Welt 9. november at det er frykta for stygge fjernsynsbilete av «fortvila kvinner og born i trengsel i Passau eller andre tyske grenseovergangar, jaga attende av køllene og vasskanonane til tyske politifolk», som driv Angela Merkel ut på den lange omvegen til Tyrkia for å få ned asyltala. «Å unngå uheldige bilete har vorte hovudmålet til den tyske statskunsten», kommenterer forfattarane.

I eit intervju i den seinaste utgåva av Der Spiegel gjev sjefen for det tyske kanslarkontoret, Peter Altmaier, uttrykk for Merkels syn: Landegrenser kan ikkje effektivt stengjast i epoken til globaliseringa. Heller ikkje kan ein hindra menneske i å kryssa havgrenser som dei mellom Europa og Afrika eller mellom Hellas og Tyrkia, utan brot på humanistiske prinsipp.

Skulle migrantane på sjøen stoggast utan avtalar med landa dei kjem frå, måtte ein med vitende og vilje la dei drukne i tusental, og dette er ikkje eit alternativ, seier Altmaier. Etter dette synspunktet har ikkje europearane noko anna val enn å ta inn dei som kjem, og freista å få tala ned gjennom avtalar med og økonomisk hjelp til dei landa som har flyktningar, og kan altså ikkje stogga migrantstraumen med humanistiske middel om ikkje Tyrkia og Libya hjelper til.

 

KONSEKVENSANE

Merkel har sett Tyskland i ein situasjon der migranttala ikkje er berekraftige på sikt korkje når det gjeld økonomi eller integrering, og difor må ned, samstundes som ho ikkje vil tvinga tala ned med maktmiddel som tyskarane rår over åleine, altså grensestengsel og grensepoliti. Ho må difor få andre til å hjelpa seg. Tyrkia må stogga dei som er på veg; Hellas og Italia må vakta grensa si mot Tyrkia, registrera dei som kjem, og slutta med å senda dei vidare nordover. Såleis er den økonomisk sterkaste og mest folkerike staten i Europa politisk lamma i migrantkrisa.

Kor lett Tyrkia kan stogga migrantane, synte seg straks etter toppmøtet med EU 29. november, då ein tryggleiksstyrke på 300 mann hindra nesten 3000 flyktningar i å reisa frå den tyrkiske austkysten til Lesbos, melde Die Welt 4. desember. Tyrkarane, som ikkje har problem med å kontrollera massemedia eller tola bilete av korleis ordensmakta kontrollerer folkemassar, held migrasjonskrisa i si hole hand.

Som Der Spiegel skriv, gjer dét Europa sårbart for tyrkisk press: «Når Ankara vil setja interessene sine igjennom, treng ikkje den tyrkiske regjeringa gjera anna enn å opna døra for flyktningane att. » Merkel planlegg med andre ord å løysa migrasjonskrisa med å gje Erdogán eit våpen han kan nytta mot EU i årevis framover.

 

ALLIANSEN AV DEI UVILJUGE

Som «vederlag» for at Tyrkia stoggar migrantane for Merkel, er det meininga at EU i tillegg til pengestønaden skal ta inn «europeiske flyktningkontingentar», seier Altmaier i intervjuet med Der Spiegel. Det kan tyda at samarbeidet med Tyrkia ikkje vert noko av om ikkje EU tek inn om lag ein halv million syriske flyktningar frå Tyrkia, Libanon og Jordan, i tillegg til den dryge millionen som alt er komen.

Men ingen land i Europa vil ha fleire flyktningar. Merkel har difor danna ein intern «union» innanfor EU, skriv Der Spiegel 50/2015 i artikkelen «Alliansen av dei uviljuge». Rundt seg har den tyske forbundskanslaren samla eit lite utval EU-land, ufriviljug ironisk kalla «alliansen av dei viljuge» – mellom dei Tyskland, Sverige, Austerrike, Frankrike og Be-Ne-Lux-landa – som eit samtaleforum når det gjeld planen om at EU skal henta inn fleire krigsflyktningar frå Midtausten og fordela dei på alle EU-landa.

Men mange av desse «viljuge» landa som skal ta imot kanskje 400.000 flyktningar i tillegg til dei som alt er komne, er nett dei som alt no er tvinga i kne av uhandterlege asyltal: Tyskland sjølv, Austerrike og Sverige. Korleis skal Merkel få gjennom ein politikk som i praksis inneber at slike kriseråka land skal fordela hundretusenvis av nye flyktningar mellom seg? England har avvist å vera med på kontingentordninga, Frankrike vil ikkje ta meir enn 30.000 i 2015-16. I det franske politiske miljøet rår fortviling over Merkels flyktningpolitikk, skriv Süddeutsche Zeitung 4. desember: «Kanslaren øydelegg alt for oss, politikken hennar jagar veljarane våre i armane til Front National», seier ein Europa-ekspert i Sarkozys republikanske parti.

 

MINI-SCHENGEN

EU og Tyskland vurderer òg planar om eit «Mini-Schengen», skriv Der Spiegel, der nasjonar som ikkje vil vera med på fordelinga av flyktningar frå Midtausten, slik som Polen, Tsjekkia, Slovakia og Ungarn, og land som ikkje kan eller vil verna yttergrensa si, slik som Hellas, vert sette utanfor. Eit slikt «Mini-Schengen» med et eige grenseregime ville då femna om Tyskland, Austerrike, Nederland, Belgia og Sverige.

Merkel skal dessutan ha lova den argaste politiske motstandaren sin i migrantsaka, CSU-leiaren Horst Seehofer, at stenginga av dei tyske grensene, kanskje i ramme av eit slikt «Mini-Schengen», vert vurdert som eit ytste middel til å få immigrasjonen ned på berekraftig nivå, skriv Der Spiegel.

 

GRENSENE KJEM ATTENDE

Med slike utsikter bur landa langs Balkan-korridoren seg på at Merkels plan kan mislukkast. Over ei strekning på 3,7 kilometer på begge sider av grenseovergangen i Spielfeld skal austerrikarane i dei neste vekene sperra av grensa si mot Slovenia. Delar av Slovenias grense mot Kroatia, som er Schengen-grense, er alt no sperra av med gjerde og piggtråd, og dei opningane som står att, kan lukkast på relativt kort varsel.

På sørgrensa si mot Hellas har Makedonia stasjonert politistyrkar og lagt ut piggtråd; berre syrarar, irakarar og afghanarar slepp gjennom, eit tiltak som etter det ZeitOnline skriv 1. desember, er sett i verk etter løynd press frå EU. I førre veke sat 6000 iranarar, pakistanarar, bangladesharar og afrikanarar i kulda og regnet, berre med enkle telt, på eit jorde på grekersida og vona på eit høve til å forsera sperringane, skreiv Die Welt 4. desember. Opptøyar oppstod då dei vart freista tvinga inn i tog som skulle frakta dei attende til Athen.

 

KONFLIKT I EU

Mens menneska slåst for livet på Balkan-ruta, går usemja om korleis migrasjonskrisa skal løysast heilt til topps i EU. Den 2. desember lét EU-presidenten Donald Tusk seg intervjua i fleire store europeiske aviser, mellom anna Süddeutsche Zeitung, der han åtvara mot Merkels migrasjonspolitikk, fordi han gjev vanlege menneske i Europa kjensla av at den politiske eliten har mist kontrollen: «Om vi vil overtyda medlemsstatane og menneska om at kapasiteten vår til å ta imot menneske ikkje svekkjer tryggleiken vår, må vi òg syna at vi er i stand til å verna grensene våre. » Og mot dette synet seier Peter Altmaier, Merkels talerøyr: «Ikkje noko land er i stand til å sikra yttergrensene sine heilt og fullt, ikkje eingong eit så totalitært land som Nord-Korea.»

 

Dag og Tid 11. september 2015.