Main menu:

Undersider for Artikler:

Mellom idyll og domedag

Sist veke fortalde norske hjelpearbeidarar oss at jamvel om flyktning- og migrantkrisa er ein tragedie for flyktningane og migrantane, så er det lett å løysa saka for oss, berre vi vil.

Fjernsynsbileta av migrantar som stormar Eurotunnelen, søkkeferdige båtar overfylte av menneske på Middelhavet der tusenvis alt har drukna, småbarnsfamiliar som karar seg i land på greske øyar, titusen som trassar soldatar, tåregass og piggtråd for å koma fram til Tyskland og Skandinavia, kunne verka apokalyptiske. Den fleirårige generalsekretæren i Dansk Flyktningehjælp, Andreas Kamm, kalla situasjonen eit «ragnarok-scenario».

 

DEN ULOVLEGE UROA

Men bodskapen frå dei norske hjelpeorganisasjonane var å halda hovudet kaldt og lommeboka open. Dette greier vi.

Generalsekretæren i Norsk Folkehjelp, Liv Tørres, sa til Aftenposten 27. august at flyktningsituasjonen er «helt klart håndterbar», og at «det er helt hårreisende å lage mentale bilder om ragnarokscenarioer». Presidenten i Raudekrossen i Noreg, Sven Mollekleiv, meinte at flyktningane og migrantane ikkje berre hadde krav på hjelp og vern, men òg «rett til å bli en ressurs i sitt eget og andres liv, ikke gjort syk og sett på som et problem».

Vi har med andre ord ikkje berre plikt til å hjelpa, men òg plikt til ikkje å kjenna uro ved det som skjer. Dei som oppfattar flyktning- og migrantsituasjonen som trugande, gjer urett mot dei som kjem. Fjernsynsbileta frå Middelhavet, Calais, Lesbos og Balkan skal vekkja berre medynk i oss. Dei som vert uroa og kjem i tvil om dette kan enda godt, krenkjer flyktningane og migrantane.

 

AVDRAMATISERINGA
Den same avdramatiseringa av ein dramatisk situasjon kom frå generalsekretæren i Den norske flyktninghjelpa, Jan Egeland. I Nettavisen og Dagbladet 25. august sa han at krisa i dag er mindre enn under Jugoslavia-krigane i 1990-åra og ingenting mot det vi opplevde etter den andre verdskrigen, og at «dette kan vi løse om vi får riktig informasjon».

Det høyrest lett ut. Men samstundes sa Egeland at løysinga krev samarbeid mellom alle landa i Europa. Men det er jo nett dette samarbeidet som ikkje fungerer. EU-systemet tek frå medlemslanda sjølvråderett, utan å erstatta den svekte nasjonale handlefridomen med ei overnasjonal sentralmakt.

Medlemslanda kan korkje ordna flyktning- og migrantsituasjonen på eiga hand eller verna eigne grenser, samstundes som korkje Schengen-avtalen om sikre yttergrenser eller Dublin-ordninga om asylsøking vert etterlevd, og medlemslanda berre bryt avtalane utan at det får konsekvensar. Det får EU til å likna på ein «failed state».

Når så Egeland skal vera meir konkret, vert han utopist. Han vil setja i verk ein «Marshallplan som innebærer en storstilt felleseuropeisk investeringsplan i håp, sysselsetting, humanitær innsats og freds- og menneskerettighetsinnsats i de ti land som i dag støter ut nesten alle de flyktninger og migranter som kommer til Europa». Her nemner han Syria, Irak, Jemen, Afghanistan, Eritrea, Somalia, Libya og Vest-Afrika.

Han seier med andre ord at vi skal gå inn i heile Midtausten og det nordlege og vestlege Afrika med ei enorm økonomisk investering medan store delar av området er prega av borgarkrig og oppløysing. Med euro og dollar og kroner og ein hær av hjelpearbeidarar og rådgjevarar skal vi byggja skular og sjukehus, industriar og infrastruktur, få hundrevis av millionar menneske i arbeid og gjera dei sjølvhjelpte og velståande.

 

MISJONSBODET
Det sekulære misjonsbodet om å gå ut i verda og gjera alle folkeslag til velståande sosialdemokratar, tek ikkje omsyn til korkje historia eller samtida. Samanbrotet i Irak og Syria går attende til nett denne forma for europeisk hybris som for hundre år sidan ytra seg i måten England og Frankrike delte opp Det osmanske riket på i kjølvatnet av fyrste verdskrigen.

Borgarkrigen i området er knytt til nasjonale og religiøse motsetnader som ikkje kan løysast med å senda inn pengar og hjelpearbeidarar. Islamistrørsla som er ein hovudaktør i heile det området det er tale om, vart kalla til live på 1900-talet som ein reaksjon mot vestleg sekularisme og vil ikkje døy bort om ein overfløymer området med endå fleire sekulære agentar.

Mykje tyder på at konfliktane og samanbrotet i desse områda kan halda på i årevis, kanskje i fleire tiår, og produsera ein konstant flyktningstraum. I tillegg kjem presset frå klimaendringar, som berre vil auka same kva ein gjer i Raudekrossen og Flyktninghjelpa. Endeleg er den eksplosive befolkningsveksten i Afrika ein garanti for auka migrasjon sørfrå.

 

PERMANENT KRISE
Ei slik krise, som Andreas Kamm kallar «permanent», kan ikkje løysast med nokon «Marshallplan». Etter den andre verdskrigen reiste Vest-Europa seg så raskt ikkje berre på grunn av Marshallhjelpa frå USA, men fordi hjelpa kom i fredstid og ikkje gjekk til flyktningar, men til høgt fungerande samfunn som reetablerte seg etter ein øydeleggjande, men i historisk perspektiv kortvarig krig. Ein kunne knyta an til ei nær fortid i samansveisa nasjonale fellesskapar med god utdanning og yrkeserfaring, relativt høgt teknologisk nivå og lang røynsle med demokratiske ordningar. Utan dette grunnlaget ville ikkje Marshallhjelpa hatt noka meining.

Egeland kunne like gjerne seia at no må Europa senda ein stor hjelpepakke til Midtausten og Nord-Afrika med mykje nasjonal fellesskap, konfliktfrie folkesetnader, lange demokratiske tradisjonar, to hundre års røynsle med demokrati og ytringsfridom attåt konteinar på konteinar med sekulære verdiar.

 

VEG I SKODDE
Dei norske hjelpearbeidarane forenklar verdssituasjonen. Ein situasjon som er ladd med alvorlege politiske, religiøse, økologiske, økonomiske og demografiske utfordringar, vert redusert til ei reint humanitær krise. Det seier seg sjølv at vi som høyrer til den rike delen av verda, må gjera det vi kan for å avhjelpa naud i ei svær flyktningkrise. Men mykje talar for at vi no er hamna i ei blindgate der kvar åtgjerd synest å skapa nye problem. Då må ein ikkje gjera det illegitimt å tenkja og tala ut frå eit heilt adekvat krisemedvit slik at ordskiftet vert inadekvat, og vegen fram til verkelege løysingar søkk ned i skodde.

Både samanbrotet av EU-systemet og straumen av menneske inn i Europa, anten dei no flyr frå krig eller undertrykking eller knappe ressursar, kan vera ei melding om at den moderne utviklinga av økonomiske og politiske ordningar har slege feil. Det synest å vera noko ròte i systema og kanskje ikkje berre i dei landa som fungerer dårleg og sender ut flyktningar. Ein korkje finn feilen eller rettar han opp gjennom berre meir pengar og fleire asylplassar, for trongen for begge delar kan syna seg å vera grenselaus. I staden for å avdramatisera situasjonen eller tala om domedag bør ein sjå etter nye økonomiske og politiske løysingar.

 

 

Dag og Tid 4. september 2015.