Main menu:

Undersider for Artikler:

Merkel spelar høgt

Reaksjonane på det tyrkiske framlegget om å ta attende alle flyktningar og migrantar som kjem frå Tyrkia til Hellas, mot at EU gjev tyrkiske borgarar rett til visumfri innreise til Schengen og byter kvar «irregulær» syrisk flyktning dei finn i Hellas mot ein annan, «regulær» syrisk flyktning som Tyrkia kan levera frå seg, sprikjer i alle retningar.

Generalsekretæren i FN Ban Ki Mon kalla Merkel «ei sann moralsk røyst i heile verda», medan kommentatoren Eric Bonse i den venstreorienterte avisa Tagezzeitung kalla framlegget om «masseretur» for «moralsk forkasteleg» og eit «radikalt brot med europeisk asylrett».

Den tyske forbundskanslaren Angela Merkel presenterte resultatet som eit «gjennombrot» for ei europeisk løysing på flyktningkrisa. Kor lite dette vart trudd på elles i Europa, synte seg same kvelden, då både Slovenia og Serbia stengde grensene sine. I den austerrikske avisa Der Standard skreiv Brussel-korrespondenten Thomas Mayer at det tyrkiske framlegget ville «mangedobla talet på syrarar» som Tyrkia i dei komande åra vil senda inn i EU.

 

KRITISK TIL TYRKIA-SPOR

Eit oversyn over pressereaksjonane i EU i ZeitOnline 8. mars synte at det gjennomgåande vart reist kritikk mot Merkels einsidige satsing på Tyrkia-løysinga, fordi EU ved å gjera seg avhengig av tyrkarane for å verna yttergrensa si vil gje frå seg delar av eigen suverenitet til eit land med diktatoriske drag.

I Kronen Zeitung sa den 29-årige austerrikske utanriksministeren Sebastian Kurz rett etter toppmøtet at Balkan-ruta framleis ville vera stengd på grensa mellom Makedonia og Hellas, der om lag 15.000 menneske sat fast. «Vi vik ikkje ein millimeter frå posisjonen vår», sa den austerrikske innanriksministeren Johanna Mikl-Leitner.

 

GÅR SUND

Heilt sidan den austerrikske kanslaren Werner Haymann saman med Merkel henta fleire tusen stranda flyktningar frå Ungarn til Tyskland i september i fjor, har Austerrike vore Tysklands næraste allierte i migrasjonskrisa. Men måndag sa Merkel på tysk fjernsyn: «Eg kjenner ikkje takksemd mot Austerrike. » Det er sjeldsynte og skarpe ord mot ein så nær ven, slektning og nabo.

Etter folketalet har Austerrike teke imot fleire flyktningar enn Tyskland, og landet har mist trua på raske og effektive internasjonale løysingar. Den austerrikske kursendringa har truleg òg bakgrunn i rapporten «Illegal Migration» frå etterretningstenesta i landet, HNA, attgjeven i fleire austerrikske aviser den 1. mars.

Her kunne ein lesa at krisa i 2015 skal vera berre starten på ein unnatakstilstand som vil halda fram og verta verre, om ikkje grensene nedetter Balkan-ruta vert stengde. Tyrkia, heiter det i rapporten, korkje kan eller vil stansa migrantflaumen til Hellas, som ikkje berre har opphav i Syria-krigen, men i høg grad òg i Afghanistan, der 80.000 menneske bryt opp kvar månad og gjev seg i veg til Europa over Tyrkia.

 

«UUTTØMELEG» MIGRASJONSPOTENSIAL

For året 2016 reknar etterretningstenesta med at det vil koma mellom 800.000 og 1,5 millionar afghanarar til Europa over Tyrkia. I tillegg kjem eit «uuttømeleg» migrasjonspotensial frå Afrika, som har fleire ustabile regionar og ein svær folkevekst.

På det tyske kanslarkontoret i innerkrinsen til Angela Merkel vert det mot slike situasjonsrapportar innvendt at dei på grunn av oppgåvene i tryggingsmiljøa har eit påtvinga nasjonalt perspektiv som utelèt dei internasjonale konsekvensane av tiltak som til dømes grensestenging. Merkels medarbeidarar meiner vegen er kort frå tryggingstenkinga til det lokale stambordet, skriv Frankfurter Allgemeine Zeitung i ein reportasje 30. januar.

 

«ABSURD»

Leiande politikarar i Wien ser altså annleis på det. Austerrike vil òg ha ei internasjonal løysing, sa Sebastian Kurz til Süddeutsche Zeitung 2. mars, og arbeidet for ei slik større løysing kan halda fram jamvel om Austerrike og Balkan-landa set ein stoppar for at flyktningar og migrantar vert vinka vidare frå land til land gjennom Balkan utan omsyn til internasjonale avtalar som til dømes Dublin-avtalen, som seier at flyktningar må søkja vern i den fyrste EU-staten dei kjem til, og for tida vil det i dei fleste høve vera Hellas.

Kurz kalla det «ein absurd situasjon» at flyktningar og migrantar med og utan rett på vern «demonstrerer og nyttar vald» for å få kryssa grensa frå Hellas til Makedonia, der det «ikkje lenger handlar om vern, men om ei betre økonomisk framtid», for det «finst ikkje nokon grunn til å flykta frå Hellas».

 

AUSTERRIKE BERGAR MERKEL

Meir uventa var det å få høyra same sak frå Angela Merkel sjølv: Det må verta slutt på berre å vinka flyktningane over grense etter grense, sa ho ifølgje Spiegel Online etter eit møte med den kroatiske statsministeren Tihomir Oreskovic i Berlin 1. mars: Det finst «ingen lovparagraf som gjev ein flyktning krav på å kunna velja å få asyl i eitt bestemt EU-land», la ho til og utelukka dermed at Tyskland skulle henta flyktningane frå den stengde makedonske grensa, sidan det finst «overnattingsmogelegheiter» i Hellas som flyktningane måtte nytta.

To dagar før hadde ho i samtale med journalisten Anne Will på tysk fjernsyn avvist kvar ei kursendring i flyktningpolitikken sin og skildra strengare grensekontroll som uetisk: «Der den eine definerer si eiga grense, må ein annan lida for det», heitte det då. Det tyder at når Austerrike og Balkanlanda stengjer den makedonske grensa, så er det til nytte for austerrikarane, men råkar grekarane.

To dagar seinare var altså meldinga hennar til dei ti tusen som sat fast på grensa, at dei fekk finna seg overnatting der dei var. Måndag under EU-toppmøtet med Tyrkia snudde ho endå ein gong. No med det noko uklåre: «Det er ikkje mogeleg å stengja noko. »

Forklaringa på Merkels dobbelttale kan vera at ho ikkje får den internasjonale løysinga på flyktningkrisa som ho ynskjer, om ikkje migrasjonskaoset i Europa fyrst tek slutt.

 

KRISE PÅ TRE NIVÅ

Migrasjonskrisa har minst tre nivå: Det akutte som gjeld statleg kontrolltap i Europa og humanitær naud; det kroniske som gjeld heile det europeiske asylsystemet som treng fornying, og betre ordningar for krigsflyktningar; endeleg det grunnleggjande nivået som er knytt til det verdsøkonomiske systemet og mangelen på lokalt fungerande styresett over store delar av verda.

Alle ser at dette tredje nivået når vi ikkje på generasjonar, kanskje aldri. Det andre nivået med betre asylsystem og flyktningomsorg kan vi nå, men det kan ta fleire år. Det er på det akutte nivået at problema kan og må løysast med det same.

Men den tysk-tyrkiske løysinga frå EU-toppmøtet, om framlegget i det heile vert vedteke, kan ta tid å setja i verk. Kor snøgt vil det gå å etablera eit så effektivt retursystem for ulovleg immigrasjon og eit så omfemnande mottakssystem for lovleg immigrasjon at flyktningane verkeleg sluttar å setja over Egearhavet på eiga hand? Vil eller kan Tyrkia hindra flyktningane i å reisa ut? Kjem den greske kystvakta verkeleg til å fungera att?

Er det krigsskipa til Nato som skal frakta flyktningane attende til Tyrkia eller fanga dei opp på vegen til Italia? Vil dei store økonomiske tilskota til å betra tilhøva for flyktningane i Tyrkia nå fram til dei som er i naud, eller forsvinna i byråkrati og korrupsjon? Med den framdrifta EU-tiltaka hittil har hatt, kan det ta månader før ein eventuell avtale med Tyrkia får nokon verknad.

Dette har korkje Europa eller Merkel tid til å venta på. Held den ukontrollerte innvandringa til Tyskland fram over Balkan, eller over Italia via Albania og Libya, som truleg vert hovudrutene for flukt og migrasjon om vegen over Balkan framleis vert stengd, slik at det kjem 1-3 millionar migrantar til Europa i 2016, kan det vera slutt for Merkel som kanslar i Tyskland. Merkel treng dei stengde grensene. Men ho kan ikkje gå inn for dei, utan å vedgå eit politisk feilgrep av historiske dimensjonar.

Det gjer at ho for å berga andlet må tala strengt til Austerrike, men ikkje så strengt at Austerrike og Balkan-landa opnar grensene att. «Wiens grenseregime bergar Merkels posisjon som kanslar», skreiv forfattaren Alan Posener i Die Welt 20. januar.

 

EI FULLSTENDIG REFORM

I røynda har Merkel og Tyskland endra kurs i flyktningpolitikken, skreiv den politiske redaktøren Ludwig Greven i ZeitOnline 2. mars. Men fordi denne politiske kursendringa skjer i mange små steg, er ho vanskeleg å oppdaga, stod det å lesa i leiarartikkelen i Der Spiegel nr. 9/16, signert av journalisten Christiane Hoffmann.

Som kanslar vil Merkel truleg overleva, dersom det, som no, held fram med å koma merkbart færre flyktningar over dei tyske grensene. «Men dette er ikkje eit resultat av Merkels politikk», skreiv Hoffmann: «Det er eit resultat av at politikken hennar har mislukkast. Det kjem færre fordi Merkels motstandarar har stengt grensene langs Balkan-ruta (… ) Ei ny arbeidsdeling tek no form: Tyskland tek ansvaret for humanismen, og dei andre tek seg av dei harde tiltaka. Meir kynisk kan det ikkje verta: Det tillèt Merkel å verta ståande som moralsk, medan Viktor Orbán må gjera det skitne arbeidet.»

 

 

Dag og Tid 11. mars 2016.