Main menu:

Undersider for Artikler:

Når røynda vert satire

Böhmermann-saka som har dominert tysk ålmente i veker, byrja med songen «Erdowie, Erdowo, Erdogan», ein satirisk kritikk av Erdogans handsaming av journalistar og kurdarar som vart framførd i eit fjernsynsprogram 17. mars. Den tyske ambassadøren i Ankara vart innkalla til den tyrkiske utanriksministeren, som kravde at videoen med songen vart sletta frå internett. I staden innskjerpa tyskarane overfor Tyrkia at både rettsstellet, pressa og kunsten må vera uavhengige. Seint på fredagskvelden 31. mars, i nisjeprogrammet «Neo Magazin Royale», ville den unge satirikaren Jan Böhmermann forklara Erdogan kva som var tillate og ikkje tillate i Tyskland, sidan presidenten hadde trudd at den harmlause «Erdowie, Erdowo, Erdogan» var eit brotsverk. Som eit døme på kva som ikkje er tillate, las Böhmermann opp eit sjølvskrive dikt der Erdogan vart tillagd seksuelle praksisar som barneporno og dyresex, blanda med obskøne karakteristikkar av Erdogans kroppslege attributtar og skildring av vald mot kristne og kurdarar.

 

POLITISK KONTEKST

I større samanheng var det eit klart politisk-satirisk dikt. Ved å lata som han ville syna Erdogan kva han med god grunn kunne reagera på, synleggjorde Böhmermann kor lite det skal til før den tyrkiske presidenten nyttar påtalemakta mot opposisjonelle. Dermed retta han søkjeljos på korleis Erdogan nyttar det tyrkiske rettsstellet som ein reiskap til undertrykking i Tyrkia, der det berre sidan 2014 har vore fleire tusen rettssaker, disiplinærsaker eller bøteleggingar mot journalistar, kunstnarar, studentar, kjentfolk og forskarar for å ha fornærma presidenten eller andre maktpersonar.

 

I den frekke stilen til den vesle mannen som omsynslaust gjer narr av den mektige presidenten, ligg det òg eit karnevalistisk og antiautoritært element. Det kan alt i alt ikkje vera tvil om at Böhmermanns spottedikt fell inn under det rettslege vernet av politisk satire.

 

PARAGRAFANE

Det meinte ikkje Erdogan, som klaga Böhmermann inn etter to ulike paragrafar. Den fyrste var paragraf 185 for ærekrenking, ein paragraf som òg den vanlege borgar kan nytta, og der strafferamma er eitt år. Men den tyske straffelova har òg ein annan paragraf, nemleg paragraf 103, som gjeld ærekrenking av framande statsleiarar, den såkalla «sjah-paragrafen», som har ei strafferamme på fem år. Denne paragrafen kan eit utanlandsk statsoverhovud visa til og be om straffeforfylging i Tyskland av ein tysk borgar for ærekrenking. Nett dette gjorde den tyrkiske regjeringa.

 

Men for at den tyske påtalemakta skal kunna opna sak mot Böhmermann etter paragraf 103, må den tyske regjeringa gje rettsstellet løyve til å reisa sak. Det er då ikkje slik at regjeringa instruerer rettsstellet om å reisa sak etter paragraf 103, men tillèt at rettsstellet på grunnlag av eigne vurderingar kan reisa slik sak. Og nett dette løyvet gav den tyske regjeringa i førre veke, etter lang tid med rådslaging og usemje. Det Merkel då opna for, var at den undersøkinga som det tyske rettsstellet alt hadde sett i gang for å sjå om det i Böhmermannsaka ligg føre eit brot på paragraf 185 i straffelova, vert utvida til å gjelda òg «sjah-paragrafen», paragraf 103. Erdogan har altså klaga Böhmermann inn for retten både etter den «normale» paragraf 185 for ærekrenking av person og etter paragraf 103 som gjeld ærekrenking av statsoverhovud.

Såleis kan det verta reist to tiltalar og verta ført to saker om diktopplesinga hans.

 

SJAH-PARAGRAFEN

«Sjah-paragrafen» har namnet sitt etter sjahen av Iran som i 1960åra nærast konstant var irritert over kritikken han vart utsett for i tysk presse. Etter fleire mislukka freistnader vann han i 1968 fram med ein rettskraftig dom mot ein karikaturteiknar. Men i dag vert «sjah-paragrafen» sedd på som ein fortidsleivning. Det gjeld i endå høgare grad for fylgjeparagrafen, pargraf 104, som lèt regjeringa avgjera om ei sak innklaga etter paragraf 103 skal kunna handsamast av rettsstellet eller ikkje.

 

«Sjah-paragrafen» vert av juristar rekna for å vera vanskeleg å tolka, skriv jusprofessoren Tom Stiebert på nettidsskriftet Juraexamen.info 11. april i ein gjennomgang av Böhmermann-saka der han konkluderer med at Böhmermanns diktopplesing er dekt av ytringsfridomen og ikkje kan straffast.

 

Når det gjeld kva regjeringa må ta omsyn til i avgjerda om å tillata eller avvisa ei rettsprøving etter paragraf 103, skriv Stiebert at regjeringa må avvisa rettsprøving dersom ho er overtydd om at ytringa som vert innklaga av det framande statsoverhovudet, er dekt av ytringsfridomen. Det primære omsynet for avgjerda ligg i den grunnleggjande intensjonen i lova, som er å hindra framande statar i å blanda seg inn i tysk strafferett. Men regjeringa skal òg ta omsyn til diplomatiske relasjonar.

 

VEDTAKET

Det tyder at Merkel med dekning i lova kunne ha avvist søksmålet frå Erdogan. Som gyldig grunn kunne ho ha vist til både ytringsfridomen og dei nasjonale interessene i å verna den. Ei avvising av rettsprøving etter «sjah-paragrafen» ville òg ha vore i pakt med den tyske rettskjensla, som her er så klar at berre 22 prosent av folkesetnaden stør Merkels avgjerd om å tillata sak, medan 66 prosent er imot.

Med ei slik avvising av Erdogan ville Merkel ha fornya den noko falma helteglorien sin frå i fjor haust. Ved å nekta å ofra pressefridomen og gje etter for politisk press, ville ho atter ha stått fram som ein politikar med etiske prinsipp.

 

I staden gav ho etter for presset med ei regjeringsavgjerd teken med knappast mogeleg fleirtal, berre éi røyst – hennar eiga. Synleg nervøs las ho opp ei pressemelding som gjekk ut på at regjeringa ville tillata rettsprøving etter «sjah-paragrafen», med den grunngjevinga at det ikkje var rett at regjeringa skulle hindra ei rettsprøving som i ein moderne rettsstat ligg til rettsstellet.

Men samstundes varsla ho at regjeringa ville gjera framlegg om å fjerna «sjah-paragrafen som det ikkje lenger var trong for i straffelova, underforstått fordi den «normale» ærekrenkingsparagrafen, paragraf 185, er tilstrekkeleg for alle klager om ærekrenking, også om dei kjem frå framande statsleiarar.

 

TYRKISK TVANG

Om dette skriv juristen Anine Kierulf i Aftenposten 16. april: «Fremfor politisk å avgjøre at denne saken ikke skulle etterforskes til tross for at den var anmeldt, har Merkel altså overlatt saken der den etter ordinære maktfordelingsprinsipper hører hjemme – i straffesystemet. Hennes handling er slik en understreking av det tyske rettsstatlige demokrati. (… ) Hadde Merkel nektet autorisasjon, ville det vært ensbetydende med at hun avgjorde et konkret, strafferettsleg spørsmål.»

 

Men saka ville gått etter den «normale» ærekrenkingsparagrafen 185 jamvel om Merkel ikkje hadde tillate bruken av «sjahparagrafen». Ved å nekta sak etter «sjah-paragrafen», noko lova klart opnar for, ville Merkel ha markert at denne sovande paragrafen ikkje bør vekkjast opp att, og samstundes markert støtte til åndsfridomen og synt at Tyskland handlar sjølvstendig overfor Tyrkia. Saka ville likevel ha vorte handsama av rettsstellet etter den «normale» ærekrenkingsparagrafen 185, og då meir i pakt med «det tyske rettsstatlege demokrati» enn no som rettsstaten òg må handtera «sjah-paragrafen», som dei fleste meiner er forelda.

 

Det var såleis korkje i lova eller i rettskjensla noko som tvinga Merkel til å overprøva vurderinga til både utanriksministeren og justisministeren, som begge ville avvisa klaga. Tvangen kom frå Erdogan og redsla for at den tyrkiske presidenten ville trekkja seg frå flyktningavtalen om han ikkje fekk det som han ville i Böhmermann-saka.

 

POLITIKKEN VERT SATIRE

Med avgjerda si har Merkel tillate ei rettsleg prøving etter ein paragraf som ho vil avskaffa fordi ho meiner han ikkje bør nyttast, for at eit kunstuttrykk som alt vert rettsleg undersøkt etter den «normale ærekrenkingsparagrafen som ho meiner bør nyttast, i tillegg skal kunna verta rettsleg prøvd etter den anakronistiske «sjah-paragrafen» som ho vil avskaffa.

 

Dette var så vanskeleg å skjøna at det gjekk hus fordi hos halve det tyske kommentariatet. Men Thomas Schmoll i Die Welt kalla det med rett namn: «Realsatire». Gjennom Merkels krumspring vert sjølve røynda til eit Late-Night Show.

 

Prisen betalar satirikaren. Fyrst vart det meldt at Böhmermann ikkje kunne møta opp for å ta imot ein ærefull mediepris han hadde vunne. Så vart han sett under politivern. Deretter vart den påfylgjande utgåva av fjernsynsprogrammet hans sløyfa. Endeleg posta han på Facebooksida si opplysninga om at det vil ta tid før programmet hans kjem på att, sidan han vil ta seg «ein liten fjernsynspause» og kanskje reisa utanlands, truleg til Nord-Korea, som han ironisk seier, «for å få klårleik i saka med presse- og kunstfridomen». Såleis har Erdogan med Merkels hjelp fått nedlagt eit politisk satireprogram og jaga ein satirikar under jorda.

 

PRISEN KAN STIGA

Prisen kan verta endå høgare, slik at fleire må vera med på betalinga. For med å pressa den tyske regjeringa til å tillata ei straffesak etter ein paragraf som strir mot tysk rettskjensle, har Erdogan flytt den innanlandske praksisen sin med å nytta ærekrenkingsparagrafar til å slå ned på politisk kritikk, til Tyskland.

 

Med avgjerda si har Merkel demonstrert at ho med flyktningavtalen har gjort Tyskland til Erdogans gissel på permanent basis. Nett denne gisselsituasjonen er den djupare politiske meininga i Böhmermanns omskriving i diktet sitt av Erdogans namn til Recep Fritzl Priklopil, idet han viser til dei to gisseltakarane Joseph Fritzl som sperra familien sin inne i 24 år, og Wolfgang Priklopil som heldt jenta Natascha Kampusch fanga i ti år.

 

Midt i Europa vert eit litterært uttrykk freista kriminalisert for å verna eit autoritært regime mot kritikk både innanfrå og utanfrå. Mot slike regime treng forfattarar, teiknarar og satirikarar rask og eintydig støtte frå sine eigne styresmakter, og dette gjeld same kva slags kunstnarleg eller satirisk smak ein har.

 

Dag og Tid 22. april 2016.