Main menu:

Undersider for Artikler:

Normaliseringa av Tyskland

 

Tyskland er ikkje noko vanleg land. Det er ei gamal stormakt som for å sona syndene sine frå andre verdskrigen har hatt som hovudline i politikken å vera så usynleg som råd og difor i eit lite hundreår ikkje har drive med anna enn fotball, som ikkje har noko å seia, og pengar, som har løynt makt. Den nasjonale skamma etter Auschwitz, og draumen om å få verta eit normalt land igjen, har gjort Tyskland meir uvanleg enn noko anna land.

I artikkelen « Tyskland, kven er du? » i vekemagasinet Focus 10/16 fortel filmskaparen Volker Schlöndorff, ein av dei store i den nye tyske filmen frå 1960- og 70-åra, kjend for filmatiseringar av romanar som Günter Grass’ Blikktrommen og Heinrich Bölls Katharina Blums tapte ære, at då han som skulegut såg filmen Nacht und Nebel frå dei nazistiske konsentrasjonsleirane, reagerte han med eit sjokk som ikkje gjekk over.

Dette var i 50-åra, og Schlöndorff gjekk på skule i Frankrike, der dei franske kameratane hans spurde han etter framvisinga: «Korleis kan ein vera tyskar? » Sjølv ville han heller ikkje vera tysk meir og satsa alt på å assimilera seg i det franske samfunnet. Men det meinte franskmennene var typisk tysk.

Det var denne trongen til ikkje å vera tysk, noko tyskarane sjølvsagt ikkje kan unnsleppa, som var drivkrafta hjå dei intellektuelle i generasjonen hans, skriv den no 77-årige sekstiåttaren Schlöndorff: «Vi ville laga eit anna bilete avlandet vårt, og så ville vi tilpassa landet etter dette nye biletet.»

 

«LÅGMÆLT PATRIOTISME»

Men fyrst i 2015, då Angela Merkel opna Tyskland for flyktningane, gjekk ungdomsdraumen hans om eit nytt Tyskland i oppfylling. Merkels «venlege andlet» står no for han som sjølve Tyskland, og han trur ho er driven av den same «lågmælte patriotisme» som han: «Ho vil leva i eit land ein kan vera stolt av, og ho vil syta for at vi får det slik. »

Merkel er utan trong til makt, ho vil berre «gjera Tyskland betre», driven av ein «gamaldags kjærleik til Tyskland». Ho veit at naud og krig og klimakrise vil driva «millionar heimanfrå» i åra som kjem, og vil førebu Europa på å ta imot denne «folkevandringa». Alle må hjelpa til, «finna plass til nokon i ei hytte her, driva undervising under open himmel, spela fotball på offentlege grasplenar». Lat oss vona, avsluttar han i ein appell til landsmennene sine, at vi veit å nytta denne andre sjansen betre og ikkje jagar kanslaren vekk.

Denne «lågmælte patriotismen» som Schlöndorff finn hjå seg sjølv og den tyske sekstiåttargenerasjonen, er kanskje noko avforklaringa på kvifor Merkel har satsa så høgt på «velkomstpolitikken» at resultatet kan verta ei krass høgredreiing i det tyske samfunnet og splitting av EU.

Slik den gamle filmskaparen legg fram flyktningpolitikken hennar, er politikken ein omvend tysk patriotisme, ei nasjonal sjølvrealisering gjennom internasjonal usjølviskheit. Den tyske «velkomstkulturen» som helsa fleire hundretusen velkomne og mobiliserte tallause friviljuge hjelparar og som lét fleirtalet av folkesetnaden stø Merkels opning av grensene, vert då tysk gjenoppretting etter Auschwitz, soninga av dei grufulle brotsverka til foreldre og besteforeldre.

 

«VALSKRED»

Det kan òg bidra til å forklara kvifor motreaksjonen i Tyskland trass i alt har vore tilbakehalden og ambivalent, og kvifor dei moderate tala til det innvandringskritiske partiet Alternative für Deutschland (AfD) i delstatsvala måndag vert skildra som eit «valskred». Nett av dei historiske, kulturelle og psykologiske årsakene som Schlöndorff syner fram, er terskelen for å røysta på AfD svært høg. Mange meiner at dei som går til dette partiet, bryt med borgarleg sømd.

Etter krigen har det aldri vore plass til eit slikt parti i Tyskland, anna enn for dei som ber på ein open eller løynd nostalgi for tysk stordomstid. Når eit parti som AfD finn vegen inn delstatsforsamlingane og vinn heile 24 prosent av røystetalet som i Sachsen-Anhalt, er det noko radikalt nytt i tysk etterkrigstid. Med den terskelhøgda som tyskarar flest må ha for å røysta på eit parti som ope talar om tyske interesser, stengde grenser, statleg makt for å stansa flyktningstraumen osb. , er valresultatet eit gjennombrot for folkelege straumdrag som finst i alle europeiske land, men som Tyskland har vore skåna for.

Potensialet for AfD er truleg mykje høgare enn dei om lag 11 prosent dei no nådde i snitt. Tyskland har fått sitt nasjonalt orienterte populistiske antiinnvandringsparti og har såleis ikkje gjennom Merkels flyktningpolitikk, men gjennom protesten mot han, vorte eit meir normalt land.

 

STRATEGIEN TIL AFD

Det nye partiet Alternative für Deutschland vert av mange sett på som høgreekstremt og ein fare for tysk demokrati. «Det vert brunt i aust», skreiv journalisten Heribert Prantl i Süddeutsche Zeitung 13. mars som ein kommentar til det sterke resultatet til partiet i den austtyske delstaten Sachsen-Anhalt.

Men det dreiar seg ikkje om brølande nynazistar med hakekrossar tatoverte på snauskallar. Fordi CDU under Merkel og særleg under flyktningkrisa har gått til venstre, er tyske konservative vortne politisk heimlause. «Det nye høgre», vart det sagt i ein Spiegel-rapport frå november i fjor, «kjem frå det borgarlege sentrum og inkluderer intellektuelle med konservative verdiar, fromme kristne og dei som er sinte på den politiske klassa. »

AfD er enno eit uavklart og fleirtydig fenomen. Svært mange heimesitjarar, ofte menneske som lenge før flyktningkrisa har kjent seg svikta av politikarane, røysta denne gongen på AfD. Forutan ihuga EU- og globaliseringsmotstandarar og menneske skremde opp av islam er partiet samansett av «nasjonalistiske romantikarar, borgarlege konservative, åndelege brushovud, næringsliberalarar og gamle CDU-medlemer som ikkje lenger vil fylgja med på ferda mot venstre», skreiv sjefkommentatoren Jacques Schuster i eit intervju i Die Welt 12. februar med den tidlegare CDU-politikaren og leiaren av den såkalla «Berlinkrinsen» som for nokre år sidan motarbeidde Merkel-lina i partiet, den 74 år gamle Alexander Gauland, som skal vera AfDs politiske strateg.

Til partiet har etablert seg som ei kraft i det politiske landskapet, skal det haldast ope for flest mogelege grupper, er hans strategi. På sikt skal dei ekstreme ut, og AfD skal verta eit breitt, konservativt folkeparti.

 

EIT NYTT HØGRE

Partiprogrammet vert skrive av den 47 år gamle filosofidosenten Marc Jongen, som i ein samtale med Frankfurter Allgemeine Zeitung 15. januar kalla det enno uferdige partiprogrammet for «eit manifest» som skal «hindra dekonstruksjonen av familie og folk».

Dette må etter Jongens meining skje ved at tyskarane innser at dei har utvikla ein kultur som manglar «evna til sjølvforsvar mot andre kulturar og ideologiar».

I eit stort intervju i Neue Zürcher Zeitung 13. mars la partifilosofen fram ein samtidsdiagnose som ser tysk og europeisk samtid i ei djup kulturkrise prega av demografisk nedgang og utøymd finansspekulasjon, med ein innvandringspolitikk som massivt skjerpar desse og andre forfallsprosessar. Han vil motverka forfallet med innføring av direkte demokrati etter sveitsisk modell, tilbakegang til geostrategisk tenking i utanrikspolitikken, verning av tyske nasjonalgrenser og tyskkulturell opprusting, kva no det vil tyda.

Leiarane i AfD veit nøyaktig kva dei vil oppnå, skreiv Julius Bender og Eckhart Lohse i Die Welt 14. mars, «nemleg den store historiske pendelrørsla». Dei ser delstatsvala som «paradigmeskifte» og byrjinga på «slutten av herreveldet til gamal-sekstiåttarane». AfD oppfattar seg sjølve som «rørsla til folket mot samfunnseksperimentet frå dei siste tiåra» og ser si oppgåve i å «overvinna den venstreideologiske indoktrineringa av samfunnet vårt». Partiet tek mål av seg, skriv Bender og Lohse, å råka «heile reformapparatet som i dei føregåande tiåra skal ha skapt det multikulturelle og kjønnsnøytrale samfunnet».

Truleg har denne nye politiske generasjonen mykje mindre i seg av det sjokket Volker Schlöndorff opplevde i konfrontasjonen med Auschwitz og kjenner ikkje den same trongen som tidlegare tyske generasjonar til å finna ein identitet som kan vega opp for brotsverka til foreldra.

Kva ein slik tysk sjølvkontroll kan føra til i Europa, er i det uvisse. Men normaliseringa av Tyskland avsluttar den europeiske etterkrigsnormaliteten.

 

Dag og Tid 18.03.2016.