Main menu:

Undersider for Artikler:

Stemnemøte med globaliseringa

Dagen før landsmøtet i det tyske regjeringspartiet CDU starta denne veka, kom Angela Merkel kritikarane sine i flyktningpolitikken i møte med formuleringar ho helst ville ha vore utan. I framlegget til landsmøteutsegn vart det teke inn at «heller ikkje eit så sterkt land som Tyskland kan i lengda makta å ta imot så mange flyktningar» som i dag, og «difor vil og skal vi få talet på flyktningar monaleg ned». Men i landsmøtetalen sette Merkel orda inn i sin eigen kontekst.

 

PARTIET SOM KYRKJE

Kompromissutsegna om å få flyktningtala ned vart lagd fram som sjølvsagde innsikter, saman med ei dobbel truvedkjenning: globaliseringa som lagnaden til det moderne mennesket og regjeringspartiet CDU som protestantisk folkekyrkje.

Skal vi tru landsmøtetalen til Merkel, ligg idégrunnlaget til CDU i ideen om «det verdet Gud har gjeve kvart einskilt menneske». For CDU kan det difor ikkje finnast menneskemassar, berre einskildindivid. «Det tyder at det i dag ikkje kjem menneskemassar til oss, men at det tvert om kjem einskildindivid til oss», heitte det i talen.

Når Merkel sa dette, skriv kommentator Thorsten Denkler i Süddeutsche.de 14. desember 2015, var det heilt stilt i salen i nokre sekund, som om delegatane trong denne tida for å skjøna kva som vart sagt. Så, som om alt brått fall på plass, braut med eitt applausen ut for denne setninga: «Også for CDU er menneskeverdet noko ein ikkje kan røra ved. » Slik vert politikken til religion, partiet til kyrkje og pressa til kyrkjelydsblad. For sjølvsagt kunne òg Merkels motstandarar argumentera med menneskeverdet til dei millionane av einskildmenneske i Midtausten som ikkje får hjelp til det mest naudsynte, sidan alle ledige pengar og meir til no vert nytta på dei hundretusenvis som har kome seg fram til Tyskland.

Det er jo ikkje slik at dei som har andre praktiske løysingar på flyktning- og migrantkrisa enn Merkel, er motstandarar av menneskeverdet og vil einskildindividet vondt. Men Merkel, som sjølv ikkje er truande kristen, nyttar Gud og kristendomen som middel i den politiske kampen sin. Dei som er usamde med henne, får såleis passet sitt påskrive som ukristelege. Det sender landsmøtedelegatane på beina i applaus, for kven vil vera inhuman så alle ser det? Men truleg aukar det polariseringa i landet når opposisjonen i CDU lèt seg fanga inn av ein politikk som folkefleirtalet er imot, og som no knapt har plass attende i den politiske verda.

 

EIN FRAMANDLEKAM I CDU

I samtaleprogrammet til den tyske fjernsynsjournalisten Sandra Maichberger ei vekes tid føre CDU-landsmøtet sa forfattaren og Der Spiegel-kommentatoren Markus Feldenkirchen, ein tilhengjar av Merkels flyktningpolitikk, at motstanden mot Merkel er mykje breiare enn det leiinga i CDU trur.

På grunnplanet i partiet rår kjensla av å vera «svikne», og trykket etter ei kursendring er «enormt», det når berre ikkje fram til partileiinga. «Merkel har alltid vore ein framandlekam i partiet sitt», hevda han. Både i eurokrisa i 2010 og med vedtaket om avvikling av alle tyske kjernekraftverk etter Fukushimaulukka i 2011 regjerte ho etter stemninga i folket og hamna på standpunkt til venstre for tradisjonelle tenkjemåtar i CDU. Posisjonen hennar i CDU kviler ikkje på politikken ho fører, men på evna hennar til å tryggja regjeringsmakta for partiet, meinte Feldenkirchen. Men i flyktningsaka går ikkje dette lenger, fordi ho her står utanfor både partiet sitt og folkefleirtalet. Fordi basisen hennar ikkje er i partiet, men i folket, svinn maktposisjonen hennar i CDU i same takt som ho misser støtte i folket.

Det kan sjå ut som om Merkels siger på CDU-landsmøtet svekkjer denne analysen. Men analysen kan kompletterast av synsmåtane til ein annan av deltakarane i samtalen, journalisten Wolfgang Herles, som hevda at Merkel gjennom tida si som kanslar er vorten «upolitisk».

I artikkelen «Angela Merkel og dansen til vampyrane», publisert på nettsida Tichys Einblick 31. oktober 2015, skriv Herles at Merkel har fråteke CDU alle prinsipp og eit overordna verdsbilete og gjort det til eit sentrumspopulistisk parti som navigerer etter skiftande folkeleg konsensus. I ti år har Merkel unnvike politisk konfrontasjon og flytt standpunkt alt etter kva ho fekk av folkeleg medhald. Fordi ho alltid har retta seg inn etter folkestemninga, oppnådde ho «absolutt herredøme over den tyske hovudstraumen» og måtte aldri kommunisera synspunkta sine til folket. Alltid med folkefleirtalet på si side har ho i sitt eige parti CDU styrt eineveldig og trong heller ikkje her å dyrka samtale og diskusjon.

I flyktningsaka bryt denne strategien saman, skriv Herles. CDUs faste, liberal-konservative veljarar vert drivne ut av politikken eller til høgreradikale standpunkt. Det einaste som held partiet saman, er lydnaden til leiaren, som berre varer så lenge ho sikrar partiet regjeringsmakta. Men reelt fører Merkels politikk til at CDU og «heile landet vert splitta», fordi ho «støyter bort dei som ikkje vil følgja henne».

 

POLARISERING

Tida som kjem, vil syna om desse analysane, som meiner å sjå ein heil avgrunn mellom Tysklands politiske leiarskap og ein veksande folkeleg opposisjon, som vert meir og meir radikal di mindre politikarane tek omsyn til han, tek feil. Men Merkels landsmøtetale var ein freistnad på nettopp å rigga til eit idégrunnlag og kommunisera ein heilskap som kunne forklara og forsvara flyktningpolitikken hennar. Partitoppen lét seg riva med. Kanskje kjem folket etter? Kommentatoren Nico Fried seier i Süddeutsche Zeitung 15. desember 2015 at Merkels tale var eit retorisk kunststykke der ho utvida sitt eige «eg» til å femna om heile det kristeleg-demokratiske «vi», slik at alle kjende seg omfamna på grensa av å verta kvelte. Partiet vart sett på val mellom ope opprør eller full lydnad og valde lydnaden. Landsmøtetalen, som mange meiner var Merkels beste nokosinne, ser Fried som «ein stor suggesjon», der den flyktningpolitikken som ho strengt teke skulle tvinga ei motviljug forsamling til å akseptera, vart framstilt som eit storarta humanitært og europeisk prosjekt som alle i salen hadde vore med på frå starten av, endå dei i røynda aldri vart spurde. Merkel «omprogrammerte all softvara i CDU». Men dimed miste folkefleirtalet all representasjon i regjeringspartiet.

 

PLANEN I

Merkels verdsbilete er konfliktar mellom nasjonale interesser underordna. Tyskland skal «føyast inn» i Europa, Europa skal «føyast inn» i «den globale ordninga», idet ein «byggjer bruer frå Europa til Afrika, til Tyrkia, til asiatiske land», sa ho i landsmøtetalen. Migrasjonskrisa er eigenleg ikkje ei krise, men Tysklands og Europas «rendevouz (stemnemøte) med globaliseringa».

Merkels plan går ut på ein kombinasjonen av tyrkisk grensevern som skal stogga illegal immigrasjon, og europeiske flyktningkontingentar som skal legalisera ei innvandring på om lag 400.000 flyktningar til Europa årleg, fordelt på EU-landa. Men på informert hald i Brussel vert det sagt at høgst mellom 20.000 og 60.000 flyktningar kan koma inn i ei slik kontingentordning, skriv SpiegelOnline 13. desember 2015. På onsdag sette den austerrikske kanslaren Werner Fayman tilbodet til Tyrkia ned til «mellom 40.000 og 50.000», melder ZeitOnline 16. desember 2015. Alt kjem no an på kva som er Tyrkias pris.

I mellomtida held flyktningstraumen fram. Førre veke kom 16.000 over Egearhavet til Hellas, melde SpiegelOnline 13. desember 2015. I talen sin på CDUs landsmøte tysdag skremde CDU-formannen Seehofer delegatane med at det dei seinaste fem dagane var kome 23.228 flyktningar over grensa til Bayern.

Men i Noreg held tala fram med å søkka og er no på 285 for siste veke, noko som vil gje 14.000 på årsbasis. Det heng saman med at ingen lenger kjem over grensa i nord, og med den svenske grensekontrollen som avviser dei som ikkje vil søkja asyl i Sverige, og som då ikkje kan reisa vidare til Noreg.

På nyåret kan ein vente seg ny nedgang, sidan Sverige, som sist veke fekk fleire enn 3500 asylsøkjarar, strammar til med krav om gyldige identitetspapir for å få sleppa inn i landet. Sidan berre eit mindretal av flyktningane har slike papir, fryktar danskane at dei skal verta endestasjonen for asylsøkjarane og vil innføra same ID-kontroll straks Sverige set avgjersla si ut i livet 4. januar til neste år. Resultatet kan verta at asyltala søkk drastisk i heile Skandinavia. Presset vil då auka tilsvarande i Tyskland.

 

HØGT SPEL

Kven ville ikkje vona at Merkel har rett eller trass i alt får rett? Ikkje noko ville vera betre enn om migrasjons- og flyktningkrisa vart løyst gjennom internasjonalt samarbeid, verdsøkonomisk reform, praktisk kristendom, global Marshall-hjelp og innsikta i at det ikkje finst noko anna i verda enn einskildindivid på leiting etter lovleg lukke.

Men ikkje eingong tyskarane trur heilt på dette. Medan Merkel spelar høgt på global solidaritet og grenselaus menneskekjærleik, reknar det tyske politiet med fallhøgda i saka og planlegg for stenging av grensene, skriv Die Welt 14. desember 2015. Om det kjem til dette, vil ei slik stenging vara kort, men gje dei signala til omverda som trengst for at flyktningstraumen inn i Tyskland skal stogga.

Planen reknar med at flyktningar vil verta viste attende på grensa til Austerrike, der berre nokre få asylsøkjarar unnataksvis vil sleppa inn. Meir enn 60 grenseovergangar vil verta sperra, mellom dei bruene over Salzach og Inn. I områda innanfor grensa vil politistyrkar freista å pågripa alle som har kome seg ulovleg inn i landet. Flyktningar som kjem seg forbi denne andre forsvarslina, vil verta samla opp i mottakssenter og flogne attende til grensa i helikopter.

 

Dag og Tid 18. desember 2015.