Main menu:

Undersider for Artikler:

Politikarprestene

Prestane er blitt politikarar. I eit intervju med Vårt Land i førre veke vart bispekandidaten Anne-May Grasaas presentert over to avissider, og vi fekk vite at det viktigaste for henne er «menneskeverd, fred, forsoning» og innsats for «alle utsatte». Hjertesakene hennar er flyktningkrisa og overgrep mot born. Alt dette er gode saker, men kvifor stiller ho då ikkje til val for Venstre, KrF, SV, Arbeidarpartiet eller Miljøpartiet, heller enn å verte biskop?

 

Som kyrkjegjengar kjem det meg ikkje ved at prosten i Nord-Helgeland, Olav Rune Ertzeid, meiner at «vi» – det vil seie den vestlege verda – «bygger vår velstand på fattige», og dimed ser ut til å abonnera på ein ideologi som seier at velstand er noko ein snublar over og som enkelt kan delast likt på alle, utan omsyn til samfunnsordning, sivilsamfunn, arbeidsmoral, rettsordningar, korrupsjonskultur, borgarmedvit, religion og så bortetter.

 

Når kyrkjefolk slengjer ut personlege synsmåtar som om politikk og økonomi berre har med moral å gjere og kviler på objektivt grunnlag, så legg dei politikken inn i eit dogmatisk og autoritært skjema, og påstår underhanda at det ikkje kan finnast andre godt grunngjevne synspunkt enn deira eigne.

 

EI AUTORITÆR KYRKJE

Kyrkja er like autoritær i dag som på Ole Hallesbys tid, berre at grensene for kva dei tillèt no, fell meir saman med god tone elles i samfunnet. Hallesby kunne enno vekke kraftige reaksjonar, som den såkalla «helvetesdebatten» i 1953, etter ein radioandakt bygd på kyrkjelæra om æveleg fortaping. I 1975 gjekk Borg-bispen Per Lønning frå stillinga si i protest mot lova om sjølvbestemd abort, noko som skapte bølgjer langt utanfor kyrkja og uro ved middagsborda i alle slags miljø. I dag har kyrkja tilpassa seg tidsånda.

 

Dimed har teologane gjort seg usynlege. Kyrkja, som i dag taler som med éi røyst for dei utsette og einsame, nett som alle andre gjer, har sidan 1970-talet forfølgt, frose ut og fordrive alle dei teologiske einstøingane sine, og har ingen markante personlegdomar att. Då Børre Knudsen og dei andre abortprestane forsvann ut for nokre år sidan, vart det roligare i kyrkja, men òg meir einsformig. Den sjølvtenkjande presten Helge Hognestad vart pressa ut først på 1980-talet for interessa si for nyåndelege straumdrag, før han vart sett inn i kyrkja att; men sidan han stadig ikkje kunne halde synspunkta sine for seg sjølv, har han sidan 2010 freista eit merkeleg prestetilvære med preikeforbod ein plass i Hamar bispedømme.

 

Kyrkja vier likekjønna par og kjempar for seksuelle avvikarar nett som dei fleste andre, men soknepresten i Vålerenga kyrkje, Einar Gelius, vart kasta ut i mørket der dei græt og skjer tenner, fordi han skreiv ei bok om erotiske forteljingar i Bibelen. Gale er det om ein mistrur noko som står i Skrifta, slik som Hognestad, og gale er det òg om ein tek med alt, som Gelius.

Det er dei sjølvstendige personlegdomane som kyrkja går etter. I botn og grunn har det alltid vore slik i kyrkja, heilt sidan dei stengde Henrik Wergeland ute på grunn av feil tru på 1800-talet. Ein annan sterk og interessant personlegdom som rett nok til sist vart teken til nåde og fekk ein plass i kyrkja, var mystikaren Kristian Schjelderup (1894-1980).

 

ASKETISK INTELLEKTUELL

Schjelderup var ein asketisk intellektuell som heile livet var oppteken av forholdet mellom tru og tenking, naturvitskap og religion. Berre 23 år gamal heldt han føredrag i Realistforeningen i Oslo om naturvitskapleg tenkesett og kristen tru, der han meinte at naturvitskapen skildrar éin dimensjon av ei verd som består av fleire. Det naturvitskapelege verdsbiletet var ikkje komplett, meinte han, og kunne supplerast med den religiøse erfaringa utan at vitskapen eller religionen trong å fira på grunnlaget sitt.

 

I den teologiske doktoravhandlinga som han arbeidde med under eit opphald i Marburg, var grunntanken at Einstens relativitetsteori har ei forståing av materien som likner Platons lære om ideane som den sanne røynda. Moderne vitskap peika mot ei objektivt eksisterande åndsverd som vi subjektivt kunne oppleve gjennom religionen, meinte Schjelderup.

 

Særpreget ved Schjelderups religiøsitet var nett at han dyrka den lidenskapelege interessa for religion heile livet utan å renonsere på tenking, fornuft og vitskap. Alt i tiårsalderen vart han gripen av tvilen på kristendommens sanning, utan å misse banda sine til han. Lange daningsreiser førte han på 1920-talet først til Tyskland og sidan til India, Kina og Japan for å studere verdsreligionane på nært hald.

 

I Kina lét han seg frakte i berestol opp dei over seks tusen trappetrina til toppen av det heilage fjellet Taishan i Nanking, og vitja buddhistiske kloster på øya Putoshan. I Japan deltok han i shintoritual i Kyoto. Han vitja Benares i India, drog inn i Nepal på elefantryggen og valfarta til Buddhas fødestad. Men han vende heim til Noreg «like tvilende som da jeg dro ut», skreiv han i erindringsboka Veien jeg måtte gå. Likevel var han blitt overtydd om at han, viss han «noen gang skulle finne veien inn i Guds verden [så] måtte det bli i den religion som er vår religion, kristendommen».

 

AVVIST

Skandale vakte Schjelderup då han i en serie artiklar i Aftenposten i 1928 omtalte fenomenet med den stigmatiserte bondejenta Therese Neumann frå Konnersreuth, som var blitt kjend fordi ho fall inn i ekstatiske tilstandar, der det vart hevda at ho utvikla krossfestsår på hender og føter, og – endå meir fantastisk – at ho i årevis ikkje hadde teke til seg føde. Schjelderup ville ikkje utan vidare godta alt dette, men studerte saka under fleire besøk under så kontrollerte forhold som mogeleg. Difor ville han heller ikkje avvise rykta, og synte til «muligheten for at vårt kjennskap til naturens uendelig rike og mangfoldigartede sammenhenger kan utvides og endres».

 

Endå større oppstuss vart det då Schjelderup eit par månader etter Konnersreuth-artiklane melde seg som einaste søkar til stillinga som sokneprest på Værøy og Røst, men vart avvist. Avslaget førte til langvarig debatt både i Stortinget og i pressa. Fyrst etter andre verdskrig, då han sat fengsla på Grini, vart han ordinert til prest og i 1947 utnemnd til biskop i Hamar.

 

Vegen til den religiøse erfaringa fann han gjennom ei indre røynd han sjølv berre antyda, men som ser ut til å ha vore eit meir konkret «Kristusmøte» enn det dei fleste kristne meiner når dei nyttar omgrepet. «I menneskets indre er det skjult en hemmelighetsfull forbindelse med en annen verden», skreiv han i seinare år.

 

Privat fortalde han om ei «openberring» han skulle ha hatt i det fyrste krigsåret. Andre utsegner kan tyde på at han meinte han konkret såg den oppstandne, og at Kristus personleg opptredde som hjelpar og rådgjevar i den livslange kampen hans for ei ekte religiøs erfaring.

 

PRESTESKAPEN AV I DAG

For ei prosaisk tid og eit nøkternt sinn kan slike forteljingar verke merkelege. Men kva skal vi med ein kristendom som kan stemplast godkjend på dei naturfaglege institutta, og ei kyrkje som ikkje lèt seg skilja frå Palestinakomiteen og Miljøpartiet Dei Grøne?

 

Ingen politisk interessert person vil gå i kyrkja for å høyre at presten har omsut for syriske flyktningar, stør ein liberal innvandringspolitikk og er mot oljeutvinning i Lofoten, vil boikotte Israel eller meiner at menneske med homofil legning ikkje skal diskriminerast.

 

Einaste grunnen til at mange enno går der, er trongen til ei høgtideleg ramme om overgangsritane i livet: fødsel og dåp, vaksenalder og konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Dei gamle kyrkjebygga, dei mytologiske utsmykkingane, bibelhistoria med dei ævelege forteljingar om livets og historias oppkomst, forlaup og meining – alt dette er noko mennesket treng. På same vis treng vi markeringa av årets og tidas gang gjennom høgtidene.

Det moderne tidsrette presteskapet som snik seg inn i denne tidlause, tradisjonelle ramma og gir seg av med snakk som kunne gli umerkeleg inn i annankvar kommentar i dagspressa, snyltar på kyrkjebygga, dei tradisjonelle rituala og trongen vår til nett å sleppe vekk frå tida, nyhenda og politikken.

 

Dag og Tid, 30. juni 2017.