Main menu:

Undersider for Artikler:

Religionskrig i den politiske sona

Rett før julaftan fekk Den norske kyrkja høyra frå innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) at ho er «gjennomsyret sosialistisk». Bakgrunnen var at preses i kyrkja Helga Haugland Byfugllien hadde meint at overføringa regjeringa hadde gjort av pengar frå bistand til asyl, var «uverdig». I eit intervju med NRK 17. desember 2015 nemnde Listhaug òg standpunktet kyrkja har teke til oljeleiting i Lofoten som døme på kva ho meinte var uttrykk for ei venstreorientert politisering av kyrkja, og ho kalla denne typen moralsk ladd kritikk av politiske motstandarar for «godhetstyranniet som rir det norske samfunnet som en mare».

 

MORALPOLITIET I POLITIKKEN

Å kalla flyktningpolitikken til kyrkja for «godhetstyranni» er ikkje eit ordval som tener ordskiftet, men lese i samanhengen er det heller ikkje eit innlegg for vondskap eller uttrykk for «fornektelse av vår felles humanitet», slik som Gunnar Stålsett seier i førre Dag og Tid.

Meiner Sylvi Listhaug at det er gale å vera eit godt menneske? Er ho ein motstandar av menneskelegdom? Sjølvsagt ikkje. Ho meiner at ein politikk som lèt seg styra av moralske prinsipp utan å tenkja langt nok når det gjeld konsekvensane av politikken, er kortsiktig og kan få utilsikta resultat, slik at den som styrer etter det gode med dårleg politisk sikt, kan enda i det vonde. Ho nyttar eit uheldig omgrep til å spissa ein påstand om at moralsk autoritet vert misbruka i det politiske ordskiftet.

Men i kva mon er kyrkja «sosialistisk»? I artikkelen «Mørkeblå klagesalme» i Vårt Land 4. januar 2016 viste Erik Lunde, som er leiar i KrF i Oslo, til at dei politiske utspela til biskopane heng saman med at «det sosialetiske engasjementet» vert teke på alvor i kyrkja, som «ikke kan forholde seg taus i møte med sortering av menneskeliv, sosial urettferdighet og rovdrift på skaperverket».

Men her ser det ut til at Lunde stadfester dei påstandane han vil visa attende. Når han nemner gode saker som alle menneske går inn for, så som motstand mot verdisortering av menneskeliv, urettferd mot menneske og øydelegging av naturen, og reserverer slike allmenne saker for seg sjølv og kyrkja, vert motparten hans, ved dette høvet Sylvi Listhaug, sortert ut som tilhengjarar av det vonde. Ved å ta monopol på gode målsetjingar som alle har, og trekkja moralen inn på partikontoret sitt og låsa døra vert andre vegar til målet, altså andre politiske syn, forkjetra som umoralske.

 

SOSIALETIKKEN OG MARXISMEN

Bakgrunnen for den «sosialetikken» som Lunde omtalar, ligg som Rune Slagstad skreiv i artikkelen «Sedelighetens gjenkomst» i Vårt Land 30. desember 2015 i teologen Tor Aukrusts tobandsverk Mennesket i kulturen frå 1965- 66 med ein verdikonservativ og nymarxistisk inspirert kritikk av den sosialdemokratiske trua på at meir industri og meir velstand var utan skuggesider. Aukrust bygde på teorien om framandgjering hjå den unge Karl Marx og meinte at drivkreftene i den moderne samfunnsutviklinga – naturvitskap, teknikk og industri – styrde menneskelivet slik at vi ikkje lenger kunne rå over våre eigne liv og forma vår eiga historie.

Kanskje kunne ein samanfatta det sosialetiske perspektivet slik: Moderne vitskap, teknikk og økonomi har ein så overveldande innverknad på livet og sinnet, og ofte på eit vis som strir mot kristne ideal om sjølvforsaking og sjølvkontroll, nøysemd og sosial omsorg, at dei kristne svik trusgrunnlaget sitt om dei ikkje går inn for å temja samfunnskreftene etter etiske retningsliner.

Men temjinga av samfunnskreftene er eit marxistisk prosjekt. Dermed vert to så ulike livssyn som kristendomen og marxismen førde i nærleiken av kvarandre gjennom den moderne samfunnsutviklinga.

I 1970-åra spela Tor Aukrust og sosialetikken hans hovudrolla i nyorienteringa til Arbeidarpartiet når det gjeld tilhøvet mellom kristendom og sosialisme, ei nyorientering som førde til at Ap tok tanken om nestekjærleik inn i ideologien sin. På landsmøtet i 1975 sette partiet likskapsteikn mellom solidaritet og nestekjærleik. Denne samansmeltinga av kristen sosialetikk og sosialistisk politikk ligg til grunn òg for mykje av den nyare ideologien til KrF og forklarar tilnærminga det partiet har hatt til Arbeidarpartiet.

Frode Lagset, som skriv doktorgrad om Tor Aukrust, seier til Vårt Land 30. desember 2015 at «veldig mye av tankegodset» til Aukrust lever vidare gjennom dei som no sit i kyrkjelege maktposisjonar, jamvel om få hugsar namnet hans. Aukrusts bidrag var nesten «paradigmesettende» i kyrkja, seier Lagset. Kjell Magne Bondevik stadfester dette når han i same reportasjen kallar Mennesket i samfunnet «en slags grunnbok for meg».

 

KYRKJA SOM RÅDGJEVARTENESTE

I dag er inntrykket at kompromisset mellom kristendom og sosialisme som sigra i Arbeidarpartiet, seinare òg har vunne fram i kyrkja. Men dette kompromisset svekte ikkje berre marxismen og klassetenkinga i Ap, men òg kristentrua i kyrkja. Når biskopar og prestar ytrar seg offentleg i dag, er det sjeldnare om trusspørsmål og personlege livsval enn om utslepp av CO2.

Denne flyttinga av hovudvekta i kristendomen frå den personlege religiøse røynsla til sosialetikken, har late kyrkja meir og meir stå fram som eit statleg finansiert sosialkontor og gratis terapitilbod.

På nettsida si profilerer kyrkja seg som rådgjevarteneste med sosialt samvit. Det fyrste du får sjå, er biletet av ein ung og smilande, kvinneleg sjømannsprest som ser kjærleg på deg og byd deg inn til chat med «nettprestane» i den døgnopne «nettkyrkja» der du kan «dele, spørre, undre, klage, gråte eller le» om kva det måtte vere. Snøgt kjem større politiske saker opp på nettsida, og då særleg migrasjonskrisa og klimakrisa, som dominerer nyhendeoppslaga til kyrkja.

Artiklar om den mystiske eininga mellom Kristus og menneskesjela, eller kva for djupare meining og konsekvens som kan liggja i den uhøyrde hendinga der Gud vart menneske, eller kva oppstoda og overvinninga av døden eigenleg kan innebera, er heilt fråverande, nesten som om kyrkja skulle skamma seg over si eiga tru.

 

PRINSIPP OG RETORIKK

Sjølvsagt må kyrkja og dei kristne leggja an det kristne perspektivet på samfunnsutviklinga og politikken, særleg der ein ser eintydige og medvitne brot med humanistiske tradisjonar. Men kyrkja må ikkje forenkla vanskelege politiske spørsmål til moralske symbol.

Om det fører til mindre menneskeleg liding å ta inn kvoteflyktningar frå Syria til Noreg enn å nytta mest mogeleg ressursar i nærområda, er usikre politiske spørsmål som krev innsikt og vanskelege val, ikkje retorikk om godt eller vondt. Det same gjeld spørsmålet om bistand, som nokon kan jamstella med velgjerdsføremål til fattige, men som andre vil meina har innslag av moderne imperialisme som hindrar andre land i å utvikla seg på andre kulturelle premissar enn dei som vert leverte av dei vestlege forbrukarsamfunna.

I den offentlege framferda til kyrkja vert den generelle omsorga for ein natur under press og menneske i naud stadig omsett til meir spesifikke og dermed òg meir partipolitiske synsmåtar. Vern om skaparverket er vorte til vern av Lofoten, og den generelle nestekjærleiken er vorten utmynta som krav om at Noreg må ta inn 10.000 kvoteflyktningar frå Syria, ikkje berre 8000.

Den siste preika i Bergen domkyrkje før kommunevalet i fjor haust vart avslutta med ei inntrengjande oppmoding til kyrkjelyden om å velja med hjarta og med tanke på flyktningane når vi gjekk til urnene, ei nokså klår kyrkjeleg tilråding om ikkje å røysta på hjartelause parti som Høgre og Frp.

«Jeg blir flau», var kommentaren til biskopen i Stavanger, Erling Pettersen, då regjeringa i mai i fjor reserverte seg mot det talet kvoteflyktningar som opposisjonspartia gjekk inn for, som om flyktningepolitikk, asylsystem, migrasjon, fattigdom, globalt økonomisk system, bistand, kulturskilnader og krigsårsaker er eit einfelt spørsmål om moral, heva over politikk og argumentasjon.

Typisk for denne utviklinga i kyrkja er den måten teologen Gyrid Gunnes nytta spalta si i Klassekampen på julaftan. I staden for å skriva om det religiøse aspektet med Guds menneskeleggjering valde ho det politiske og sa at det viktigaste i julebodskapen er at «evangeliene øver motstand mot det romerske imperiets handlinger og ideologi», altså at antiimperialismen er det viktigaste innslaget i kristendomen.

 

Dag og Tid 8. januar 2016.