Main menu:

Undersider for Artikler:

Siste skanse for læraren

 

Lærarane streikar for å få ha retten til sjølve å avgjera når og kvar dei vil førebu seg til undervisninga og retta stilar og prøver. Men berre på overflata.

Djupare og prinsipielt handlar det om å berga dei siste restane av den frie lærarrolla.

Lærarrolla ligg på grensa mellom funksjonær og fri intellektuell.

Læraren må utøva yrket sitt innan for eit offentleg regelverk, og i så måte er han funksjonær.

Men innanfor desse grensene må han leggja fram lærestoffet på personleg vis. For å kunna gjera det må han rå over originalitet i tanke og stå på fagleg grunn. I så måte må han vera fri intellektuell.

 

Målstyrd fagperson

Heilt sidan 1950-åra har politikarane innskrenka denne frie rolla til fordel for lærarrolla som statsfunksjonær. I 1990-åra vart den offentlege skulen underlagd direkte politisk kontroll gjennom den såkalla målstyringa, gjennom endringa av rektorrolla frå pedagogisk leiar til politisk kommissær og gjennom nedlegginga av ei rekkje faglege utval og råd.

Den frie disposisjonen læraren hadde over ein liten del av arbeidstida si, er ein rest frå eit for lengst styrta skuleregime. Lærarstreiken kan sjåast som den siste spede protesten mot heile denne opphevinga av læraren som fri fagperson.

Det tyder at jamvel om lærarstreiken delvis fører fram, og lærarane får ha nokre av dei smulane som ligg att etter den grådige staten, så oppnår ikkje lærarane stort anna enn å demonstrera misnøya si.

Dei streikar mot umyndiggjering og politisk kontroll, men drøymer ikkje om å gjera noko grunnleggjande med saka. Dei ynskjer eit systemskifte, men nøyer seg med den vesle prosenten av arbeidstida.

 

Lidenskapen og saka

Mishøvet mellom den store lidenskapen og den vesle saka syner seg òg i valet av streiken som verkemiddel.

Nedlegging av arbeid er oftast eit verkemiddel for å tvinga arbeidsgjevar til å betra løns- eller arbeidsvilkåra for dei tilsette, og ikkje ein metode for å oppnå systemendring.

Vil ein oppnå systemendring i skulen gjennom eigne handlingar h- eller enn å satsa på ein langvarig prosess gjennom dei politiske partia, må ein ikkje nytta streik, men institusjonsbygging som verkemiddel.

Slik institusjonsbygging som middel til systemendring har vi i Montesorri- og Steinerskulerørslene for alternativ pedagogikk. Slik institusjonsbygging ville òg vera mogeleg innanfor den offentlege skulen, men då gjennom sivil ulydnad.

 

Umyndiggjering

Lærarene protesterer mot umyndiggjering og detaljstyring og dimed mot rollefordelinga mellom stat, fylke, kommune og lærarar i den offentlege skulen. Om lærarane har klårt føre seg kva for rollefordeling dei vil ha, kan dei reorganisera skulane som ein konstruktiv protest der dei ikkje berre klagar over umyndiggjering, men konkret myndiggjer seg sjølve.

Til dømes kunne dei gjera sams sak i unnlating av å fylla ut målstyringsskjema, slik som dei to Sandefjordlærarane Marius Andersen og Joakim Volden var åleine om å gjera tidlegare i år. Dei kunne fjøra inn att det nedlagde lærarrådet og i praksis redusera rektormakta.

Dei kunne skipa opp att skrota fagutval. Dei kunne oversjå statlege forordning ar. Dei kunne skipa til nett den skulen dei vil ha.

 

Ekstrem forvandling

Ein slik utopi hadde eit kort liv på Foss gymnas i Oslo i 1969, då elevrådet i ein medviten provokasjon vedtok at denne skulen var ein sjølvstendig institusjon, lausriven frå offentlege styresmakter og underlagd eit allmannamøte der lærarane og elevane ved skulen, og berre dei, hadde røysterett. Det var ein politisk spøk som skulestyret tok så alvorleg at Foss gymnas vart stengd for fleire dagar.

Truleg vil ikkje norske lærarar nytta slik sivil ulydnad eller liknande verkemiddel i kampen sin for fagleg fridom. Dei vil nok halda seg til lovleg streik, som kan seinka sluttføringa av den ekstreme forvandlinga av læraren til statsfunksjonær, men ikkje hindra prosessen i å verta sluttførd. Berre medviten institusjonsbygging kan gje læraren det frirommet han treng for å kunna fylla den hovudrolla i skulen som alle skjønar at han må ha, men som ingen vil gje han.

 

Krev sjølvstende

Institusjonsbygging skyt no fart utanfor den offentlege skulen og kan på sikt fjøra til større privatisering av skulane enn dei fleste likar. Slik institusjonsbygging kunne òg gå føre seg innanfor den offentlege skulen. Men det krev at lærarane har og praktiserer det sjølvstendet og den mynda som dei seier at staten vil ta frå dei.

 

Les kommentaren i pdf her.