Main menu:

Undersider for Artikler:

Sumarbrev frå ei tapt tid

Den namngjetne stranda i Trouville-sur-Mer i Normandie har sidan midten av 1800-talet vore favorittbadestaden for velståande parisarar. Her ligg eg og les Christoph Guilluys Le crépuscule de la France d’en haut om krisa for den franske samfunnseliten. Det nye klasseskiljet i Frankrike går mellom den urbane, nyliberalt orienterte bohem-middelstanden som bur i dei dynamiske bysentera, og «det perifere Frankrike», dei om lag 60 prosent av folket som gjennom den kapitalistiske globaliseringa er hamna i den sosiale og økonomiske bakevja utanfor metropolane. Det skriv Guilluy, geografen som i dei siste åra har vore ein markert deltakar i samfunnsdebatten. Med den nye klasseanalysen sin såg han opprøret til «dei gule vestane» ti år før det kom, skriv The Guardians Paris-korrespondent Jon Henly i artikkelen «Twilight of the Elites».
Seine-bukta strekkjer seg ut med konturane av Le Havre i det fjerne. Der havet går over i den vide himmelen, ser eg etter dei særmerkte fargesjatteringane som har fengsla målarane og gjort at kysten frå Cabourg i vest til Honfleur i aust vert kalla «vogga til impresjonismen». Bak meg ligg ei rekkje villaer i fantasirik kurstadstil, og mellom dei det palassliknande L’Hôtel des Roches noires, som Claude Monet måla i 1870. Der budde også forfattaren av På sporet av den tapte tid, Marcel Proust, nokre av dei mange gongene han vitja byen. I romansyklusen hans har kystbyen «Balbec» røyndas Trouville og Cabour som modellar. Av desse to nærliggjande småbyane er det endå i dag Trouville som har mest karakter, med ei klår bykjerne og typisk arkitektur med mange tradisjonelle fiskarhus. Byen har smale og høge husvære i tre høgder med berre eitt hovudrom i kvar etasje, tett i tett, med tronge gater og små smug langs vestsida av elva Touques. Elva renn frå Pont-l’Eveque, opphavsstaden til osten av same namn som hovudpersonen i Michel Houellebecqs Serotonin slit for å gjere like kjent som Camembert.

ANEKDOTAR OG HENDINGAR
I Trouvilles nyare historie er det òg tett i tett med kunstnaranekdotar og litterære hendingar. Det var her, på stranda kor eg les Guilluy, at Gustave Flaubert som 15-åring møtte Elisa Schlésinger og vart umogeleg og endelaust forelska i den ti år eldre, gifte kvinna. Ho gikk att i livet hans som «fantôme de Trouville», og i forfattarskapen hans som inspirator til romanen L’Education Sentimentale om den unge Frédérics ulukkelege kjærleik til den eldre og vene fru Arnoux. I L’Hôtel des Roches noires var Maguerite Duras eigar av eit husvære. Eit konditori tilbyr ein «Menu Proust», det fins eit Hôtel Flaubert med ein Bovary-bar, og så bortetter.
Men det tok til med Alexandre Dumas, forfattaren av De tre musketerer og Greven av Monte Cristo. I 1831 kom han til Le Havre på leiting etter ein bortgøymd plass der han kunne bu og arbeide i nokre veker. Han fann fram til Trouville ved munninga av Touques. Her budde det den gong noko over 1000 sjeler som for det meste levde av fiske. Språket deira var utilgjengeleg for Dumas. Han måtte gjere seg forstått med teikn og mimikk, skriv han i sjølvbiografien sin. Fiskarane skjøna nok til at forfattaren fikk leigd seg inn ein plass. Etter dette kom Dumas fleire gonger attende til den vesle byen, og rekna seg for å vere «Trouvilles Columbus».

STOR INTERESSE
Trouville er truleg kalla opp etter ein viking som heitte Thorulfr, så her var Dumas for seint ute med oppdaginga si. Heller ikkje mellom kunstnarane som tidleg på 1800-talet utforska Normandie på leiting etter inspirasjon og arbeidsro, var Dumas den første framande som dukka opp mellom dei innfødde i Trouville. Den romantiske engelske målaren Richard Parkes Bonington skal ha vore her tidleg på 1820-talet, og sikkert er det at den franske målaren Charles Mozin i 1825 var i den nærliggjande landsbyen Honfleur saman med andre målarar. Då han vandra mot vest langs kysten, snubla han over Trouville, som enno for det meste var ei klynge murhytter med tak av jord og strå, skal ein tru bileta han måla frå staden.
Då Mozin stilte ut bileta frå Trouville i Paris i 1827, fekk den ukjende vesle plassen stor interesse frå ein veksande parisisk borgarskap med pengar til investering og fritid. Det var epoken då den urbane overklassa ville «attende til naturen». Og for å koma dit, tok dei hest og vogn til Trouville, kor dei frå 1838 kunne spela med pengane sine på eit kasino som i dag, etter fleire ombyggingar, er det 21. største i Frankrike. Bade- og spelegjestane bygde sine eigne feriehus langs stranda. Konkurransen mellom Paris-sosieteten om å setje opp det finaste bygget, skapte ei kilometerlang rekkje av fantasirike privathus. Dei hadde ein eigen «trouvilsk» arkitektur, der alle villaene har sin eigen stil og liknar små slott eller kjempestore dokkehus, med innslag av tradisjonell normannisk bondestil og frodig og imponerande utforming. Trouville vart til ein badeby for storborgarskapen og eit anneks til Paris.
Like nedanfor villaene går Promenade Savignac, ein 925 meter lang strandpromenade av treplankar lagd i 1867 og seinare oppkalla etter ein lokal teiknar. Her, har eg lese, vandrar den parisiske overklassa skulder mot skulder fram og attende i sumarmånadene, når Trouvilles folkesetnad er firedobla.
Men vi skundar oss helst ned hit på morgonen, i nitida, når promenaden og stranda enno ligg einsame som før Mozin og Dumas kom hit for 200 år sidan, medan havet blæs inn høge bylgjer frå Den engelske kanalen, som etter kva dei trudde i La Belle Époque hadde særleg helsebringande vatn. I dag hender det dei flaggar raudt på stranda når forureina vatn strøymer ut i badeområda etter skybrot lenger oppe langs elva. Men om sjøen ikkje alltid er rein, og ein no og då kan få for seg at ein sym mellom skrot, er likevel forma og stemma til havet den same som før.

BANA VEGEN
Ein skal ikkje gråta over at tida går og at verda endrar seg, men det skadar ikkje å reflektera over det. Målarane og forfattarane som tidleg på 1800-talet søkte til Normandie for inspirasjon og arbeidsro, bana veg for den urbane borgarskapen. Kunstnarane innførte moten med sjøbading, og det dei skreiv og måla, vart reklame for det som no vert kalla Frankrikes andre riviera. Kombinasjonen av ei ny overklasse med ekstra pengar, tidsånda med nye sunnheitsideal og etter kvart jarnbanen som kom i 1863, frå Paris til den nye og meir prangande nabobyen Deauville rett over elva, forvandla Trouville frå stilleståande fiskarlandsby, «like ukjend som Robinson Crusoes øy», som Dumas skreiv, til den fyrste strandog sumarbyen for rike byfolk.
Den finaste plassen i Normandie, som fiskarane hadde hatt som heimen sin i 1000 år, vart teken over av rikfolka. I dei små, smale og høge fiskarhusa er det enno nokre fastbuande familiar. Men i dei fleste er det leigetakarar, særleg franskmenn, og ofte ungdomar, men òg russarar og japanarar – menneske med råd til å spandera 30.000 kroner på ein månads ferieleige. På gamle fotografi frå Trouvilles «gullalder» i tiåra fram til den fyrste verdskrigen, ser ein fiskarar i utslitne klede og med andlet prega av vêr og vind. Dei bøter garna mellom båtar i fjæra, mellom flokkar av glade sosietetsmenneske som promenerer på grunnane i tidas badedrakter.

MURAR AV PENGAR
Den nye borgarskapen av akademikarar, mediefolk og byråkratar skiltar ikkje fyrst og fremst med pengar, skriv Guilluy. Dei skiltar med ærlegdom, toleranse, mangfald og fridom. Samstundes fører dei den nyliberale og globalistiske samfunnsmodellen dei har alle fordeler av og difor går inn for, til at det blir reist veritable murar av pengar som stenger underklassen ute frå dei dynamiske metropolane og dimed frå velstand og arbeid. Om dei mektige ikkje i tide gjer sitt til å fjerne desse murane, kan Frankrike etter Guilluys meining få oppleve det største folkelege oppstanden på fleire hundreår, skriv Henly i ein omtale av Le crépuscule de la France d’en haut.
Guilluy hevdar at den nye, progressive og «venstreorienterte» borgarskapen kan tillate seg å mure dei dårlegare stilte ute, fordi bohemborgarane har gjort underklassa usynleg. Dei ser heller ikkje på seg sjølve som overklasse, men ideologisk berre som einskildindivid i ei grenselaus verd. Dei bur ikkje i imponerande luksusvillaer, men har flytta inn i dei gamle arbeidarkvartala og innreia dei nedlagde fabrikkane til elegante og kunstnarlege husvære som ingen arbeidar har råd til å eige. Denne nye bohemmiddelstanden driv arbeidar- og middelklassa bort frå metropolane der all makt og alt arbeid vert samla. På same viset er fiskarane no drivne bort frå Trouville av turistane, slike som oss, som gjennom Airbnb leiger «Fiskarhuset» i den gamle byen som no har meir enn 100 restaurantar, men berre 25 fiskarar.
Alt vent i verda har si tid og sin pris, som stig etter marknadens lov om tilbod og etterspurnad. Slik slår gribbane ned på historias vene ting og gjer dei stygge. Men tidleg om morgonane vert det stille og øyde att. Den tapte tida kjem attende. Ein kan gå åleine langs Promenade Savignac og tru at Marcel Proust sit der oppe i L’Hôtel des Roches noires og stadig skildrar borgarskapens indre liv i ein av denne klassas mange forfallsepokar, medan vår tid ventar på den ukjende krønikeforfattaren som vil skildre den nye borgarskapen som enno ikkje veit at han finst.