Main menu:

Undersider for Artikler:

Terror og underhaldning

Etter at den fyrste skakinga over terroren i Paris og den naturlege medkjensla med offera trer noko i bakgrunnen, er den vanlege reaksjonen å seia at målet til terroristane er å skremma oss, og at dersom vi ikkje vert redde, men lever nett som før, så vinn vi over dei.

Det er som om ein skulle tru at berre vi sørgjer nok, går arm i arm i mange nok solidaritetsmarsjar, tenner nok vokslys, syng nok songar saman og nyttar franske flagg og Paris-symbol som profilbilete på Facebook-kontoane våre, og elles lever som før, så vil IS eller Daesh og heile det destabiliserte området frå Afghanistan til Nigeria, og terroren i Europa, forsvinne som ved eit under.

 

TERRORISTANE VIL POLARISERA

I The War for Muslim Minds frå 2004 skriv den franske islamspesialisten Gilles Kepel at målet til den islamistiske terrorrørsla er å provosera fram ein «sivilisasjonskrig» mellom den muslimske verda og vestverda, der dei vestlege reaksjonane på terroren vert sterke nok til å radikalisera dei muslimske landa, slik at sekulære regime kan verta styrta og eit nytt islamsk kalifat skipa.

Kepel tek opp att dette i eit intervju med Jyllands-Posten 17. november i år: «IS vil laga til ein borgarkrig i Europa» ved at unge med innvandrarbakgrunn vert rekrutterte til terroråtak som vil «få muslimar og ikkje-muslimar til å gå til krig mot kvarandre».

I dette større perspektivet er ikkje det viktigaste målet med terroren å «gjera oss redde», men å vekkja raseriet vårt og vende det mot den muslimske minoriteten, slik at han vert radikalisert og kan verta nytta som agent i «kampen mot Vesten». Er dette rett, vert kampen mot Daesh best førd med integrasjon av dei muslimske minoritetane.

 

EUROPEISK SJØLVHAT

Ei utfordring for slik integrasjon er at dei vesteuropeiske samfunna sidan 1970-åra har utvikla ein hovudstraumskultur som på fleire vis avviser sin eigen vestlege kultur og idealiserer dei såkalla «tredje verda»-kulturane.

I En illojal europeers bekjennelser frå 1970 kalla Jan Myrdal europeiske intellektuelle for «bevissthetens luddere» fordi dei enno ikkje oppfatta europeisk kultur som einstydande med undertrykking, tortur og krig.

Eit anna klassisk døme er Jean-Paul Sartres innleiing til Franz Fanons opprørsmanifest for «den tredje verda», Jordens fordømte frå 1961, der han likestilte «Parthenon, Chartres, menneskerettane eller hakekrossen», det er gresk antikk, kristendom, ideala til den franske revolusjonen og nazismen, og hevda at europeiske verdiar var «tilsøla av blod» frå kolonitida.

Den same sjølvkritiske grunnhaldninga finn ein i sentrale norske romanar som Jens Bjørneboes Stillheten frå 1973, der den menneskelege vondskapen indirekte vert framstilt som ein særleg europeisk eigenskap, og i Dag Solstads Gymnaslærer Pedersen frå 1982, der verdssynet til forteljaren vert fanga i setninga: «Jeg ville ikke være en hvit mann.» Frå leiande europeiske intellektuelle rann dette nye, djupt anti-europeiske sjølvbiletet inn i den ålmenne kulturen. Det ligg som verksam undergrunn i immigrasjons- og asylpolitikken og i trongen til å forklara den mest valdelege terror med europeiske overgrep frå førre hundreåret, og det kan lesast ut av kvar ei dagsavis og annakvar skulebok i form av programmatisk toleranse for ikkje-vestleg kultur. Men korleis skal ein kunna overtyda menneske frå «den tredje verda» om verdien i europeiske tradisjonar som ein reknar for å vera blodige?

 

UNDERHALDNINGSKULTUR

Den i og for seg prisverdige toleransen av det framande er vorten den nye kulturen vår. Dei felleskulturane som samla nasjonen og gav einskildmenneska motiv for liv og arbeid, anten det var kristendomen slik som fram til midten av 1800-talet, eller den romantiske nasjonalismen med inspirasjon frå grundtvigianismen og opplysingsideala som rådde grunnen heilt fram til 1960-åra, er no lagra på museum og bibliotek. Som nasjonalideologi har vi menneskerettane att, men ingen djupare kultur til å grunngje dei for oss sjølve eller for andre.

Innanfor desse i og for seg «tomme» rettslege rammene – tomme då forstått som politisk ordning i høve til det livsinnhaldet ordninga gjev oss rett til å finna og dyrka – er vestleg kultur vorte overveldande prega av økonomisk vokster, teknologisk framgang og kommersiell underhaldning.

I Noreg har til og med litteraturen, som ein gong var ei hovudkraft i det nasjonsbyggjande prosjektet, vorte til kiosk- og kriminallitteratur, og den som tek ordet nasjon i munnen, lyt raskt spytta det ut for å berga seg frå dei som vaktar toleransen.

 

TOLERANSE OG TRU

Nett mot den vestlege fritids- og underhaldningskulturen retta terroren i Paris seg: ein landskamp i fotball mellom Frankrike og Tyskland, ein overfylt bar på fredagskvelden, ein rockekonsert – tre symbol for det vi hos oss meiner gjer livet verdt å leva, men ei forarging for puritanarar og truande.

No skal vi altså «integrera» brennande truskulturar i ein innhaldslaus toleransekultur som ikkje trur på andre verdiar enn sin eigen sjølvkritikk, toleransen av det framande og eit behageleg liv.

 

 

Dag og Tid 20. november 2015.