Main menu:

Undersider for Artikler:

Twittergeneralen

Mottakaren av Fritt Ords Pris for 2016, Robert Mood, har ein lang militær løpebane bak seg. Han har vore leiar av FNs observatørkorps i Libanon og Israel i 2009-11 og i Syria i 2012 og er i dag generalløytnant og sjef for Den norske militærmisjonen i Brussel.

 

Han er noko så sjeldsynt som ein reindyrka militærtopp som kommenterer både militære saker og politiske samtidsspørsmål, så å seia utan å ensa bombene som eksploderer kring han. Det har gjeve han høg status og mykje truverd, òg når han ytrar seg kontroversielt.

 

Det gjer han ofte, men som regel knapt. For han er korkje ein mann av skrifta eller dei mange orda. Søk på Atekst attende til 2008 gjev ikkje fleire artiklar signerte Robert Mood enn ein kan telja på éi hand, og alle korte, med eit unnatak for artikkelen «My Experiences as Head of the UN Mission in Syria» på nettsida til Carnegie Endowment for International Peace i 2014. Mood nyttar mest den munnlege framstillinga i manuskriptlause føredrag eller intervju, eller aforistiske erklæringar på ei setning eller to, slik som på Twitter, der han har vore aktiv sidan 2012.

 

MELDINGAR UTAN ARGUMENT

I august i fjor twitra han om flyktningkrisa: «Jordan, Libanon og Tyrkia er glitrende eksempler på humanitet og medmenneskelighet. Skam over Europa! » – og vann stor atterklang i pressa, ikkje fordi meldinga bar fram fakta eller argument, men fordi det var nett han som sa det.

 

Likeins var det med denne Twitter-meldinga: «Norsk politi har skarpe skudd i kammeret hele tiden. Håper våpentreningen står i forhold til denne voldsomme beredskapen! » Eit slikt håp var sjølvsagt ei sterk meining om at våpentreninga til politiet ikkje var god nok. Men på direkte spørsmål sa Mood til NTB 3. august 2015 at han «ikke har kunnskap om» våpentreninga til politiet; han visste berre kor «krevende» dette er i militær samanheng.

Det er ikkje berre på Twitter at generalen skriv på dette viset. Han skriv slik i pressa òg, når han ein sjeldsynt gong skriv der. Artikkelen «Soldatene fortjener takk» i Aftenposten 5. oktober 2012 fekk ikkje mykje omtale fordi han forsvara dei norske Afghanistan-veteranane, men fordi han stilte spørsmål ved heile det norske militære engasjementet i Afghanistan, men nettopp i spørjeform:

 

«Har de bidratt til fred, de norske Afghanistan-veteranene? Eller har de bidratt til å gjøre situasjonen verre? Var innsatsen verd det? Jeg har ikke alle svar. Jeg er ikke sikker på om de over 7000 norske Afghanistan-veteranene har bidratt til å gjøre Afghanistan fredeligere. Jeg vet ikke om de har bidratt til å gjøre situasjonen verre. Jeg er ikke sikker på om den norske innsatsen var verd det», skreiv han.

 

Det var ei Twitter-melding levert i form av ein artikkel, for han fylgde ikkje opp med nærare underbygging. Han reiste ein tvil utan grunngjeving.

 

ROLLEBYTE

Ein mann med den posisjonen og tiltrua som Mood har, og som samstundes er sterkt samtidsengasjert, men vel korte og munnlege meldingar framfor godt underbygde, argumenterande tekster, risikerer å byta rolle frå militær fagperson til politisk kommentator utan å ta omsyn til at kommentatorrolla krev noko anna enn soldatrolla. Hjå Mood kan ein observera ei slik gliding over i ei ny rolle. I 2008 leverte han den slåande formuleringa om at den norske hæren no er skrumpa så mykje inn at om «vi samler alt på en plass, så kan vi (… ) kanskje håpe på å forsvare en bydel i Oslo eller området fra Majorstua til Røa» (VG, 28. januar 2008).

Fem år seinare tala han om bakgrunnar for og løysingar på krigen i Syria (NTB, 28. april 2016). Han hadde då utvida området sitt frå forsvarsløyvingar i Noreg til historisk bakgrunn, etnografiske omstende, religiøse motsetnader og krigsscenario i Syria.

 

Utan interesse var innspela hans ikkje. I NTB-intervjuet la han fram eit heilt anna syn på vestlege inngrep i muslimske land enn det han hadde orda om i artikkelen sin om Afghanistankrigen året før.

No støtta han seg på Libya-krigen, der den vestlege koalisjonen hadde styrta Gaddafi og ført opprørarane til makta; han fortalde at «det syriske folk» kjende seg svikta av FN og Vesten «fordi de så hvor effektive vi var i Libya»; syrarane skjøna ikkje kvifor vi ikkje greip inn i Syria for å berga «kvinner, barn og eldre», slik vi hadde gjort i Libya.

 

Men samstundes som han ville ha ei «flyforbudssone eller mer direkte støtte til opprørerne i Syria», åtvara han – i same intervju – mot sitt eige framlegg, med å seia at «når man først begynner å bruke militære virkemidler i en slik setting, er det slik at det ene tar det andre, og man blir dratt inn i noe som er større». I tillegg sa Moodat «opprørsbevegelsen og Assad-regimet ligner stadig mer på hverandre i sin voldsutøvelse». I eit anna intervju i Dagbladet 11. mai 2013 fortel Mood om inntrykka sine av Bashar al-Assad, som han er på førenamn med, og kallar den syriske diktatoren for «en høflig, stillfaren og reflektert mann med gode intensjoner», nemner kort historia til alawittane, Assads statsberande folkegruppe som før i tida vart tvinga til å selja jenteborna sine til sunnimuslimane, og som no fryktar det verste frå dei andre folkegruppene om dei skulle tapa krigen. Under Assad-familien vart Syria utvikla til «et sekulært velferdsdiktatur med et av verdens beste helsesystem, et godt utdanningssystem og en langt utviklet likestilling», fortalde Mood. Han trudde ikkje, sa han, at det fanst noko betre alternativ i Syria enn det sitjande Assad-regimet; alle dei andre alternativa var verre, og «den største feilen det vestlege samfunnet gjorde i Irak, var å fjerna statsapparatet». Det er ei gåte at slike synspunkt ikkje fekk Mood til å gå imot all støtte til opprørarane og heller støtta Assad i kampen for å attvinna kontrollen i Syria. Men Mood demonterte denne bomba med det same: «Jeg er likevel for støtte til de moderate opprørerne i Syria.»

Skal ein tru intervjua i pressa, er Mood både imot å rydda unna det eksisterande statsapparatet til Assad-regimet og for å støtta dei som vil rydda det unna; imot å gripa inn med militære middel, men for å etablera ei flyforbodssone med militære middel; imot militært engasjement i Afghanistan og for militært engasjement i Syria, men altså òg imot det sistnemnde.

 

Meir samanheng er det i artikkelen hans «My Experiences as Head of the UN Mission in Syria». Her skriv Mood at Syria-krisa kunne vore løyst i 2012 om det ikkje hadde vore for at den krigerske og krenkjande retorikken til USA, Storbritannia og Frankrike hadde overtydd Assad om at det minste teikn til veikskap kunne vera farleg for han. Kombinasjonen til vestmaktene av «ytre press, implisitte trugsmål og verbal fordøming» av Assad og FNs initiativ for å opna for internasjonal intervensjon resulterte etter Moods meining i «eskalering av valden». Det er ein interessant og samanhengande rapport. Mood burde skriva meir og lenger om Syria sjølv og ikkje nøya seg med å verta referert av journalistane.

 

FRAMANDKRIGARANE

Men om han her var på turt land, kom han på djupt vatn då han i intervjuet med Dagbladet 11. mai 2013 usjenert skifte tema frå Assad til framandkrigarane i Syria, der han ikkje har same direkte røynsler, og der han heller ikkje erstatta det vantande erfaringsgrunnlaget sitt med argumentasjon.

 

At dei som reiste til Syria «for å hjelpa opprørerne» skulle vera «potensielle terrorister som reiser til Syria for å lære seg faget, for så å sette disse kunnskapene ut i livet i Norge», rista han på hovudet av og oppfatta som «hverdagsrasisme og fordommer mot andre folkeslag». Tvert om meinte han at framandkrigarane i Syria stod i «en av Norges beste tradisjoner», nemleg den frå den spanske borgarkrigen då «unge, engasjerte nordmenn» reiste ut i verda «for å kjempe i en kamp for frihet sett fra et idealistisk ståsted».

 

Tvillaust er mange av framandkrigarane idealistiske unge menneske som trur på ei sak, men denne saka er ikkje fridom og demokrati. Om framandkrigarane trur på noko, så må det vera det muslimske kalifatet, som i praksis ville verta eit totalitært imperium med nådelaus og valdeleg undertrykking, nett som dei stalinistiske og nazistiske skrekkregima i førre hundreår vart trudde på av mange idealistiske og ideologisk forblinda menneske. Dette perspektivet er ikkje vorte mindre viktig å ha med etter at heimvende framandkrigare har vore blanda inn i dei tre siste tunge terroråtaka i Paris og Brussel.

 

INNI ER VI LIKE

Grunndraget i Moods verdsbilete, slik ein kan skimta konturane av det i intervjua, Twitter-meldingane og avisinnlegga, er at alle menneske på jorda er grunnleggjande like, velmeinande og sympatiske.

Han «kjenner seg igjen» i ungdomane som «verver seg til hellig krig», dei er nett som han sjølv og andre Kragerø-gutar som i 1970åra sat «over atlaset og skrønte om hva vi skulle gjøre hvis vi fikk anledning til å slippe unna skolen». Han kjenner seg att til og med i migrantgjengane som fanga inn einslege jenter i Köln og utsette dei for seksuell vald; «alle menn (som) kjenner godt etter og er ærlige med seg selv», veit at dei kunne gått laus på verjelause jenter på same vis, hevda han i eit Dagblad-intervju 20. februar i år.

 

Såleis er vi alle like vonde. Men også like gode. «Min erfaring er at nitti prosent er akkurat som deg og meg», sa han til Dagbladet i det sistnemnde intervjuet. Mellom Vest-Europa og Midtausten er det ikkje annan kulturskilnad enn at folka frå Midtausten tek «vare på sine eldre på en helt annen måte enn vi gjør», og at «de færreste drikker alkohol». Elles er vi like, alle «søker ei framtid for sine barn, god helse og utdanning, verken mer eller mindre».

På eitt vis er dette rett. Dei fleste menneske verda rundt deler denne trongen til eit godt liv for seg og sine, men det er ein trong som gjennom historia har ført til ikkje berre velstand, men òg mange krigar og revolusjonar i striden om gode og makt.

 

Mood legg så sterk vekt på likskapen mellom alle menneske og på ideen om ein fellesmenneskeleg natur, at dei faktiske kulturelle skildnadene mellom folk og folkegrupper vert sterkt nedtona og nesten forsvinn. Då kan ein ikkje lenger skjøna konfliktane i verda mellom ulike folkeslag og kulturar og skor seg dårleg når det gjeld å løysa dei.

 

Dag og Tid 8. april 2016