Main menu:

Undersider for Artikler:

Rekneskapens time

 

Stadig fleire vestlege veljarar opplever at demokratiet har utvikla seg til ei styreform der eit mindretal av folkesetnaden tek vare på eigne særinteresser på kostnad av fellesinteressene.

Når ein politisk, økonomisk og kulturell leiarskap lenge nok overser store nok delar av folkesetnaden i spørsmål om sjølvråderett, innvandring, nasjonal identitet, lokal sjølvkjensle, kulturelle tradisjonar og alminneleg velferd, hemner det seg. For amerikanarane kom rekneskapens time valnatta, då veljarane tok ein ubeden inntrengjar i det gode politiske selskapet som den nye presidenten sin.

Kva rekninga kjem på, og kven som må betala henne, veit vi ikkje. Men vi veit at liknande rekningar vert gjorde klare til levering over heile vestverda. Donald Trumps valsiger kan sjåast som den til no største sigeren for den nye «populismen» som forstår seg sjølv som opprøret mot ei internasjonal politisk, økonomisk og kulturell overklasse.

Valkampen mellom Trump og Clinton synleggjorde den nye politiske motsetninga i vestlege land mellom eit «liberalistisk» og eit «populistisk» verdsbilete.

 

RAUDT OG BLÅTT, LIKE FLOTT
Denne nye politiske hovudmotsetninga avløyser no den gamle høgre-venstre-aksen, ikkje berre i Aust-Europa, Tyskland, Sveits, Sverige, Austerrike, Frankrike og USA, men òg hjå oss. Striden i USA spegla ein strid som i Noreg til no berre har vore synleg i innvandringssaka, fordi oljeøkonomien har gjort Noreg til ein av vinnarane under globaliseringa.

Kritikken av liberalisme og globalisme er difor hjå oss mest knytt til framtida og spørsmålet om korleis det vil gå med oss i 2020-åra. Når oljeeventyret tek slutt i løpet av nokre år, og vi får store menneskegrupper som opplever seg som taparar, så vert det krassare sosial strid òg hjå oss.

Det viktigaste trekket i denne nye politiske motsetninga i vestverda, er at dei politiske korta vert delte ut på nytt. Venstresida har gjeve frå seg kampen mot EU, NATO og «USA-imperialismen», som no vert plukka opp av dei nye populistane. Sosialistar og sosialdemokratar har forlate rolla si som talsmenn for arbeidarklassa og «folket» og teke over høgresynsmåtar som marknadsliberalisme og dei «fire fridomane» til EU, den frie flyten av varer, tenester, kapital og personar.

Dermed har arbeidarklassa, sjølvråderetten, distriktspolitikk, nasjonale interesser og nasjonal velferdsstat vorte ledige saker. Her rykkjer høgrepopulistar inn til liks med mange partilause og ein ny generasjon som oppfattar liberalistane som establishment, og stasar seg opp i kleda som den venstrepolitiske leiarskapenkasta frå seg, då dei slo seg saman med liberalistane.

 

SKIFTE AV KLEDE
Eit døme på denne samanflyten av høgre og venstre i politikken, såg ein i ein av dei siste fjernsynsannonsane til Trumpkampanjen, der det tradisjonelt konservative republikanske partiet stod fram som populistisk rørsle. I annonsen tala Trump ikkje om «vårt parti», men om «vår rørsle», for den nye populismen er nett oppstått gjennom svekkinga av statusen til dei politiske partia.

Trump vil gje «folket» att den makta som «den politiske klassa» har stole frå dei, seier han i annonsen: «Vår rørsle vil byta ut ein mislukka og korrupt orden med ei regjering kontrollert av dykk, det amerikanske folket». Den politiske klassa bryr seg ikkje om behova til folket (her syner videoen bilete av Clinton-klanen, samkomer av statsleiarar, investoren George Soros), men tenkjer berre på å gjera seg sjølve rikare. Dei går inn for frihandel og massiv immigrasjon som årelèt landet og gjer folk arbeidslause (bilete av USA dekt av dollarsetlar). «Ein global maktstruktur» har rana arbeidarklassa og stukke pengane i lomma til ei handfull svære selskap (bilete av Hillary og Det kvite huset): «Det einaste som kan stansa dette korrupte regimet er de! Den einaste krafta som er sterk nok til å frelsa landet vårt, er vi!»

Det er som å høyra ein 1. mai-tale på Youngstorget i 1970åra. Liberalistane har stole USA, og Trump har stole den marxistleninistiske retorikken.

Høgreorienterte og venstreorienterte idear og miljø er hamna saman fordi politikarar og intellektuelle frå alle leirar gjekk saman om saker som globalisering av økonomien, høg innvandring frå «den tredje verda», utydelege landegrenser og nedbygging av nasjonalstaten i ei tid då slike saker vart oppfatta som lite kontroversielle.

Då desse «uviktige» spørsmåla vart sentrale gjennom globaliseringa og migrasjonsrørsla, synte det seg at hovudtyngda av dei politiske, journalistiske, økonomiske og akademiske miljøa stod saman om synspunkt som eit fleirtal av folket var imot. Dermed miste dei politiske partia og leiarane tiltrua hjå dei som partia skulle representera.

 

GRUNNLAGET
Stadig fleire vestlege veljarar opplever at det representative demokratiet har utvikla seg til eit oligarki, det tyder ei styreform der eit mindretal av folket – i dette høvet dei politiske, kulturelle og økonomiske «elitane» – tek vare på sine eigne særinteresser på kostnad av fellesinteressene til landet.

Under denne politiske og økonomiske misnøya som nærer den nye populismen, ligg i tillegg ein like viktig, men ikkje like ofte og klårt uttrykt kulturell protest. Mange menneske med god økonomi og bra sosial posisjon, men òg nokre frå den yngre generasjonen, opplever at liberaliseringa eller radikaliseringa av kulturen har gått for fort og for langt.

Dei reagerer mot det dei meiner er utvisking av verkelege skilnader mellom kjønna, detronisering av det tradisjonelle ekteskapet og kjernefamilien, oppskryting av framande kulturar, religionar og folkegrupper, medan dei som skulle representera nasjonen, talar ned sin eigen kultur, sivilisasjon og folkegruppe.

Slik opnar det seg ei kløft mellom dei politiske partia, pressemiljøet og pengefolka på den eine sida, og på den andre sida dei befolkningsgruppene som misser tilliten til dei styrande og taper trua på både pressa og andre viktige samfunnsinstitusjonar. Vegen opnar seg for ei rørsle som vil erstatta partia eller ta over einskildparti og nytta det demokratiske systemet til å få makt.

Nye leiarar, som til dømes Donald Trump, kjem seg opp, anten heilt til topps i staten eller i spissen for utanomparlamentarisk opposisjon, og vekkjer oppgløding med lovnader om endring særleg på dei områda der mange meiner at den liberalistiske overklassa har overkøyrt dei: globaliseringa, innvandringa og liberaliseringa av kulturen.

Eldprøva kjem når lovnadene skal innfriast. Trump kan få sett inn ein konservativ høgsterettsdomar og dermed seinka den kulturelle liberaliseringa. Han kan sterkt redusera den ulovlege innvandringa sørfrå, om han kastar inn nok materielle ressursar.

Men han kan ikkje vekkja opp att den kristeleg truande, familieorienterte og arbeidsame arbeidarklassa frå 1950-åra. Det er ikkje sikkert at dei stolte og audmykte, ikkje sjeldan trygda, einslege mannfolka og dei einslege mødrene frå Ohio vil verta lukkelege i noko som kunne likna på Apples iPhone-fabrikk i Shanghai, der 50.000 arbeidarar lever og slit under militær disiplin med seksti timars arbeid i veka, for skitløn.

 

UTFORDRINGA
På den andre sida kunne ein spørja om kva som er så strålande med å ha slike arbeidstilhøve i Kina. Valresultatet i USA gjev grunn til å sjå nærare på ulempene med globaliseringa og på kva dei som protesterer mot henne, kan ha rett i.

Redsla for at den populistiske rørsla skal føra til eit populistisk oklokrati, eit massebasert pøbelvelde, er ikkje nokon god grunn til å støtta det rådande vestlege oligarkiet, altså feilutviklinga av det representative demokratiet til eit elitestyre som har mist kontakt med og omsorg for folket og landet.

Utfordringa må vera å sjå det rettkomne i den folkelege og populistiske protesten, også om politikarar som rid til makta på denne protestbylgja, mislukkast i regjeringsposisjon. Politikarar, journalistar og akademikarar burde leita etter vegar til å tygla ikkje berre den populistiske ekstremismen, men òg ekstremismen i den etablerte, liberalistiske tidsånda, og gje folket det som tilkjem det: meir råderett over eige liv, meir kontroll over pengemakta og samfunnsutviklinga og betre ståstad i eigen tradisjon, alt saman føresetnader for at den dynamiske moderne teknologien og kapitalen ikkje skal spinna bortanfor grensene til den sunne fornufta.

 

Dag og Tid 11, november 2016.