Main menu:

Undersider for Artikler:

Trollet i øskja

I Russland og Aust-Europa har nasjonalisme og innvandringsskepsis vorte politiske hovudstraumar. Same vegen går det i Sveits og Austerrike. Frå 2017 kan Frankrike verta styrt av Marine le Pen frå det nasjonalkonservative Front National. I Tyskland får eit liknande høgreparti for fyrste gong sidan krigen støtte frå borgarlege veljarar. Men ingen framgang for nasjonalisme og populisme i vestverda har vore så overraskande som Donald Trumps lynsnøgge suksess i USA. Korleis kunne ein mann utan politisk røynsle og ei framferd som på eit drikkelag verta presidentkandidat for eit av dei to store politiske partia i USA?

 

Den autoritære personlegdomen
I den mykje omtala artikkelen «The Rise of American authoritarianism» kallar skribenten Amanda Taub framveksten av høgrepopulisme for eit «mysterium» som ho meiner ei gruppe statsvitarar har løyst. Desse forskarane meiner at det innanfor den amerikanske folkesetnaden skal finnast eit eige slag menneske med autoritær personlegdomstype. Desse menneska fryktar framande og flokkar seg rundt sterke leiarar når dei kjenner seg truga. I gode tider ligg dei autoritære tendensane deira i dvale, men dei vert aktiverte av høg innvandring og økonomisk krise, store kulturelle endringar og terroråtak.
Det er ei forklåring som i praksis brennemerkjer store grupper av folket som mindreverdige. Dårlege karaktertrekk vert knytte til ein personlegdomstype ein må sjå som genetisk styrd og fysisk nedarva. Steget vert kort til å sjå også politiske skilnader mellom radikal-liberale og konservative tenkjemåtar som biologisk og evolusjonært styrde. Høgrepopulismen vert då forstått som eit resultat av ein seint og dårleg utvikla hjerne hjå tilbakeståande delar av manneætta.
Nett dette gjer litteraturvitaren Caroline Fetscher i ein artikkel i den tyske avisa Tageszeitung 14. august. Populistane, meiner ho, har ikkje greidd å tilpassa seg utviklinga mot globalisme og høyrer med nasjonstenkinga si til eit tidlegare evolusjonært stadium. For å framskunda evolusjonen hjå dei som ligg etter, må ein «investera milliardar i utdanning og gjennomføring av menneskerettar» for born og unge: «Elitane kan ikkje lenger ha monopol på evner som analyse, kritisk medvit og refleksjon» attåt «sosial og medial kompetanse». Det tilbakeståande folkefleirtalet må hjelpast opp på den liberalistiske og kulturradikale elitens høgare utviklingsnivå gjennom massiv utdanning i tenkjemåten til overklassa.

 

Den liberalistiske arrogansen
Fleire har reist spørsmålet om ikkje denne nedverdigande om­­talen av vanlege menneske og annleistenkjande kan vera ein av motorane i det høgre­politiske oppsvinget. Ein av desse er Yale-juristen J. D. Vance som i Hillbilly Elegy, som har vorte kalla den viktigaste boka utgjeven i USA i år, skildrar øydelegginga og desperasjonen i det såkalla rustbeltet i det nordaustlege USA frå New York til dei store sjøane og inn i Midtvesten.
Det som før var eit viktig industriområde, er no prega av arbeidsløyse, fråflytting, narkotikamisbruk og oppløyste familiar. Menneska som bur her, har ikkje berre fått livet ruinert av globaliseringa med utflytting av arbeidsplassar og tilstrøyming av billeg arbeidskraft. Dei har òg vore gløymde av politikarane gjennom fleire tiår og vorte ei folkegruppe som det i høgre samfunnslag er legitimt å sjå ned på og tala forakteleg om, skriv Vance.
Med alle milliardane sine er Trump den fyrste presidentkandidaten på lang tid for eit av dei to store partia som har retta merksemda mot USAs «gløymde menn og kvinner» i dei fortapte «lokalsamfunna knuste av dei grufulle og urettvise handelsavtalane våre», som han sa i landsmøtetalen sin i Cleveland, der kjernesetninga var: «Eg er dykkar røyst.» Skal ein tru J. D. Vance, gjeld dette òg Trumps provoserande, vulgære utsegner; det som danna liberalarar ser som Trumps tabbar og overtramp, vert i rustbeltet oppfatta som ord i rett tid.

 

Det nye generasjonsopprøret
Men støtta til Trump kjem ikkje berre frå fattige kvite. Ei nyleg undersøking frå Gallup syner at dei fleste Trump-tilhengjarane ikkje har lågare inntekt eller er meir arbeidslause enn andre amerikanarar. Dei er likevel gjennom bakgrunn og bustad i regelen nær knytte til område og folkegrupper som er råka av industriell nedgang, dårleg helse og ikkje minst svekte utsikter for at borna skal greia seg godt i framtida: Berre to prosent av dei som støtta Trump, trudde at livet framover ville verta betre for dei sjølve og borna deira.
Ein slik pessimisme fortel at desse menneska har tapt trua på den rådande kulturelle, økonomiske og politiske overklassa, kanskje òg på den rådande samfunnsordninga. Slik pessimisme finn ein òg elles i den amerikanske konservative tradisjonen heilt attende til 1940-åra, ein tradisjon som i dag er sterkt splitta, særleg når det gjeld Trump-fenomenet.
Den amerikanske konservatismens historikar, George H. Nash, forfattaren av The Conservative Intellectual Movement in America since 1945, skildrar i ein artikkel i National Review 26. april den konservative rørsla som ein stadig kamp for å svara på utfordringa frå den liberale venstresida. Denne rørsla er samansett av fleire ulike fraksjonar som libertarianarar, nyliberalistar, religiøse tradisjonalistar og det evangeliske høgre.
Etter krigen vart desse fraksjonane samla gjennom den sams striden mot ein trugande fiende, nemleg kommunismen. Men etter samanbrotet til kommunismen i 1989 fell fraksjonane i den konservative rørsla frå kvarandre. Rolla som samlande fiende vert no teken over av den store migrasjonsrørsla i verda som kvart år fører meir enn ein million legale og eit ukjent tal illegale immigrantar til USA, fylgde av framveksten av ei «post-nasjonal, til og med anti-nasjonal stemning i dei progressive elitane og mellom unge menneske overvelda av multikulturalisme».
I Trumps suksess har dei krasse sosiale og kulturelle endringane som kjem med migrasjonen og fleirkulturen, kalla fram eit historisk nytt og ideologisk uklårt, nasjonalistisk og populistisk parti med element frå både høgre- og venstresida, skriv Nash vidare, og plasserer Trump i same nasjonalkonservative ideologiske rom som det franske Front National og det tyske Alternative für Deutschland, idet han særleg peikar på at alle desse partia og dei veksande folkegruppene dei appellerer til, har same sterke kjensle av at den vestlege sivilisasjonen er truga, og at dei rådande liberale elitane har korkje evne eller vilje til å avverja trugsmålet.
Med brota sine med politisk korrekt framferd stiller Trump seg på den samstundes folkelege og intellektuelle opposisjonens side mot den rådande eliten, men tek òg ein leiarposisjon i kampen mellom fraksjonane i den amerikanske konservative rørsla. Difor vinn han støtte ikkje berre hjå eldre kvite i rustbeltet, men òg frå yngre intellektuelle i det aggressive og nyreaksjonære dissentarmiljøet kalla «det alternative høgre» eller Alt-right, som har mange datanerdar og ikkje ein einaste hillbilly.
I ein reportasje publisert på nettsida Breitbart News, som av mange vert knytt til Alt-Right-rørsla og som tidligare var leidd av Steve Bannon, som no er Trumps kampanjesjef, skriv Milo Yiannopoulos at Alt-Rights ideologiske fedrar omfattar Oswald Spengler, forfattaren av Untergang des Abendlandes, og den italienske antimodernisten Julius Evola.

 

Kva driv USA mot ytste høgre?
I Trump-fenomenet kan ein då kanskje sjå utslaget av ei underliggjande kjensle hjå mange av å leva i ei tid då den vestlege sivilisasjonen, den eigne nasjonen og familien er truga, og der dei kulturelle, økonomiske og politiske elitane har svikta folket med ein liberalistisk ideologi og politikk som ikkje tener andre føremål enn å forsona vestverda med sin eigen undergang.
Den sosiale plasseringa til Trump-rørsla som breitt folkeleg opprør mot ein liberal elite som har mist grepet, saman med band til miljø med antimoderne ideologiar, lèt alarmen gå langt utanfor venstresida. I artikkelen «This is how fascism comes to America» i The Washington Post 18. mai skildrar ein framståande nykonservativ, historikaren og forfattaren Robert Kaplan, Trump-rørsla som reint fascistisk.
Sosialpsykologen Jonathan Haidt seier i dei to artiklane «What Makes People Vote Republican» og «When and Why Nationalism Beats Globalism» at dei progressive liberalistane og globalistane, som representerer den kulturelle og politiske overklassa, står for eit radikalt verdiskifte som driv menneske med eit konservativt verdisyn over i høgrepopulisme. Det avgjerande punktet, meiner Haidt, er at innan­for det konservative menneske- og samfunnsbiletet vert kulturen og samfunnsordninga ikkje berre endra gjennom liberalistiske flaggsaker som anti-nasjonalisme, høg innvandring, fleirkultur, moralsk relativisme og så bortetter, men menneska misser den sosiale støtta dei treng for å overvinna dei anti­sosiale draga i naturen sin, slik at det oppstår eit sivilisasjonsbrot eller brutalisering av samfunnet. «Når eit land har historisk høg innvandring frå land med svært annleis livssyn, og utan eit sterkt og vellukka program for assimilasjon, er det så å seia sikkert at det vil koma ein autoritær motreaksjon, og ein kan rekna med at mange konservative vil støtta den.»
Robert Kaplans dom over Trump-rørsla kan vera ein korrekt analyse. Men inga fascistrørsle vinn fram utan å utnytta i og for seg rettkomen redsle og forståeleg harme i folkesetnaden. Vil ein hindra høgrepopulismen i å vinna fram, nyttar det ikkje å springa rundt med fascistplakatar og forklåra uroa menneske at dei er evolusjonært tilbakeståande. Dei liberale og globalistiske elitane må slutta å oppfatta sin eigen politikk og sine eigne val som ein del av historia og evolusjonen.

 

Dag og Tid 26. august 2016

 

 

Trollet i øskja. Kommentar til den amerikanske valgkampen 2016. Dag og Tid 26. august 2016.