Main menu:

Undersider for Artikler:

Trump og den nasjonalkonservative revolusjonen

Eit av fleire høgdepunkt i den mest interessante amerikanske valkampen på lenge, var Hillary Clintons tale på ein LHBT-sponsorfest der dei beste plassene gjekk for 250.000 dollar stolen. Sett frå Demokratanes ståstad var det nok den største tabben i valkampen.

Clinton ville plassera halvdelen av Trumps veljarar i avdelinga for «ynkelege» og «fortapte» menneske, sa ho. Det var avdelinga for «rasistar, sexistar, homofobar, xenofobar, islamofobar – «you name it», men «heldigvis», la ho til, «så er desse menneska ikkje Amerika». Dimed var 25 prosent av amerikanske veljarar støytte ut frå den nasjonale fellesskapen.

At Clinton etter publiseringa «angra på» at ho hadde sagt «halve – det var ikkje rett», endra ikkje på kjernen i bodskapen for dei ynkelege og fortapte: Bandet mellom den amerikanske politiske eliten og dei amerikanske borgarane som ikkje deler synet til eliten på nasjonalisme, innvandring og kjønn, er roke.

 

Ein ny normalitet
Men dei fortapte er ikkje alltid frå arbeidarklassa. Undersøkingar syner at Trumps tilhengjarar har same gjennomsnittsinntekt som Clintons. Men det sosiale forfallet i den kvite arbeidarklassa bidreg til å auka avstanden mellom styrande og styrde, og gjev mellomklassa ei kjensle av krise som driv folk til å røysta Trump.

I bestseljaran Hillbilly Elegy skildrar J.D. Vance den industrielle nedgangen i det såkalla «rustbeltet» i det nordaustlege USA mykje som ei kulturell krise. Fattigdomen løyser ut ein kultur prega av skilsmål, aleinemødrer, fedme og rusmisbruk, og utslettar vona om og strevet etter å komma seg ut av elendet. Livet utan fast arbeid og famile er vorte ny normalitet, som har spela over i ei identitetskrise særleg for mennene, som utan arbeid og familie ikkje lenger har noka opplagt rolle å fylla i livet, misser sjølvrespekten og glid over i ei føremålslaus eksistens.

 

Den nye underklassa
Kor utbreidd denne krisa er, ser ein av tala i sosiologen Charles Murrays Coming Apart (2012). Murray har vore ein kontroversiell forfattar, særleg på grunn av The Bell Curve (1994) som vart kritisert for handsaminga av IQ-verdiane for skilde folkegrupper. Men såvidt eg veit har ingen undergrave talmaterialet i Coming Apart.

For den kvite arbeidarklassa som utgjer ein tredjedel av alle kvite amerikanarar, er talet på gifte i alderen 30-49 gått ned frå nesten 90 til under 50 prosent sidan 1970; éin av tre menn vert aldri gifte; eitt av tre born vert født utanfor ekteskap, og eitt av fire lever med berre mora; i 1960 budde 95 prosent av borna med begge dei biologiske foreldra sine då mora var 40, i 2000 var det under 30 prosent.

Oppløysinga av den tradisjonelle familien kjem saman med ei femdobling av kriminaliteten, ei firedobling av menna som er falne ut av arbeidsmarknaden, og ei dobling av deltidsjobbar til tjue prosent. Desse tala kan vera verre idag. J.D. Vance skriv at halvdelen av kvite amerikanske born bur i nabolag kor meir enn ti prosent av innbyggjarane er fattige.

 

Den nye overklassa
For arbeidarklassa er soleis livet vorte mykje tyngre, særleg fordi det ikkje finst von om betring. For den nye overklassa, dei tjue prosent best utdanna og lønte amerikanarane, har det derimot gått berre oppover. Her står den tradisjonelle familien like sterkt no som i 1960. Nesten alle born lever med dei biologiske foreldra sine. Skilsmålsraten er berre sju prosent, mot 35 prosent for arbeidarklassa. Arbeid og flid står så høgt at det er mykje vanligare å arbeida 60 timer i veka enn å gå ut og inn av arbeidsmarknaden som i underklassa. Tryggleiken for dei rike er uendra sidan 1960, kriminaliteten dei vert utsett for ligg omtrent på null.

Dét heng saman med at den nye klassen isolerar seg i eigne skular, universitet, yrke og nabolag. Dei mest ressurssterke vert samla på eliteuniversitet, og slår seg ned i overklassestroka i storbyar som Washington, New York og San Francisco, der dei høgt utdanna og lønte bur i samanhengjande nabolagsklyngjer på heilt opp til éin million vaksne, som i District of Columbia.

Mellom desse to klassene rår gjensidig mistillit og forakt. «Flyover country», kallar dei vellukka landet der dei ynkelege «rednecks» bur. «Det er verkeleg slik, den utdanna overklassa foraktar arbeidarklassa,» seier Murray i eit intervju med tidsskriftet Spiked. Arbeidarklassa på si side har ingen tillit til at dei store massemediene formidlar sanning. Skepsisen til den kulturelle, økonomiske og politiske klassa er så djup, skriv J.D. Vance, at det undergrev alle samfunnsinstitusjonar.

 

It’s the culture, stupid
Utstøytinga av arbeidarklassa passar saman med ei stemning av uvisse og pessimisme hos eit stort fleirtal av den amerikanske folkesetnaden, også hos mange av dei med god råd. Heile 79 prosent av amerikanarane meiner at landet er på «feil kurs», skal vi tru ei meiningsmåling frå Associated Press i juli. Ei undersøking av migrasjonsforskaren Justin Gest synte at eit politisk program med «stans av masseinnvandring, skaffa amerikanske arbeidsplassar til amerikanske arbeidarar, verna Amerikas kristne arv, og stansa det islamske trugsmålet» – alt henta frå programmet til det høgreekstreme British National Party – samlar 65 prosent støtte hos kvite amerikanarar.

Dette kan tyda på at veljarar flokkar seg om Trump i eit opprør mot den liberale elitekulturen som har vunne fram sidan 1970. Nett dette hevdar journalisten Fareed Zakaria i eit essay i Foreign Affairs, bygd på ei undersøking av forskarane Inglehart og Norris som konkluderar med at økonomien sidan 1970 har mista tyngd når det gjeld kva som tel for folks politiske standpunkt. Synet på kulturelle spørsmål som til dømes likekjønna ekteskap eller innvandring, er no mykje sikrare indikasjonar på kven som vil stemma republikansk eller demokratisk, enn synet på økonomien.

 

Den kulturelle protesten som ligg under i opprøret mot samfunnselitane går tilbake til 1960- og 70-åra, men har vorte hemma av den store framgangen for dei liberale ideane, skriv Zakaria. Reaksjonen på sekstiåttar-kulturen kjem frå dei eldre, men i aukande grad òg frå dei unge. Til dømes fann Gest at dei som støtta eit politisk program om nasjonalisme, antiinnvandring og kristen tilbakekome, hadde tendens til å vera menn, lågare utdanna, politisk konservative og – under 40 år.

Når det gjeld synet på likestilling mellom kjønna, homofili og religion, er høgresida sjølv splitta, men kan einast om innvandring og nasjonalisme, eksplosive felt der store folkegrupper kan samlast mot ein globalistisk og antinasjonalistisk overklasse. Det er her Donald Trump har snubla inn til dekt bord.

 

Steve Bannon og antiglobalistane
Bak Donald Trump, som på mange vis er ein usannsynleg og upassande leiar for ein konservativ kulturrevolusjon, finn ein Steve Bannon, kampanjeleiaren hans. Bannon (63) er utdanna i økonomi og nasjonal tryggleik med to mastergradar, den eine frå Harvard. Han er marineoffiser, har bak seg ein vellukka karriere i Goldman Sachs frå nittiåra, har vore aktiv i filmbransjen og står bak dokumentaren Clinton Cash om Clinton Foundation.

I 2015 vart han ranka som ein av dei 25 mediepersonane i USA med mest politisk innverknad. Bloomberg Businessweek kalla han «den farlegaste politiske agenten i Amerika», sjefen for ein ny høgreorientert «samansverjing» retta mot leiinga av begge dei to store partia. Bannon, skreiv magasinet, har som mål å knekkja både Bush- og Clinton-dynastia. På vegen til å oppnå dette ligg opprettinga av eit nytt mediekonsern til høgre for Fox News, eller som Bannon sjølv ville ha sagt, i opposisjon til den nye overklassa som er samansett av både høgre og venstre. Undervegs var han med på å starta Breitbart News Network, som i april var mellom dei tusen mest populære nettsidene på heile internettet, og mellom dei to hundre best besøkte i USA. Breitbart trekk no til seg atten millionar lesarar kvar månad, og har 2.3 millionar fylgjarar på Facebook.

Breitbart var eit viktig talerøyr for Tea Party-rørsla, og er i dag eit reint kampanjeorgan for Trump. Her vert den republikanske leiarskapen med Paul Ryan i spissen angripen like kraftig som Clinton. Bannon vil med Trump som stråmann ta over det republikanske partiet og gjera det til reiskap for sine eigne idear, eller om dette ikkje lukkast, riva det i sund.

Ei kjelde som skal stå Bannon og Trump-kampanjen nær, seier til Washington-avisa The Hill at det som driv Bannon, er overtydinga om at den politiske klassa arbeider saman med internasjonal storkapital for å øydeleggja nasjonalstatane og oppretta ei verdsregjering. Den amerikanske regjeringa, saman med den republikanske opposisjonen og resten av den etablerte makta, har svike det amerikanske folket.

 

Trump som Bannons trompet
Høyrer ein på Trumps talar etter at Bannon tok over kampanjeleiinga, og særleg den frå Panama City Beach 13. oktober, finn ein dette verdsbiletet lagt fram i større klårtekst og av Trump sjølv, fletta inn i avsnitt med tommare retorikk. USA vert skildra som kontrollert av ei lita gruppe korrupte globalistar som misbrukar demokratiske ordningar for å tena sine eigne interesser. Det kriminelle Clinton-paret er med i ein internasjonal bande som vil øydeleggja alle nasjonar med grenselaus immigrasjon, og skipa ein global regjering på ruinane. Senteret for denne globale makta ligg i USA, og når Trump-kampanjen vinn fram, vert sivilisasjonens fiender nedkjempa, seier han: «Dette er rekneskapens time for oss som samfunn og sivilisasjon.»

Fylgjer ein dette ideologiske sporet vidare, kjem ein til den verdikonservative Pat Buchanan, som i 1992 og 1996 nesten vart republikansk presidentkandidat. Buchanan er utanrikspolitisk isolasjonist, mykje som Trump, og er til liks med han sterk motstandar av dei nykonservative liberalistane i toppleiinga til det republikanske partiet.

I eit blogginnlegg der han støttar Trump , skriv Buchanan at dei amerikanske elitane vil «rigga til systemet gjennom masseinnvandring og mammutvelferd slik at den vanlege amerikanar aldri meir vert i stand til å velje ein av sine eigne».

Frå Buchanan kan ein gå til dei yngre neoreaksjonære der grunnleggjaren er ein bloggar med forfattarnamnet Mencius Moldbug (Curtis Yarvin). Han skreiv frå 2007 essays som inspirerte ein heil rekkje politiske skribentar, skriv Dylan Matthews i Vox 18. april 2016. Dei nyreaksjonære er antidemokratar og ideologiske rasistar som ligg utanfor Trumps verd, men Moldbug har eit syn på samfunnseliten som fell saman med Trumps.
Det er Moldbug som er opphavsmannen til omgrepet «katedralen»: «Eit kompleks av Ivy Leage-universitet, New York Times og andre elitemedium, Hollywood og andre institusjonar som formar den offentlege meininga slik at opposisjonelle røyster vert tagde ihel», skriv Matthews.

 

Ein nasjonalkonservativ revolusjon
Slik kan ein sjå Trump som ein oppblåsen gallionsfigur for meir intellektuelle og radikale understraumar i det amerikanske samfunnet. Men der Trump-kampanjen enno står, er den i mange saker nær europeiske nasjonalkonservative partier som det franske Front National eller det tyske Alternative für Deutschland. Det tyder at USA kan få ein nasjonalkonservativ regjering i 2017, eller i alle fall eit nasjonalkonservativt veljargrunnlag på rundt 40 prosent.

Trump kan i ei viss meining ikkje tape dette valet. Ingen, kanskje ikkje ein gong han sjølve, hadde trudd at han fyst skulle verta presidentkandidat, og deretter fylgja Clinton til målstreken. Anten vinn han, trass i meiningsmålingane, og vert president, eller han går vidare saman med Bannon og byggjer opp eit nytt mediemonstrum, som då i 2020 vil utfordra den liberale «katedralen» og kanskje oppnå den nasjonalkonservative revolusjonen i 2020.

 

Dag og Tid 28. oktober 2016.