Main menu:

Kaj Skagens testamente

  

Trond Berg Eriksen: Kaj Skagens testamente. Dag og Tid 13. 09.2019.

   

Ikkje før var vi ferdige med Kaj Skagens omfangsrike noregshistorie, Norge, vårt Norge (2018), så legg han ein omfattande og detaljert sjølvbiografi på bordet. Tidlegare har Skagen biografert antroposofen og mystikaren Rudolf Steiner og halde rekneskap over sitt eige liv med ei rekkje refleksjonar og meditasjonar. 

  

Poeten, essayisten og biografen Skagen er vorten ei røyst som gjer ein nyfiken, med tydelege innvendingar og åtak. Kva har han funne på denne gongen? Han kan ikkje rekna med applaus for alle innfall og utfall, for irritasjonane er ein del av programmet hans.

   

Han ristar gjerne av seg både tilhengjarar og beundrarar undervegs om han kjenner at han har noko viktig å seia. Om ein sluttar seg til røyndomsforståinga hans, er det i beste fall på vilkår, det gjeld også dei som kjenner forfattarskapen godt og grundig. 

   

Skagen har drive systematisk sjølvutforsking og ikkje sjeldan vore like brutal overfor påståtte meiningsfellar som overfor ideologiske motstandarar. Norge, vårt Norge var eit eigenrådig portrett av den nasjonale arven. Skagen illustrerer det gamle nietzscheanske imperativet om «utidssvarenhet». 

   

Å gå på tvers av yndlingstankar i samtida har vorte ein sport hjå Skagen. Det viktigaste er å gje røyst til meiningar som er vortne umogelege å hevda. Skagen er ein talefør essayist som utnyttar og nyttar ytringsfridomen aktivt og aggressivt. 

   

Det er ikkje alltid han kjem ned på føtene. Men ikkje sjeldan gjer han seg så tvilsam med vedkjenningane sine at sjølv tonedøve lesarar må skjøna at den forvirringa han målber, faktisk er vilja og planlagd. Den forseglede ordregjer fyrst nytte for seg som ei samling sokratiske kvepsestikk.

      

   

ARVEGODS

Portrettet av faren, kunstmålar og lærar, er eit gjennomgangstema i sjølvbiografien. Den originale, uføreseielege og omflakkande skulemeisteren spelar ei nøkkelrolle i Skagens freistnad på å forklara korleis livet vart som det vart. Kverulantrolla, skjønar vi, var delvis arvegods. 

   

Det at Skagen voks opp som lærarbarn utan å vera heime nokon stad, vert av forfattaren sjølv skjøna som ein nøkkel til rotløysa hans og det å vera budd på oppbrot. Men vegen frå bedehuset til hippietilværet rommar òg ei noregshistorie frå dei siste 50 åra. Skagen har vore svak for det alternative på alle vis.

   

På vegen frå Kragerø til Ulriken vart helvetestrua, jomfrufødselen, oppstoda og arvesynda brått ein dag utilgjengeleg mark for den søkjande ungdomen. Poul Madsen hadde gjeve form til Skagens episodiske kristendom. Den moralske kompromissløysa var alltid det som tente begeistringa hans. Det religiøse terrorregimet, som han seinare kallar bedehuset, hadde utspela rolla si.

   

Brått slo han døra att. Dei uklare grensene mellom tru og opprør gjer det vanskeleg å vita om vi les ei bok eller eit liv. Men mange spor førte den kvilelaust nyomvende vidare under andre faner. Sjølv seier han: «Jeg lette etter et lys som aldri ville slukne.» «Alt som ikke glødet av et umiddelbart, indre, lidenskapelig liv, var løgn.»

   

Det som byrja ved Neslandsvatn, og ei illustrert utgåve av Kama Sutra, heldt vidare fram til Forsøksgymnasets politiske univers og seinare til Steiners fang. I ein overgang var Skagen tiltrekt av Stalin og Maos lille røde. Brått vart det slutt – slik som med kristendomen. Alkoholen og Buddha fortrengde Lenin. «Psykedelisk-okkult anarkisme» kallar han sjølv det som vart ein viktig stasjon på vegen. 

   

Vi møter Bob Dylan og Leonard Cohen pluss ein parade av kjærastar som danna mellombelse opphaldsstader. Anarkisten nyttar tidvis temmeleg mykje sprit og det som verre er. Om det er sant, alt han skriv, må vi rose fysikken hans. At han er uthalden og har evne til fornying, bergar han frå den eine duellen etter den andre.

   

Om dei politisk radikale skriv han som avskilshelsing: «De representerte en gang fremskrittet, de nye og uredde tanker. Idag representerer de dogmatisme og etterplapring, motetenkning og masseadferd», heiter det i den særs viktige boka Bazarovs barn (1983). Nye vener, nye fiendar.

   

KONSEKVENT RØYST

Skagen skreiv solide bokmeldingar i Arbeiderbladet i ei årrekkje. Dei var i ein stil for seg. Her kunne han vera både sakleg og sakkunnig. Den lange kjærleikshistoria med antroposofien byrja med Jens Bjørneboe som førebilete og rettleiar. Det fiktive tablået bar òg preg av Hesses roman om Steppeulven.

   

Skagen las og skreiv motkulturelle bøker i utkanten av samfunnet, som han kallar det. Han vart aldri ein utbrend hippie. Langt ifrå. Det har alltid vore lite system i tenkinga hans, men likevel har han, når vi no skal summera opp, vore ei samanhengande og konsekvent røyst. Den romantiske føresetnaden var gjeven med draumen om sanningsmartyren. Og dessutan skrekkvisjonen: «Mitt liv var på vei inn i den grå borgerligheten som er alle tings død.»

   

Den forseglede ordre gjer Skagens val av filosofiske og ideologiske preferansar langt meir forståeleg enn han har makta tidlegare. I ein viss forstand har alle bøkene hans vore sjølvbiografiske, fordi forfattaren hentar materien frå eigen tvil og tru. 

   

Grenselina mellom dei faktiske røynslene og fridomen til diktverket har alltid vore utydeleg hjå Skagen. Han er sjølvsagt òg ein diktar når han skriv om seg sjølv. Rett nok leverer Skagen ein apologi for livet sitt, men han held òg fram det diktariske og polemiske prosjektet sitt.

   

Her er vi nærleiken av det augustinske: «Jeg ble et problem for meg selv.» Det permanente opprøret som Skagen har ynskt og framleis ynskjer seg, er nok langt eldre og langt meir ålmennmenneskeleg enn Friedrich Nietzsches og Rudolf Steiners generasjonar, som i praksis har levert dynamitten til Skagens fyrverkeri endå ein gong. Likevel. Berre det at han har halde ut så lenge, fortener respekt og vørdnad.

   

Skagen har noko felles med Augustin og sjølvoppgjeret hans i Confessiones. Det konsekvente og ustoppelege ved Skagens kulturkritikk held fram med same energi her som i diktverka og noregshistoria. Han ber ikkje om orsaking for noko.

   

TROND BERG ERIKSEN

   

Trond Berg Eriksen er professor i idéhistorie ved Universitetet i Oslo.